Om meg

Heisann, eg heiter Jorunn Hanto-Haugse og bur på ein fruktgard i Hardanger. Eg er teikneserieskapar og blivande fruktbonde med mann, born, bikkje og heile pakka.

10156162_10153982117420008_811842374_n

Som serieteiknar er eg mest kjend for seriane Reveland, Reform 94/Personalrommet og Skulen, og som fast serieleverandør til gatebladet Megafon. I tillegg har eg laga fleire seriar for Überpress, er innkjøpt av Nynorsksenteret, Fagbokforlaget og Hardangerrådet, og har hatt gjesteseriar i ein bråte aviser og blader. Seriane mine dukkar stadig opp på overraskande plassar. Eg har også gjort illustrasjonsarbeid for mellom anna NDLA, Utdanningsdirektoratet, Aschehoug og NAV. Du kan sjå eit utval av seriane mine på Facebook-sida mi.

Som fruktbonde er eg mest kjend for Gravenstein, Aroma, Discovery, Summerred, Raud Prins, Opal, Mallard og Victoria. I tillegg administrerer eg Facebooksida til Hardanger Fjordfrukt, der eg lagar og legg ut alt innhald, samt modererer og svarar på spørsmål.

(Ps: Øverst til venstre, under eplet, er det linkar til kor du kan du finna meg på Facebook, Instagram og Twitter.)

(Pps: Eg er introvert og likar ikkje å snakka i telefonen. Meir om introvertisme og telefoni her, her og her. Viss du vil kontakta meg er det best om du sender meg ein epost, eller gjev meg ein lyd på Facebook.)

615125_10153979973695008_1117293718_o

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment