in Bløming

Kollegiatet

Det er endeleg sommar (såvidt), og her i Eple & eventyr er me i full gang med årets vekstsesong. Eg seier «me», for det er såklart ikkje berre eg som jobbar i dette firmaet, haha! Under meg har eg ein fantastisk stab med arbeidsglade kolleger, og eg tenkte det var på tide at de fekk treffa nokre av dei. Men først vil eg kjapt forklara kva det er me held på med om dagen.

De hugsar kanskje at eg har eit nytt felt med Raud Aroma, som vart planta i fjor? Vel, desse søte små trea skal få veksa seg litt større før dei skal byrja å gje avling, så difor må eg klyppa vekk alle blomane. Det er rekordsein bløming i år på grunn av den kalde våren, så i det nye feltet står trea framleis i full blom. Først klypper eg vekk blomane i toppen av trea, slik at toppskotet kan skyta fart (hormoner i blomen, blablabla, stopper lengdeveksten, blablabla). Under ser du før og etter klypping.

DSC_4265 DSC_4266 DSC_4267

Men over til mine undersåttar kollegaer! Eg har som sagt svært mange tilsette, faktisk har eg ikkje tal på kor mange det er. Under ser du bilete av kontoret vårt. Eg har høyrt at mange misliker å jobba i ope landskap, men eg ser strengt teke ikkje problemet.

DSC_4269

Dette er Berit, resepsjonisten. Ho er ei skikkeleg koseleg dame! Ho er kanskje litt treig i vendinga, men ho får jobben gjort, og alle likar henne.

DSC_4262

Petter her er ikkje god å få auge på. Han er webansvarleg og passar på å halde systemet fritt for bugs. Han er dyktig til å trekkja i dei rette trådane, og har eit stort nettverk.

DSC_4319

Jørn og Torleif her er to av dei mest travle tilsette i Eple & eventyr. Dei flaug avgarde så fort at eg nesten ikkje klarte å få teke bilete av dei! Arbeidet deira gjev stort sett svært fruktbare resultat, og eg kan trygt seie at utan dei ville firmaet gått under. Summa summarum, to karar som verkeleg har earned their stripes!

DSC_4306 DSC_4264

Ellers har eg ein gjeng med jålete damer, eller høner, som eg likar å kalla dei, som dukkar opp på dei mest uventa plassar. Dei kjenner lusa på gangen og tek seg raskt av uventa gjester på kontoret. Her er berre nokre få av dei:

DSC_4299 DSC_4323 DSC_4311 DSC_4312 DSC_4318 DSC_4268 DSC_4260 DSC_4308 

I tillegg har eg nokre frilansarar som hjelp til der hønene ikkje rekk over alt. For å vera heilt ærleg så set eg mindre pris på desse enn på dei fast tilsette, dei kan koma med nokre temmeleg syrlege kommentarar og er kranglevorne og vanskelege å ha med å gjere.

DSC_4309 DSC_4304

Til sist har me sjef for vakthald, Mina. Ho er ei skikkeleg tispe og syt og klagar ein del, spesielt over at ho føler seg fastbunden i stillinga. Men ho er i det minste grundig i jobben sin.

DSC_4331

Som de ser er det langt frå einsamt å vere bonde.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment

  1. utruleg flott medarbeidarpresentasjon! me har nokon web-ansvarlege, men dei bidreg særs lite, og jobben deira (dei vart vel eigentleg aldri tilsette, berre hang rundt då me flytte inn) heng i ein tunn tråd. det er dårleg stilt med nettverksbygginga!