in Tynning

Tynning 101: eple

Då eg i vår skreiv innlegga om skjering, såg eg føre meg at eg også kom til å skriva ei liknande, tredelt avhandling om tynning. Men for å vera ærleg – det er ikkje SÅ masse å skriva om temaet. Difor kjem eg til å skriva to innlegg: eit om eple, og eit om plommer.

DSC_0253

(På biletet over ser du kor det brått vart litt vel effektiv tynning då bremsene plutseleg forsvann på traktoren for nokre veker sidan)

Kvifor tynna?

Ååå jammen Jorunn, det følest jo så feil å riva ned alle desse eplene, er ikkje poenget å ha kjempestor avling då?

Hah! You wish. Det er mange grunnar til kvifor ein skal tynna, sjølv om ein berre har eit einaste hobbytre i hagen sin. Her handlar det, i likheit med under skjeringa, om å tvinga treet til å bruka kreftene sine på rett måte. Her er ei liste:

1. For mange eple = for små eple. Treet klarar berre å trekkja opp så og så mykje vatn, det har berre så og så masse næring tilgjengeleg, og berre så og så mykje lauvverk til fotosyntesa. Di fleire eple treet må fordela desse ressursane på, di mindre vert frukta.

2. For mange eple = greiner vil knekkja. På bileta under ser du ein tretopp før og etter tynning. I rest my case.

DSC_0245 DSC_0247

3. For mange eple = for dårleg farge. Raudfargen på eplene vert utvikla i direkte sollys. Viss noko skuggar for det, så forblir det grønt. Farge er viktig reint visuelt, men enno viktigare er det for sødmen i eplet.

4. For mange eple = treet kan havna i vekselbering. Vekselbering er eit fenomen der eit tre har kjempestor avling eitt år, og nesten ingen avling året etter, og slik fortset det annankvart år om einannan. Det gjev såklart ustabil inntekt, og det likar me jo ikkje. På biletet under ser du eit tre som hadde for stor avling i fjor. Resultat: ikkje eit einaste eple i år.

DSC_0222

5. For mange eple = nokon vil detta av. Sjå føre deg ein klase med fem eple. Det går fint heilt fram til eplene vert så store at det vert trangt om plassen. Dei kan få trykkskadar, ujamn farge, og nokon vil ganske enkelt løsne og dette av fordi dei andre eplene trykkjer mot dei. Og det er ingen garanti for at det er dei beste eplene som får henge att. Betre å tynne, då, og velje sjølv kva for nokre som skal vekk.

DSC_0234

Kor mykje skal ein tynna?

Den offisielle regelen i det intensive systemet for kjernefruktproduksjon seier at det skal vera 0,8 – 1 eple per cm trerekkje. Det betyr at om du har ei ti meter lang trerekkje så skal det vera 1000-1200 eple. Men med mindre du har lyst å gå rundt og telja all eplekarten din, så kan du heller bruka den uoffisielle regelen som seier at det skal vera ca 15 cm mellom kvart eple på treet. Det vil seie, 15 cm frå stilk til stilk. Sånn ca.

Korleis tynna?

Det er to måtar å tynna på: kjemisk, og for hand. I det intensive systemet er det lagt stor vekt på kjemisk tynning allereie på blomestadiet, fordi det er på dette stadiet at tynning vil ha noko å seie for neste års avling. Men sidan eg ikkje har lært om kjemisk tynning enno, kjem eg i år kun til å ta føre meg handtynning.

Ein kan tynne med fingrane, eller bruka ei saks, til dømes ei slik ei:

DSC_0216

Saksa er lettast å bruka på sortar med lang stilk, slik som Summerred. På sortar med kortare stilk, til dømes Discovery, er det lettare å tynna med fingrane.

1. Sjå først på heile treet. Er treet svakt eller sterkt? Er det svakt, må du tynna kraftigare enn på eit sterkt tre. Med «svakt» meiner eg veksten i treet, at det veks sakte og dårleg. Då må treet få litt energi til å veksa også, ikkje berre til å gro eple. Ellers kan det lett havna i vekselbering. Svakt tre vs sterkt tre:

DSC_0240 DSC_0242

2. Lat toppen av treet vera relativt tom. Det er betre å la treet få drive vegetativ vekst i toppen. I tillegg er det ganske tungvint å hauste eple som heng høgt oppe.

3. På korte skot bør det henga att eitt, maks to eple. Ellers kan skotet knekka når eplene vert større.

DSC_0231

4. Hold handa under karten når du tynner, slik at du fangar opp dei som skal vekk. Om du berre lar karten detta rett ned så kan den treffa eplekart under og laga slagmerker.

DSC_0219DSC_0220

5. Fjern først og fremst karten med dårlegast farge. Dette er viktigare enn kor stor eplekarten er. Med dårleg farge meiner eg at eplet er for grønt (alle våre eplesortar er raude eple).

6. Fjern eplekart med skade/sjukdom. Det kan vera sopp, insektgnag eller skade frå maskiner (slåmaskin, til dømes). Legg også merke til dei siamesiske tvillingane på det eine biletet under. Her har noko rart skjedd i blomen, og sjølv om det ville vore interessant å sjå korleis det hadde sett ut til hausten, så er ikkje dette noko som vil verta godkjent på fruktlageret. Frå venstre: sopp, gnag og samanvokste eple:

DSC_0237 DSC_0236 DSC_0235

NB! Det går også an å få FOR STOR frukt! Difor er det også viktig å ikkje tynna for mykje. Fruktlageret vil ha eple innanfor eit visst spenn i storleik. Alt over og under dette går rett til press, og du får mindre pengar per kilo.

Det er noko merkeleg terapeutisk over eit sopass keisamt og repeterande arbeid som tynning. Det er nesten som å spela tetris – irriterande, men tilfredsstillande samstundes. Sjølv trur eg eplebønder (i alle fall dei eg kjenner) er så tolerante og tålmodige fordi dei får utløp for sin indre sorteringssamfunnstilhengjar gjennom systematisk utrensking av ukurant frukt. Verda ville nok vore ein betre stad om alle var pliktig å driva med litt epletynning i ny og ne.

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment