in Video

First person eplehenting

Her om dagen fekk eg meg GoPro-kamera. Eg stroppa det fast på meg sjølv og drog ut på jobb, og med litt redigering vart resultatet denne first person shooter epleplukke-videoen. Pappen, mannen min og eg henta Summerred på Halvfjøringen og Ruset, to svært lokale stadnamn (det er ca 35 meter mellom dei) på garden vår. Bli med meg på jobb då vel!

Som du ser har eg også fått meg ny logo. Songen er forøvrig Solar Flares av Silent Partner, som eg fann i YouTube sitt vesle lydbibliotek, heilt gratis og lovleg å bruke. Fortsatt god sundag!

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment

    • Hei, Hilde!
      Ein sånn «sekk» kallast ein hentepose eller laup. Me kjøper dei direkte frå fruktlageret, eg veit faktisk ikkje kor ein kan få tak i dei ellers. Men du kan jo google «Tyrolbox» eller «Hejmul harvesting equipment» og sjå om du finn noko. Ellers planlegg eg eit blogginnlegg om henteposar, så eg kan undersøkja litt eg og!

  1. Takk for hjelpa :) dei såg skikkelig gode å praktiske ut ;) lykke til med vidare hausting,ser de ligg litt framfor oss,her skal vi begynne med summer red til helga :)