in Utombygds

Og no: kultur

Eg lova eigentleg eit innlegg om gjødsling denne veka, men det får venta, for eg har nemlig vore kulturell.

IMG_20140411_074936

Det var 46 sekund att og me skulle ha skrudd av telefonen, men i staden sat me og tok bilete og la ut på Instagram.

Torsdag kveld sette eg meg ned i ein stol i KP12 ved Bergen Kino, der dei skulle visa eit knippe nye, norske filmar for eit over middels filminteressert publikum. Den første av desse filmane heiter Kvotar, Kapital og Kjærleik, og er regissert av mi beste venninne, Jorunn Børve Eriksen, og hennar kompanjong Hanne Steien.

Filmen er i utgangspunktet laga for å vera ein permanent installasjon ved Norges Fiskerimuseum i Bergen, og med seg på laget har dei hatt produksjonsselskapet Sjau. Det heile vil ta form som eit kaffislabberas mellom tre fiskarar frå Bulandet, og kvar fiskar vil verte projisert på kvar sin vegg i eit dedikert rom. Tilskodaren vil sjå filmen frå den fjerde veggen, og såleis vera ein observatør/stille deltakar i samtala. Berre tanken på kor mykje jobb det har vore med å planleggja kor fiskarane skulle sjå for at blikkretningane skulle stemma ved projisering gjer meg litt svimmel. Dei tre fiskarane vart også filma ein og ein over fleire dagar, men dei har likevel klart å få det heile til å flyta saman som ei naturleg samtale. Eg er mektig imponert!

IMG_20140411_181947

Ingolfen.

Samtala, som varar i 15 minutt (det er også lengda på filmen) er tematisk inndelt i kapittel som spenner over alt frå korleis fiskaryrket var i gamle dagar, samhaldet ombord, familien heime på land og korleis det ser ut for den yngre generasjonen. Det er dystre utsikter, og det er, som Hanne sa etterpå, vanskeleg å ikkje lesa filmen som eit politisk talerøyr for fiskarane. Dette vil eg tru gjer filmen endå meir genuin, i og med at kystpolitikk er noko Bulendingane er opptekne av og diskuterer ofte. Eg anbefalar alle som har moglegheit til å ta turen til Fiskerimuseet når filmen er ferdiginstallert.

Etter framsyninga var det samtale med filmskaperne, leia av moderator Kalle Løchen. Sjølv om intervjuteknikken hans ikkje fall heilt i smak hjå publikum, gjorde Jorunn og Hanne ein god jobb i å halda seg til saka. Ein meir audmjuk intervjuar ville kanskje fått meir ut av den korte tida som var sett av.

DSC_0276

Jorunn Børve Eriksen til høgre, Hanne Steien i midten, og løken – sorry, Løchen til venstre. (Eg og kan hersketeknikkar)

Etterpå gjekk eg saman med nokre andre vener til ein pub der den svenske bardama klarte å selja oss flerfoldige glas vin kvar. På slutten av kvelden hadde me genierklært kvarandre, løyst samtlige verdsproblem og lova einannan evig venskap.

DSC_0277

Problem solved!

Eg burde verkeleg koma meg ut av bygda oftare.

 

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment