in Utombygds

Ein nybyrjar kryssar fjorden

Sidan eg er ein n00b i fruktbransjen, tok eg med meg mann og barn på ferja over fjorden ein dag i mars og besøkte fruktlageret.

IMGP0800_crop

Kanskje ikkje verdas vakraste bygg.

Fruktlageret me her på garden leverer til heiter Hardanger Fjordfrukt, og er i fylgje nettstaden deira Noregs største fruktpakkeri. Fruktlageret er eigd av medlemene, og det er noko sånt som 200 medlemer i dag, deriblant far min (og snart meg!). Far min var faktisk med i styret då dei skulle byggja dette fruktlageret, så eg følte meg fullstendig berettiga til å strena rundt der som om eg eigde staden (og det gjer eg jo snart. I alle fall ein tohundredel).

Fruktlageret hentar frukta hjå produsenten (altså, meg), køyrer den inn til vasking og sortering, pakkar frukta og sender den vidare til distributør (Tine, Bama osv). I tillegg forhandlar fruktlageret gjødsel, sprøytemiddel og diverse arbeidsutstyr. Inngangspartiet deira kunne minna om ein pitteliten Felleskjøpet.

IMGP0788

Power to the point!

Etter å ha helst på dei tilsette (eg mistenkjer at det var stille der den dagen, sidan alle hadde tid å vera med i velkomstkomiteen), tok dagleg leiar Leif Øie oss opp til møtesalen og trakterte oss med kaffi, kjeks og powerpointframsyning.

Det er generelt stor optimisme rundt norsk fruktproduksjon om dagen, fordi det vert ete enormt mykje meir frukt i Noreg enn det vert produsert. Det betyr at me importerer masse for å dekkja etterspørselen – ergo er marknaden meir enn stor nok til at ein no jobbar mot å dobla fruktproduksjonen i Hardanger. Fruktlageret har investert i kjølelager og teknologi for å lagra eple og pærer over lengre periodar, slik at den norske fruktsesongen kan strekkjast heilt over mot våren året etter hausting (plommer og moreller let seg ikkje lagra så lenge, så det gjeld ikkje for dei). Eg skal ikkje kjeda deg ihel med korleis alt dette fungerer, men nokre stikkord er celleanding, lågt oksygennivå og låg temperatur. Frukta ligg med andre ord og «søv». Trust me. Det funker.

Då powerpointframsyninga var over og babyen min var tilstrekkjeleg innklint i kjeks med krem, gjekk me ut for å sjå på dei ulike hallane på fruktlageret:

Plomme- og morellepakkeriet

IMGP0791

Eg overrumplar Leif Øie ved å ta bilete av han.

På biletet over ser du to plattformar, det står ei pappøskje på den eine. Her står arbeidarane i høgsesongen og sorterer plommene og morellene der dei kjem duppande forbi i vatnbad. Etterpå forsvinn frukta inn i ein fancypants fotoboks der eit kamera er programmert til å registrera ukurant vare, som useremonielt vert spytta ut.

IMGP0792

Eg anar ikkje kva denne maskina gjer, men den ser veldig imponerande ut.

Plommer og moreller vert etter det eg forstår henta hjå produsent, vaska, sortert, pakka og vidaresendt til butikk i løpet av eit par dagar. Dei norske plommene og morellene du finn i butikken om hausten er med andre ord temmeleg fersk vare! Eg er jo så bortskjemt med fersk frukt om hausten at eg synst eit eple som vart plukka dagen før er «gamalt», men det er no berre meg.

Eple- og pærepakkeriet

IMGP0793

Er det no eg ska skryta av at eg har trucksertifikat?

På biletet over ser du nokre av storkassane til han Per, han bur ute langs vegen her. Desse kassane er til eple (og pærer), det finst også tilsvarande som er laga i gråblå plast. Ein gong då eg var lita sat eg i ein slik kasse heilt til pappa hadde henta så masse eple at eg var nesten begravd. Har ein ikkje IKEA sin ballbinge i nærleiken, får ein bruka det ein har.

Storkassane med eple (og pærer) vert senka ned i den grå metallkassen du ser borterst mot veggen på biletet over, og så duppar dei avgarde gjennom holet i veggen akkurat som plommene og morellene. På denne måten vert frukta både vaska OG transportert langs rullebandet på ein skånsom måte. Dette var nytt for meg, sidan det har hengt ein plakat i kjellaren sidan tidleg nittital som viser eit samleband der hender i kvite silkehanskar tafsar varsomt på delikate, raude eple. Eg trudde altså lenge at det var slik det føregjekk på fruktlageret. Men vatnbad er vel greit nok det og.

IMGP0795

Fleire funky maskiner eg ikkje anar kva gjer. Eg ser ei boskorg der, då. Den veit eg kva er til.

I eple- og pærepakkeriet kan dei pakka frukta i til dømes sekspakningar, kiloposar og kassar. Sekspakningar er up-and-coming, og nytt av året er åttepakningen. Forhåpentlegvis vert alle åtte ete opp før dei ser slik ut:

IMGP0796

Box fresh

Det var ei interessant omvisning, og langt meir lærerikt enn eg trudde det skulle vera. Og for å understrekja kor små forhold det er her i Hardanger så kan eg fortelja at dagleg leiar Leif er ein tidlegare kollega av mannen min, og at eg sjølv har vore i New York ilag med resepsjonsdama. Verda er lita.

Du bør forresten ta ein kikk på omtala av dei tilsette ved fruktlageret. Eg lo.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment