in Poding

Så ditt eige epletre – eller ikkje, whatever.

Her om dagen svevde denne vesle saka rundt i Facebook-straumen min:

Learn How You Can Grow Your Own Apple Trees From Seeds

Om du klikkar på teksten over så kjem du til ei side der det blant anna står: «How would you like to grow your very own apple tree and have fresh apples whenever you want to?»

Jah. Ehem.

DSC_1691

Ikkje akkurat frøformeirte epletre.

 

Jodå, du kan endeleg få deg eit epletre ved å så eit eplefrø. Det er eit par grunnar til kvifor dette er ein god idé, og ganske mange grunnar til at det er ein veldig dårleg ein.

Kvifor det er ein dårleg idé:

1. Du skal ha veldig, veldig god tid. Eit frukttre som er dyrka fram frå eit frø må nemlig gjennom noko som kallast juvenilfasen. Tenk på det som om treet må vera tenåring ei stund. Treet kjem ikkje til å produsera eit einaste eple før det er ferdig med denne fasen. Det kan ta 8-12 år.

2. Du får ikkje same sort som eplet du henta frøet frå. Akkurat på same måte som du ikkje er ein klone av mor di. Far din har nemlig også vore inne i biletet her. Frøa i eit eple er ei tilfeldig blanding av arvemateriale frå mortreet og støvtreet.

3. Eple du kjøper i butikken er ofte hausta litt før det eigentleg er modent. Særleg gjeld det utanlandske eple. Dermed er ikkje frøa modne heller, og då vert spireprosenten temmeleg låg. Sjå etter brune frø, dei er modne. Lyse frø er ikkje.

Kvifor det er ein god idé:

1. Det er slik nye eplesortar vert til. I planteskular og forsøksgardar nedover i Europa vert det heile tida dyrka fram nye sortar. Då sår ein frøa og håpar på det beste, for resultatet ser ein altså ikkje før om ein ti års tid. Dersom du sår eit eplefrø kan det jo faktisk henda at du får ein vellukka sort av det. (Nye sortar kan også koma frå mutasjonar, men det er ei heilt anna historie)

2. Det er jo litt stas å ha sådd sitt eige epletre, då. Sånn for meistringskjensla sin del. Og så kan du jo alltids bruka treet du får som grunnstamme for eit godt, gamaldags epletre av den digre sorten (noko originalartikkelen fortel, om enn i veldig forenkla ordelag).

DSC_1643

Ikkje akkurat frøformeirte eple.

Følg med om nokre dagar, då skal eg blogga så det susar om poding, vegetativ og generativ formeiring, grunnstammar, podekvist, voks, strikk og teip. Peace out.

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment

  1. Forvilla apal har også den pussige egenskapen at den går fra gommekrøllende surhet til hvepsefylt råttenskap uten noen sinne å ha vært etandes.

    • Ja, lurar på kvifor ikkje artikkelforfattaren ikkje berre skreiv «men seriøst, det er lettare å berre kjøpa eit fiks ferdig epletre frå ein planteskule lzm».

  2. bror min og eg planta epletre for ca. 20 år sidan. treet hans stod tilfeldigvis der me laga hopp i akebakken, så det vara ikkje lenge, medan mitt fekk eple då eg hadde gløymt at det fanst. hadde ein plan om å poda inn ei grein med noko som kunne etast, men så leid det brått ein tung lagnad i staden sidan ein eller annan idiot (truleg Ida 8 – 12 år) hadde knytt opp ei grein med ein koparhaldig streng.