in Bygda

Det me ikkje seier høgt

DSC_0885For to og eit halvt år sidan brann det i bygda.

I går brann det igjen.

I huset like ved sida av der det brann sist.

DSC_0892

Der sandhaugane ligg til høgre i biletet, er grunnmurane frå huset som brann 2. joledag 2011. Kun stillaset står att av nybygget som brann i går.

Det bur kanskje femti sjeler på Djønno.

Og alle tenkjer det same.

Men ingen tør å seie det høgt.

DSC_0889

 

 

Ingen tør seie det, for me håpar me tek feil.

 

 

DSC_0882

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment