in Sjukdom og skade

Plommepung

Screenshot_2014-06-10-22-22-34

Tekstmeldingane over er frå i dag tidleg. Til forklaring snakkar pappen her altså om ein sjukdom med eit særs underhaldande namn, nemleg plommepung.

(Fnis)

DSC_0958Plommepung (tihi) er ein sjukdom på plommetre som vert forårsaka av soppen Taphrina pruni. I fylgje pappen angrip soppen på blømingsstadiet, og viser seg så ved at angripne frukter vert store, bleike og skeive. «Bananer», altså. Sjølv om eg synst dei ser litt meir ut som cashewnøtter.

I år er det ekstremt mykje plommepung (knis), ikkje berre hjå oss, men hjå naboane også, etter det eg har skjønt. Pappen sa han aldri hadde sett noko liknande. Heldigvis er det godt med friske plommekart også, så avlinga vert brukbar likevel.

DSC_0961Plommepung (præhæ) viser seg verst på plommesorten Mallard. Sorten er ellers relativt hardfør, men alle sortar har sin akilleshæl, og dette er Mallard sin. Når sjukdomen først har oppstått, er det ikkje anna å gjere enn å plukke det vekk for hand. Kjip jobb, men ikkje verre enn vanleg tynning. Betre, faktisk. For der vanleg plommetynning frå barndomen av har inkludert to storebrør som pælmar plommekart i hovudet på meg, har plommepung (knegg) ein uventa fordel, nemleg lyden:

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment

  1. Hei :) kunne du kanskje laga eit innlegg om tynning av epler? Vi skal pakte ca 7 dekar med eple og plommetre. Å når ein ikkje kan noko om dette,føle en seg litt lost til tider :/ veit du forresten om nokon oppdaterte bøker om fruktdyrking? Ha ein super dag vidare :)

    • Hei! Ja, eg har planlagt eit innlegg om tynning. Me har akkurat byrja, så det kjem litt etter kvart! Eg må blant anna ha opphaldsvær for å ta ålreite bilete! :)
      Når det gjeld bøker så har eg ikkje heilt oversikt enno. Eg fekk brev i dag om at eg har kome inn på Hjeltnes (gartnarutdanning på deltid) til hausten, så reknar med me vil ha nye bøker i pensum, pluss at eg kan kikka litt rundt på biblioteket der, så seinare kan eg kanskje koma med nokre anbefalingar. Etter det eg har forstått har det ikkje kome ut noko særleg nytt på bokfronten sidan 1995, og den nyaste informasjonen som finst no er i form av kursmateriale og denslags, laga for deltakarar på blant anna kurs i intensiv kjernefruktproduksjon. Eg er så heldig at pappa har delteke der, og difor har ein perm med ymse A4-ark som eg har bladd itt i. Dei nyaste bøkene eg har skaffa meg sjølv er to bøker i serien «Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk», som eg skaffa meg med tanke på å prøva ut økologisk dyrking i framtida. Desse er utgivne av Bioforsk, og kan tingast ved å senda dei ein epost. Dei rettar seg jo spesifikt mot økologisk drift, men det står ein del om sjukdom og skadedyr blant anna. Det kan godt henda det finst utanlandsk litteratur, då ville eg kanskje byrja å leite etter noko skrive i Nederland, då den intensive produksjonsmetoden er utvikla der.