Forbrukartest: hentepose

Viss du har god hukommelse så hugsar du kanskje at eg var på fruktlageret for nokre veker sidan, og at eg og pappen snuste litt på dei nye henteposane dei hadde fått inn. Vel, guess what!

Henteposar

Sidan me no dermed har eit lite utval henteposar her til gards, tenkte eg at eg rett og slett kunne laga ein forbrukartest. Du veit, for henteposar er jo noko alle treng. Men først: Kva er eigentleg ein hentepose?

Når me seier henting, så meiner me hausting. Eventuelt plukking. Av eple, plommer, moreller, pærer osv. Ein kan sjølvsagt hente frukt i ei bøtte, det var det alle gjorde i gamle dagar. Men sånn cirka på sekstitalet dukka henteposane opp på marknaden, og det gjorde hentinga mykje lettare. Henteposen er ein slags blanding av pose og bøtte, og du heng den på magen slik at du har begge hendene fri til å plukka med.

DSC_1532 DSC_1531

Posen er eigentleg berre ei lang pølse med hol i botnen. Denne pølsa kallast laupen, og nokon kallar også henteposen ganske enkelt for ein laup. Når henteposen er full, tømer du frukta over i ein større kasse. Slik:

DSC_1516DSC_1517DSC_1519DSC_1523Så festar du posen att, slik at frukta ikkje dett rett gjennom laupen når du hentar:

DSC_1526DSC_1529DSC_1530Enkelt og greit. Men over til testen!PosaneFrå venstre til høgre i biletet har me Øysteseposen, Hermes Tyrolbox, Hejmulposen og Danskeposen. Desse namna har eg stort sett funne opp sjølv, bortsett frå Tyrolbox, for det står trykt på den, så eg veit at det er det den heiter.

Det første du kanskje legg merke til er at laupen er betydeleg lengre på Tyrolbox og Hejmul. På dei gamle posane, dvs Øystese og Dansken, er det kort laup. Det er ein grunn til at dei har forlenga den på nyare posar – ein slepp bøya seg så voldsomt langt ned for å tøme når ein byrjer på ny storkasse. Stort pluss til dei nyare posane der, altså. Men lat oss ta posane for oss ein og ein:

Øysteseposen

DSC_1475 DSC_1476

Eg kallar den dette fordi den er produsert i Øystese. NB: Dei produserer framleis henteposar i Øystese, denne testen er IKKJE av dei nyare posane deira. Dei har eg ikkje prøvd, og kan ikkje uttala meg om. Eg tipper dei har gjort ein del forbetringar. Denne har pappen hatt i årevis, og det ser ikkje ut til at han har tenkt å byta den ut heller. Den har ganske kort laup, og festeordninga i sidene er svært enkel, kun taustumpar med knutar på. Bærestroppene er i vanleg design med kryss i ryggen. Minusa med denne posen er at tøyet ikkje er vanntett, så den vert klissblaut viss eplene er våte. Det betyr at om du ikkje har på deg regnbukse, så vert du blaut sjølv. Aluminiumen er også ganske svak, den vert fort bulka. Taustump-prinsippet gjer at posen er kjapp å lukke att etter at du har tømt, MEN det er også fort gjort at taua sprett opp av seg sjølv, så all frukta rasar ned på bakken. Pappen har derimot perfeksjonert bruken av denne posen, så han er godt fornøgd.

Hermes Tyrolbox

DSC_1479 DSC_1478
Dette er ein av dei nyaste posane, laga i Italia. Laupen er i plaststoff, og veldig lang. Bærestroppene er like som på Øysteseposen med kryss i ryggen. Festeordninga er ein strikk med ein metallring i enden, som ein trekk rundt laupen og fester i ein krok i sida. Metallringen i enden på strikken synst eg er ei ulempe, for viss du glipp strikken så suser den rundt i stor fart og kan treffe både eple, armar og eventuelt små søte barnehovud som eit prosjektil. Henteposen tek 12 kilo, og er i fylgje Hermes sine nettsider «lady»-utgåva. Den «vanlege» utgåva tek 16 kilo, men kven gidd vel drasse på 16 kilo når ein kan klara seg med 12, seier berre eg. Sjølve aluminiumsdelen på denne er ganske låg, noko som er ein fordel når ein skal gå i oppoverbakke – ein smell ikkje låra i posen kvar gong ein tek eit steg. Diverre har den ein vond kant nede, og etter ein dag med denne hadde eg fullt av små blåmerker på låra likevel. Aluminiumsdelen er veldig brei, som er ein kjempefordel fordi ein kjem veldig lett til med hendene for å leggja frukta nedi posen. Den er også fora på innsida med eit tynt lag skumplast, som polstrar for eplene så dei ikkje så lett får trykkskader.

Hejmulposen

DSC_1481 DSC_1482
Eller Hemulposen, som eg i mitt stille sinn kallar den. Den er frå Nederland. Her er laupen like lang som på Tyrolbox, men i tillegg har den eit innlegg langs kanten nederst med polstring, som demper for frukta når ein tømer posen. Den er også polstra på innsida av aluminiumen, slik Tyrolbox er. Laupen er i eit bevernylonaktig stoff, som gjer den litt meir smidig enn Tyrolbox. Ellers er aluminiumsdelen ein god del høgare og smalare enn Tyrolbox, men dette gjer meg ingenting, sidan eg har mjuke handledd og kjem godt til likevel. Bærestroppene er same prinsipp med kryss i ryggen, men dei er laga i eit grovt taumateriale, omtrent som husholdningshyssing i overflata, som gjer at dei ikkje sklir rundt så lett dersom ein til dømes har på seg ein fleecegensar. Dette likar eg, for kryss-i-ryggen-prinsippet har ein tendens til å føra til at krysset havnar heilt oppe på skulderblada, og det er tungt. Festeordninga her er lik som Tyrolbox, bortsett frå at strikken har ein knute som hektast bak ein krok. Hejmulposen tek 10 kilo, og sjølv om ein dermed må gå og tøme posen oftare enn med til dømes Tyrolbox, så sparar ein ryggen for litt slit.

Danskeposen

DSC_1503 DSC_1505
Denne er – gjett tre gonger – dansk! Det er ei rekkje ulemper med denne. For det første er aluminiumsdelen slett ikkje i aluminium, men i hardplast. Då toler den ikkje så godt at ein køyrer på den med traktoren, gitt. Men det er ingenting gaffateip ikkje kan fikse. Ellers er plasten i laupen så gamal og herken at det er vrient å få tømt frukta ut på ein smidig måte. Laupen er også lovleg kort. Festeordninga er lik som Øysteseposen, bortsett frå at det her er ei hempe som hektast rundt eit hjul. Hakket meir avansert, men her hender det også at laupen løsnar og all frukta ramlar ut. Det er derimot ein stor fordel med Danskeposen: Bærestroppene.

DSC_1502

Som du ser på biletet så har denne posen polstra skulderstropper, og eit samlepunkt som held stroppene på plass der dei skal vere i ryggen. Dette er kjempebehageleg. Einaste bakdelen med dette er at ein då ikkje kan henge posen på sida av kroppen som ei veske, noko som er praktisk når ein skal langt opp og inn i eit tre der posen vil vere i vegen om den heng på magen.

Konklusjon:
Min absolutte favoritt er Hejmulposen. Den er liten, nett, mjuk og smidig, og veg ikkje altfor masse når den er full. Polstringa nederst på laupen er god, og eg likar godt festeordninga med strikk, spesielt når det ikkje er metallring i enden.

Men dersom du spør mannen min, så er svaret Tyrolbox. Han kjem godt til for å leggje nedi frukta, den er lett å flytte rundt på for å koma til i trea, og han må ikkje tøma den altfor ofte.

Og dersom du spør pappen, så er det Øysteseposen som går av med seieren. Den har jo tross alt vart i tjue år, minst. Og så er det alltid positivt med lokalproduserte varer.

Taparen vert i alle fall Danskeposen. Men det bæresystemet, altså. Det er saker.

Så dersom du er ein henteposeprodusent, kan du vera så snill å produsera følgjande: Ein pose med lang laup, som er polstra inni og nederst i laupen, med bæresystemet til Danskeposen, festeordninga til Hejmulposen – og i to storleikar, 10 og 12 kilo? I aluminium? Og med polstring mellom aluminiumen og låra mine? Ja? Åkei. Eg ventar i spenning.

Ps:  Fleire har lurt på korleis ein kan få tak i henteposar. Me har kjøpt våre via fruktlageret, men eg har ikkje klart å finna ut korleis ein kan få tak i dei som privatperson. Kanskje eg berre har googla feil søkjeord. Eg skal leita vidare.

Pps. Heilt til sist: Eg fann demovideo av Tyrolbox på YouTube! Værsågod, her er fire minutt og sytten sekund med pur infomercial-lukke:

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare