in Hausting

Tid å hausta inn: plommer

Det er haust! Det er so fagert ute at eg skulle ha skrive eit dikt om det. Men det har jo Olav H. Hauge gjort før meg. Me toler eit Hauge-dikt, gjer me ikkje? Jau, det gjer me! Det er jo snart poesifestival og alt:

Tid å hausta inn

Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar,
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
I kveldingi set eg stigen burt og hengjer
laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar
har alt ei tunn breidsle av nysnø.
Etter eg er lagd, høyrer eg dunk av brislingfiskarane,
dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid
med sterke ljoskastarar og leitar yver fjorden.

DSC_1121

I år er frukta moden minst 2 veker tidlegare enn vanleg. Difor er det kjempetravelt ute i trea no, det er plommer og epler om ein annan, og travlare skal det verta. I skrivande stund er me allereie ferdige med Prinseplene, Opalplommene og Mallardplommene, og held på med Discoveryeple og Victoriaplommer. Så tidleg modning av frukta har visst aldri pappen opplevd før, seier han. Men korleis ser ein eigentleg om frukta er moden?

Når det gjeld plommer, så er fargen og fastheita det ein går etter. Plomma skal vera passe mjuk – slik at den er perfekt til å ete tre dagar etter den vart plukka. For ja, så fort går det faktisk frå plukking til butikk. Plommer er ferskvare som ikkje toler lagring så godt, så det er fort inn, fort ut att.

Men det er fargen eg vil skriva litt om no. Mange trur kanskje det er den raude eller fiolette fargen som avgjer, at di mørkare plomma er, di modnare er ho. Men ikkje alltid! Det er nemlig to typar farge ein ser på når det gjeld modning: botnfarge og dekkfarge. Det er botnfargen som er viktigast. Den skal nemlig vera gul. Er botnfargen grøn, kan dekkfargen vera så raud og fristande den berre vil, plomma er ikkje moden. Ein kan som regel også kjenne at plomma er knallhard. Gul=moden, altså. Her er fram- og baksida på ei moden Victoriaplomme med gul botnfarge og god dekkfarge:

DSC_1127 DSC_1128

Og her er ei som ikkje er moden i det heile teke:

DSC_1129 DSC_1130

Dekkfargen kan ein samanlikne med sminke. Ja, den er fin å sjå på, men seier ikkje nødvendigvis noko om kor moden plomma er. Som då eg var 17 år gamal, hadde sminka meg til det ugjenkjennelege og prøvde å koma inn på Pentagon Discotheque på Voss. All verdas sminke gjorde meg jo ikkje 18 år gamal. Eg kom ikkje inn. Og plommer med grøn botnfarge skal få hengja på treet til dei er myndige.

Tenåringsplomme:

DSC_1131 DSC_1132

På same tid kan plommer vera gule, men utan særleg dekkfarge. Desse smakar godt, men ser ikkje like gode ut som dei med masse dekkfarge. Det visuelle er viktig når frukta skal ut i butikken. Plommer bør altså ha litt meir dekkfarge enn denne:

DSC_1133 DSC_1134

Så til sjølve plukkinga. Plommer skal helst ha stilk, men det er ikkje krise om stilken sit att på greina. Dette skjer ofte dersom plomma er ganske moden. Nokon sortar slepp stilken lettare enn andre, til dømes Opal. Victoria, som er sorten på desse bileta, held godt på stilken sin. Ofte kan plommene henge temmeleg godt fast, då er det lettast å få dei laus ved å brekke av stilken med fingeren i motsett retning av slik plomma heng:

DSC_1103 DSC_1104 DSC_1105

Når henteposen på magen er full av plommer, tømer me dei i slike grøne kassar:

DSC_1112

Så køyrer pappen dei ned på kjølelageret på kaien, der fruktlagerbilen seinare kjem og hentar dei . Den køyrer til fruktlageret med plommene, der dei vert vaska og sorterte. Klasse 1 havnar i butikkane, medan ukurante plommer går til foredling – det vil seie syltetøy og denslags.

Og du verda, så godt syltetøy det er.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment