in Bygda

Me lyt halda saman

Så brann det nok ein gong, og ein mann er arrestert. Bygda pustar ut og senker skuldrene littegranne. Og brannbilane og politibilane er erstatta av slike bilar:

10724837_315356435314275_1433330411_n

Denne gongen brann det i sauefjøset til ein god nabo, den same familien som var råka av dei to førre brannane i år. Jepp. Sauefjøset. Midt inne blant sauene, i høyet som dei skulle ete. Der brann det, rundt klokka fire på natta. No tok det riktignok ikkje lang tid før brannalarmen gjekk og gardsfolket kom springande til, så ingen sauar vart skadde. Men som eg skreiv sist – slikt gjer ein berre ikkje.

Dei observerte ein person – ein lokal mann – og fekk stansa han, og politiet kom raskt til staden og arresterte han. I dag vart siktinga utvida til å også inkludera dei to forrige brannane. Mannen nektar straffeskuld.

Mange lurar vel på om eg veit kven det er, og om bygdefolket mistenkte denne personen. Eg kan berre seie det slik at det finst vel ikkje eitt einaste scenario me ikkje i plenum har diskutert og analysert opp og i mente over ørten kaffikoppar dei siste dagane. Det var til og med folk eg veit ikkje hadde noko med brannane å gjera som lettare paranoid undra seg om det kunne vera dei sjølve som gjekk i søvne. Me har tråla dei fleste moglegheitene. Og denne moglegheita var ein av dei.

Eg vil berre seie at uansett kva som kjem ut av denne saka så har eg og resten av bygda djup medkjensle for familien til den pågripne. Som min nabo Knut sa til avisa Hordaland etter bråtebrannen i september, «me er ikkje fleire her i bygda enn at me lyt halda saman». Amen.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment