in Politikk

Eg dyppar tåa i politikken

1. mai tok eg turen til Ulvik, der ei venninne av meg ynskte velkomen til frukost i Skeiesmylna med tilhøyrande føredrag om familiegardsbruk.

DSC_0521

Føredraget vart halde av Siri Helle, skribent i Dag og Tid. Det mest interessante eg lærte var dette:

70% av all maten me et kjem frå små gardsbruk.

Kun 20% kjem frå store gardsbedrifter.

Resten – 10% – kjem frå byane; parsellhagar, balkongkassar, tak og kjøkenhagar.

DSC_0511

Som du ser så er eg ein fabelaktig fotograf. Sorry, Siri.

Det er med andre ord ein ganske enorm snuoperasjon som skal til dersom storparten av maten vår skal koma frå digre bruk slik Sylvi Listhaug ser ut til å leggja opp til i sitt forslag til årets landbruksoppgjer. Særleg sidan ho samstundes synst at det skal dyrkast mat overalt i landet vårt. Små bruk bidreg nemlig ikkje berre med brorparten av sjølvforsyninga av mat, dei held også landskapet i hevd og opprettheld det biologiske mangfaldet og ja, det biologiske mangfaldet er viktig.

Siri Helle trakk parallellar til Austerrike, der dei konservative politikarane gjer stikk motsett av det Sylvi føreslår: dei gjev mest stønad og subsidier til dei som har dei mest tungdrivne gardane. Altså, dei som klamrar seg fast i dei bratte fjellsidene i Alpane. Desse bøndene gjer meir enn å halda Austerrike sjølvforsynte med mjølkeprodukt – dei pleier også skogen rundt, som igjen hindrar jorda i fjellsidene frå å rasa ned. Bøndene vert også oppfordra til å ha bisyslar – mange av dei er til dømes skiinstruktørar vinterstid, eller jobbar i helsesektoren, innan butikk, turisme eller handverk – for å nevna noko. Og dei konservative politikarane i Austerrike er klare på kva kostnaden med dette er:

-Når eg kjøper austerriksk mat og drikke, veit eg kva eg et og kva eg drikk. Eg veit óg kva eg må gjere for at det skal overleve slik at eg kan halde fram med å handle: Eg må betale prisen.

Hermann Schultes, landbrukspolitikar i ÖVP

Sitatet over er henta frå Siri Helle sin artikkel om den austerrikske matproduksjonen i Dag og Tid, fredag 2. mai 2014.

Det nest mest interessante eg lærte av føredraget var:

Me har ikkje nok såkorn i Noreg til å så alt jordarealet vårt sjølv.

Me er tvungne til å importera såkorn kvart år. Som Siri så fint sa det – eg tvilar på at bøndene for hundre år sidan var så desperate at dei åt opp såkornet sitt. Det er ein bra ting for eit land å vera sjølvforsynt med mat. Det er kanskje dystopisk å tenkja slik, men kva om Noreg brått vart avskore frå omverda? Kva om økonomien gjekk på snørra, og importert mat plutseleg vart kjempedyr? Me må slutta å tru at me skal ha billegare og billegare mat. Me bruker kun 10% av inntekta vår på mat i dag, mot rundt 40% i etterkrigstida. Skal me ha mat av kvalitet, som me er sikre på kor kjem frå, så må me gjera som dei austerrikske politikarane, nemlig godta at dette har ein pris.

Billegare mat krev enten at ein gjev mindre og mindre pengar til den som produserer maten, eller at ein effektiviserer jordbruket i langt større grad. Sistnevnte er kun mogleg inntil eit visst punkt, fordi let’s face it, det er naturen me leflar med her. Lat oss ta eit eksempel frå fruktindustrien: For å laga eit epletre, må ein først ha ein grunnstamme. Det går gjerne eit par år frå du har bestilt grunnstammane til du får dei levert, fordi det tek tid å produsera dei. Så poder ein på ein kvist frå den eplesorten ein ynskjer, og så må treet veksa. Så tek det kanskje tre år til før treet er såpass stort at du faktisk kan hausta eple frå det.

Det går ikkje an å framskunda denne prosessen. Det går ikkje alltid an å effektivisera jordbruket meir.

Orda «bærekraftig» og «vekst» går gjerne att i same setningar hjå politikarane, men i røynda er dei ofte motsetnader. Retorikk og praksis er to vidt forskjellige ting.

Etter føredraget fekk me lov å hiva oss over eit bugnande matbord med mange lokale rettar. Me kosa oss i sola, prata om ølbrygging og frukt, og babyen min velta ein kaffikopp over alle kopiane av Millom Bakkar og Berg.

DSC_0516DSC_0515DSC_0517

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin dag.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment