Eksponeringsterapi

Edderkopp: leddyr med åtte bein, likar å bu i for eksempel eit epletre.

Eplebonde: person som ofte må ut og arbeide i epletrea.

Araknofobi: frykt for edderkoppar.

DSC_4786

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Det var ei mørk og stormfull …

Her om dagen var eg oppe på loftet, og inne i ein krok fann eg noko som eg rett og slett må dela her på bloggen. I løpet av livet har eg hatt ambisjonar om å skriva ganske mange bøker, men stort sett aldri kome lenger enn eit par sider. Og her fann eg rett og slett eit klassisk eksempel på ei slik. Etter handskrifta å døme (og kunnskapen om engelske namn) tipper eg at eg var ca 10-11 år då eg skreiv dette, og eg gjengir det for dykk no, ord for ord. Eg har teke med alle grammatikk- og skrivefeil. Enjoy:

«Adagry McLark» står det på biletet. Det er ho som var den første McLark’en her. No bur det ein ny McLark-familie her. Faren, Scotty McLark, stor og sterk, skjegg og bart. Mora, Lady Mary McLark, lita, søt, mørkt hår. Dei to ungane deira heiter Nicolas og Martha McLark. No hadde det slik at Adagry McLark spøkte her i hust. Og kvar gong nokon overnatta på gjesterommet, så var dei vekke om morgonen. Ei natt var det ein ung mann som ville overnatte der. Han gjekk rett forbi alle advarslane.

Han sa at han skulle skriva på skosålene sine kva som skjedde. Då det vart kveld, sat alle i stova, untatt mannen. Han gjekk og la seg. Plutseleg! Der kom Adagry. Rett ut av biletet hennar! Ho gjekk mot døra til gjesteværelset. Plutseleg hørte dei eit skrik. Eit skrik om hjelp? Alle sprang mot døra. Faren slo opp døra og midt på gulvet sto skoa. Faren tok opp skoa og las. «les då!» sa mora. Og Faren las. «nummer 42!»

«Kvar er han blitt av?» spurte Nicolas. «Eg veit ikkje,» sa faren mørkt. «kan hende spøkelset tok han med seg.» «AAHHH, er her besøk?» var det nokon som sa! Der! Der borte ved døra står ho! «Kom, Kom! Kom her, alle saman!» Alle gleid inn i ei transe og bevega seg mot spøkelset. Spøkelset la ei iskald hand etter tur på kvar av dei. Plutseleg blei det kvitt for dei alle saman. Dei berre datt og datt, og då dei traff bakken, vakna dei or transen.

Men kvar er vi no? Spurte Martha. «Det veit eg heller ikkje,» sa faren. «sjå, det er jo berre spøkelse rundt oss! Og der er den mannen som overnatta hos oss óg,» utbraut Nicolas. «Ja,» sa Martha. «eg ser ein ting til óg eg, nemleg at me og er blitt spøkelse. Adagry McLark har drepe oss. Me kom ikkje til Himmelen, men til Helvete.» «Du har rett,» sa nokon. Denne nokon var Adagry McLark.

«Men kvifor gjorde du dette?» spurde Mora. «Fordi det har kvilt ei forbanning over McLark-familien,» sa ho. «kva slag forbanning?» spurde Martha. «Jo, no skal du høyra,» sa spøkelset.

Slutt.

IMG_20150416_095611

2015, her kjem eg

Godt nyttår!

Jadå, det er 19. januar. Litt seint å ynskja godt nyttår, men skitt au. Eg har eigentleg ingenting å blogga om enno i år, men tenkte eg kunne prata litt om det som kjem. Det vert nok mest om frukt og gard og slikt, så eg får gjera mitt beste for å snika inn litt teikneseriestoff her og der. I alle fall:

Kva skjer på Hjeltnes? Eg går, som de sikkert har fått med deko, på gartnar deltid ved Hjeltnes Gartnarskule i Ulvik. Der samlast me til tre intense dagar per månad, med sjølvstudium heime mellom kvar samling. I år skal me ha eit fag som heiter «prosjekt til fordjuping», og eg har valt temaet poding. Viss du synst sånt er spennande, følg med!

DSC_2868

Ugras

Kva skjer på garden? Det som skal skje no utover våren er at me byrjer med skjering, og så har me (=eg og pappen) bestilt ein haug grunnstammer for å poda nye plomme- og epletre. Kanskje me går heilt kreisi og prøver ut ein NY eplesort. Det er i Hardanger det skjer.

DSC_2756

[set inn poetisk skildring av epletre i vinterskrud her]

Kva skjer med teikneseriane? Eg reknar med å setja i gang med nye Revelandstriper ganske snart. Ellers er det same tralten, Megafon og Norsk Barneblad. Og så har eg ein litt sporadisk dialog med eit lite forlag om kanskje å få til eit album til hausten. Me får sjå.

356_Hvitt og rentKva skjer elles? Tja, om ikkje det eg har nevnt over er nok, så held eg framleis på med Facebooksida til fruktlageret, og så skal eg jobba med ein biletbank, gjera litt illustrasjonsarbeid – og til og med halda eit foredrag. Og så fekk me årskort i Mikkelparken til jul, så eg vert vel å finna der innimellom og. Haha.

DSC_2836

Apropos absolutt ingenting

Medan de ventar spent på første ordentlege blogginnlegg kan de sjå denne kjekke lille videoen om å ta vare på gamle eplesortar. Sjåast!

 

Tis but a scratch

Det var tysdag kveld. Eg var på veg til eit møte i Grendahuset og skulle berre jogga opp i vegen for å sitja på med tanta mi.

Pang, sa det i leggen.

DSC_2314

Dagen etter gjekk halta eg til legen. Det var ein godt vaksen mann med austlandsdialekt som sa ting som «ruptur i høyre mediale triceps», «langt lerret å bleke» og «fire til seks uker». Eg fekk henvisning til fysioterapi, skaffa meg nokre krykker og drog heim for å sitja med foten høgt i eit par dagar. Ruptur i høgre mediale triceps der, altså. Eller som treåringen min likar å kalla det: «vondt i foten».

Etter nokre dagars  kvile fekk eg kjapt time hjå fysioterapeut:

DSC_2344

Der har eg hittil stort sett berre har blitt bestrålt med ultralyd frå denne maskina:

DSC_2335

Og så fekk eg blå teip på leggen som skulle hjelpa mot eit eller anna:

DSC_2336

Eg har teke varme bad for å varma opp muskulaturen slik at eg kan tøya ut leggen, lånt meg ergometersykkel for å kunne trena kontrollert, og tatt på fornuftig bandasje før fysisk aktivitet. Har vore til fysio tre gonger denne veka, og det ser veldig lovande ut. Eg fekk skryt fordi han meinte eg gjekk «nesten normalt». Eg er jammen ein flink pasient.

Og godt er det, for ei dumdristig lita stemme bakerst i hovudet seier «pyttsann, du har vel ikkje skada deg SÅ ille, det er ikkje vondt ein gong! Krykker er for pyser!»

tumblr_m2yxycJtEs1r1zn4oo1_500

Men det irriterande faktum er at eg har rive ein muskel, og det tek 21 dagar å gro, samma søren, så det vert ikkje noko storstilt snekring av kledning på løeveggen eller rotskot-jakt i bratte eplehagar. Eg får vel sitja på kontoret og teikna litt i staden.

Introduksjon

Saks

Hei, eg heiter Jorunn, og eg skal bli fruktbonde i Hardanger. På denne bloggen kan du følgja meg på reisa!

Frå før av er eg teikneserieteiknar og illustratør, og det kan til og med henda du har lest ein av seriane mine ein gong – det er eg som står bak Reveland, Reform 94, Grammatikkmannen og mange fleire. Ta ein kikk under «om meg» i menyen for meir om dette. Der finn du også ein del linkar til ulike stader på internett der du kan lesa seriane mine. Eg skal sjølvsagt blogga om teikneseriegreier her også.

Kanskje du som les er kjend med seriane mine, eller kanskje du kjenner meg personleg, eller kanskje du berre ramla over denne bloggen heilt tilfeldig. Uansett er det sikkert ein del spørsmål som dukkar opp i hovudet ditt, så her skal eg prøva å koma med nokre svar:

1. Fruktbonde? Korleis kom du på den tanken?  Nei, no skal du høyra! Det var ein vårdag i 2013 eg sat inne på mitt mørkebrune syttitalskontor og irriterte meg over at sola reflekterte sånn i dataskjermen. Som serieteiknar og sjølvstendig næringsdrivande sat eg dag ut og dag inn på dette kontoret med deadlinene hakk i hel, og leverte seriar i aust og vest. Denne våren var særleg solrik og vakker i Hardanger, kald og fin og med masse snø. Og eg såg ut på far min som i sitt vanlege sakte tempo traska rundt med saksa og skar i epletrea, og tenkte «forbaska heldiggris». Bevares, det var stas å vera på dagleg trykk i ei riksavis (og med ein nynorsk teikneserie attpåtil!), og for mange serieteiknarar er dette sjølve definisjonen på suksess, men som ein kollega i serieverda sa til meg, «gratulerer, det er nå tegneserier slutter å være gøy!». Ein dag, då mannen min drog meg ut av den mørke syttitalshola og ut i sårt tiltrengt sollys, tok eg ei generalavgjerdsle. Enten så skulle eg satsa 100% på teikneseriane, og enda opp som ein bitter Gollum med hipsterbriller, eller så skulle eg ta med meg hipsterbrillene ut i eplehagen og kasta meg ut i noko stort, skummelt og frykteleg vaksent. Eg valde det siste.

2. Er du odelsjente då, eller? Niks! Med to eldre brør var det ikkje så mange som forventa at eg var den som skulle ta over garden. Det var heller ikkje noko eg sjølv hadde vurdert seriøst før kjærasten min sa til meg ein nyttårsaftan at «eg vil flytta til Djønno med deg». Denne kjærasten har sidan rukke å verta mannen min, og deretter far til mine to born, så han har vore ganske effektiv.

3. Men … skal du slutta heilt med teikneserier? Nei, nei! Du vil framleis finna seriane mine i Megafon, avisa Hordaland og Norsk Barneblad. Ofte ramlar det inn andre oppdrag også, så eg er framleis out there.

4. Aw mah gad, fruktbonde, så sinnsjukt døvt. Kvifor skal eg gidda å lesa bloggen din? Fordi eg skal fresa rundt med smarttelefonen min knipsa selfies (orsak, sjølviar) og få norsk frukt inn på Instagram og Twitter og Facebook og tvinga deg til å skifta meining. Fordi norske eple er dei beste som finst, og eg skal fortelja deg korleis dei blir slik. Fordi du er lei av Dagens Outfit og duckface og førti bilete av den same perfekte sepia-filtrerte cupcaken ved sida av den kunstferdig danderte rosa polkadot-tekoppen. Fordi foredla fruktprodukt (jus, for eksempel) er up-and-coming, og er minst like avhengig av nese og terroir og ekspertsynsing som den finaste Cabernet Sauvignon. Og det er ingen som synst Cabernet Sauvignon er døvt. Er du med?

5. Åkei då. Men kva skal du skriva om, eigentleg? Eg skal skriva om kva eg lærer. Viss pappa snakkar om å skjera utor, så skal eg skriva om å skjera utor. Snakkar han om gjødsling, så skal eg skriva om gjødsling. Snakkar han om den crazy grisefesten han var på i Playa del Ingles i fjor november, så – vel. Kanskje ikkje det. Men eg skal også skriva om teikneseriar, ekskursjonar til Landet Utanfor Bygda, om laust, fast og diverse. I tillegg skal eg ha ein eigen serie som heiter Gullkorn frå Fattern. Han beherskar den ordfattige Hardangerhumoren til fingerspissane, så berre gled deg.

Eg håpar dette var nok til å overtyda deg om å følgja med meg vidare! Eg finst på diverse sosiale media, berre klikk på dei små symbola oppe til venstre, under eplet. Send meg gjerne nokre ord om du lurar på noko, eller vil koma med tips til kva du har lyst å lesa.

Eg er klar. Er du klar?