Fruktnerdane samlast kring vatnholet

«Dette er kjappaste vegen,» sa pappen då me, saman med mange andre fruktbønder, sneik oss gjennom kyrkjegarden på Lofthus onsdag føremiddag. Vegen gjekk frå parkeringsplassen og bort til Bioforsk, eller «forsøksgarden», som det stadig vert kalla av dei gamle travarane heromkring. Pappen jobba nemlig på forsøksgarden på syttitalet, så han kan alle snarvegane.

På onsdag var det nemlig landbruksmesse på Lofthus, i og utanfor Bioforsk sine lokaler. Det var guffent og kaldt vêr, noko dei aller fleste passa på å kommentera, men sidan me fekk kringle, kaffi og Twist så klaga me ikkje. Det var eit respektabelt antal utstillarar som synte fram alt frå tåkesprøyter, batteridrivne sakser, ATV-ar, grasknusarar og – ikkje minst – traktorar!

IMGP1595

«Det er nett som å kle på seg ein traktor!» sa Rolf Tore.

Det finst nemlig noko som kallast «frukttraktor», som er små og veldig smale variantar av vanlege traktorar. Og med «smal» så meiner eg sånn ca halvannan meter brei. Har du ein smal traktor, kan du planta tettare rekker. Har du tettare rekker, får du fleire tre per dekar, og ergo større avling. Win! På landbruksmessa hadde dei i alle fall fem forskjellige slike traktorar, og det var ein sjeldan sjanse til å prøvesitja og samanlikna alle saman. Desse er nemlig ikkje så vanlege, i og med at fruktbransjen trass alt er ganske liten. Den på biletet over er ein Kubota, og er produsert i Japan. Der vert den brukt i risdyrkinga, og dei har mellom anna nulltoleranse for oljespill frå traktoren. Japanarane, altså. Dei kan sakene sine.

IMGP1628 IMGP1598 IMGP1626

Traktorane over er, frå venste mot høgre, ein Deutz-Fahr (aldri høyrt om før), ein Claas med påmontert Orrizonti-slåmaskin og ein McCormick. McCormicken synst til og med eg vart for liten, då eg sette meg inn i førarhuset så kræsja knea mine inn i all slags spakar og knappar. Dei hadde også ein Massey Ferguson, og det er sjølvsagt verdas beste traktor berre fordi me har ein frå før, men denne var så låg at eg vart heilt klaustrofobisk.

IMGP1614

Pappen likte best ein litt større McCormick, fordi den hadde intet mindre enn tre ulike stader ein kunne betjena klutchen frå. For den uinvidde så kan klutchen vera noko tung å trakka ned på ein traktor. I tillegg klatra eg opp i ein kjempediger (synst eg) Valtra som Eik-senteret på Voss hadde tatt med berre for moro skuld. Den var så diger at eg kunne strekka beina heilt ut! Hallå. No sit det sikkert nokre kornbønder på austlandet og ler av meg.

IMGP1630

Frukttraktor til venstre, giganttraktor til høgre.

IMGP1624

Inne under tak stod det utstilt ein ny type tåkesprøyte med det underholdande namnet Oktopus. Ikkje ulik Doctor Octopus, eigentleg:

IMGP1603 likable-movie-villains-07

Og så hadde dei ryggsprøyter. Eventuelt ryggmontert oppbevaringstank for appelsinbrus. Eller ikkje.

IMGP1610Men så plutseleg skjedde det noko. Me stod der i små klynger og hutra og humra og småprata og hadde det fint, då ein overdøyvande motordur brått avbraut oss. Me snudde oss etter lyden, og synet av doningen som kom køyrande fekk alle til å sleppe det dei hadde i hendene, stanse midt i setningane sine og automatisk følgja etter dette vidunderet. Som ein rottefangar frå Hameln leia ein kar med fjernkontroll heile forsamlinga bort til ein bratt skråning for å demonstrera det kulaste på heile messa, nemlig grasklypparen Spider Mini II:

Ellers såg det ut til at eg var den einaste på heile messa som likte lakrisbitane i Twist-skåla. Så det lovar jo bra for framtidige landbruksmesser.

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Jorunn og mållaget take Manhattan*

*Neidå. Me var på Utne.

No skal eg skriva eit blogginnlegg om at eg har fått ein pris på grunn av bloggen min. Dette er så meta at eg veit ikkje kor eg skal snu meg.

IMG_20150304_193353

I kveld fekk eg Ullensvang mållag sin målpris! Du milde hendelse! (No prøvde eg å framstå overraska, men eg har visst om det i over ein månad, så SÅ overraska vart eg ikkje i kveld då han las opp namnet mitt) I grunngjevinga vert bloggen og Facebooksida mi framheva, i tillegg til teikneseriane mine. Det står blant anna:

Jorunn Hanto-Haugse brukar ein lett og leikande nynorsk, gjerne med ungdommeleg snert. Ho brukar nynorsk til å formidla fagstoff på eit høgt nivå, men samstundes forståeleg språk.

I tillegg til desse fagre orda, snittar, kake, kaffi og fiolinmusikk (av Edyta Bryk), fekk eg eit digert grafisk bilete, som er sett saman av eit portrett av meg, eit eple og diverse måleri, seriar og illustrasjonar eg har laga. Biletet er laga av kunstnaren Mustafa Al Bayati. Mustafa har altså teikna ting som eg sjølv har teikna først. Det er så meta. Her ser du prisen, pent dandert på bordet på ferja heim att:

DSC_3225

Ja, alt saman er éi teikning

Eg har ikkje stort anna å seie enn tusen hjartleg takk til Ullensvang mållag, til leiar Erlend Trones og til utdelar Johannes Sekse, som sjølv fekk den aller første mållagsprisen i Ullensvang for nøyaktig tjue år sidan. Det er så meta!

IMG_20150304_183034 DSC_3223 DSC_3218

Det var ikkje berre eg som fekk pris – Heidi Nesheim Wagtskjold ved Hauso skule og Anne Marie Haustveit Instebø ved Kinsarvik skule vann prisar for beste nynorskforteljing, plukka frå fjorårets tentamenar. Gratulerer!

 

Backstage på fruktlageret

«Det gjeld å vera godt kjend», sa pappen i går kveld då eg spurde han kor han hadde fått kaffien frå. Så peika han bak seg mot skapet og kaffitraktarane i møtesalen på Hardanger Fjordfrukt, der me og eit tredvetals andre fruktbønder hadde samla seg til oppstartsmøte i eple, sesongen 2014.

DSC_0885

«Parkeringsplass» er eit relativt begrep.

Forut for møtet stod eg, pappen, naboen og son hans og sikla på nokre nye henteposar dei hadde fått inn i den vesle butikken i resepsjonen. Pappen såg etter jordanker. Me studerte monteringshanskar for skånsom henting av eple. Eg viste naboen kva for ei tynningssaks eg hadde fått meg. Så gjekk me opp trappa og slo oss ned rundt eit bord med nevnte kaffi.

DSC_0878

Dei nye henteposane.

Bama vil ha strengare krav til kontroll og stikkprøvar. Prinseple er mangelvare. Salssesongen vil i år vera 2-3 veker lenger enn vanleg. Eplene kan i år vera opp til 95 mm i diameter.  Den politiske situasjonen i Ukraina og Russland kan få innverknad på den norske fruktmarknaden. Stormen Lena har laga flekkskader på plommene. Heile facebook-sida mi vart smelt opp på storskjerm for å finna eit bilete eg hadde lagt ut der av Coop sine nye Smak Forskjellen-etikettar på Hardangerfrukt. Ein bonde ved namn Knut fortalte at han hadde blitt oppringt av ein vilt framand oslofyr som hadde hatt sitt livs smaksoppleving då han hadde kjøpt ei korg moreller. På etiketten stod namnet til Knut, og oslofyren hadde søkt han opp på nettet for å ringa og takka. God stemning.

DSC_0890

Utsikt frå ferjekaien

«Ja, kva synst du, Jorunn?» sa fleire til meg etter møtet. «Det gjekk jo roleg for seg, dette!» Naboen kunne fortelja meg at det vanlegvis var litt meir drama og patos på slike møter, der me stod på ferjekaien på Utne og venta på ferja. Drama og patos er ikkje akkurat ord som er vanlege å bruka om sindige hardangerbønder, men kanskje fruktlagermøter er staden der dei slepp ut litt damp.

DSC_0881

No shit?

Ute heng trea tunge med eple som er nesten, men ikkje heilt, modne. Det er stille før stormen – vil hentinga av plommer kollidera med hentinga av eple? Skal me byrja på prinseplene neste veke, eller venta til veka etter? Vil botnfargen vera god nok på Summerred? Samstundes, her i stova, sit eldstemann og trykker ut blomar i blå modellkitt. Yngstemann ligg og søv. Og eg tenkjer at no kan godt kvardagen koma, for eg vil ut og henta frukt.

DSC_0883

Fruktlagerbilen er også klar for å henta frukt.

 

 

 

 

Då ho mor stakk av – eller reisebrev frå Vossetraktene

Det var juli. Det var varmt. Det var grusomt.

Eg stakk av.

FB_IMG_1406025776652Før nokon ringjer barnevernet, vil eg først få presisert at mannen min var fullt inneforstått med mitt behov for ein liten pause, i og med at han sjølv nettopp hadde tilbragt fem behagelege dagar i England der temperaturen låg på rundt 20. Lat meg også presisera at temperaturmålaren i kvitebilen moglegvis overdriv pittelitt, og at det ikkje var 56 grader. Det var nok heller rundt 30. Kvitebilen er bruks- og bikkjebil, derav støvet. Sånn.

Tysdag 22. juli, ein tung dato i seg sjølv, putta eg lommebok og mobil i ein oransje Gartnerhallen-pose og køyrde avgarde. Det einaste eg visste var at eg skulle vera åleine, og eg skulle kjøla meg ned. Det endte opp med ein retteleg roadtrip. Først drog eg til Voss. Der kjøpte eg meg ein keps.

FB_IMG_1406030564587Likar spesielt denne detaljen:

FB_IMG_1406030653383Eg klarte nemleg å knekke solbrillene mine for eit par veker sidan, eg satte meg rett og slett på dei, og begge armane knakk av. Det er slike med styrke, så det er ikkje berre å kjøpa nokre nye korsomhelst heller. Har bestilt nye på nettet, men du verda så lang tid det tek i posten du.

Deretter susa eg rundt i leiting etter ein enkel liten strandstol, men heile Voss var utseld. Kva gir du meg! Eg endte opp med ein samanrullbar strandmadrass og ein parasoll i staden. Så kjøpte eg kontinental lunsj på Meny, og dura avgarde i retning Sogn. Eg visste framleis ikkje kor eg skulle. Leika litt turist på Tvindefossen, men turde ikkje å ha på meg kepsen.

DSC_0633Så køyrde eg til Vinje (Voss kommune, ikkje Telemark, altså). Så køyrde eg vidare til Oppheim, men etter å ha konstatert at det ikkje var noko kjølegare der, snudde eg og tok mot Myrkdalen i staden. Eller Murkdalen, som vossingane seier.

DSC_0615Eit stykke innover i Myrkdalen fann eg det eg leitte etter: Stigning!

FB_IMG_1406032159497På veg oppover måtte eg stoppa og ta bilete av utsikta, og eg var ikkje åleine:

DSC_0630

DSC_0618Og til slutt, etter å ha nytt kjensla av å heva meg over tregrensa på Vikafjellet, der ingen klegg kunne ta meg, fann eg meg endeleg ei lita snøfonn eg kunne ha heilt for meg sjølv:

FB_IMG_1406033165815Der sat eg lenge, med baguett, ost, jordbær og bok, og hadde det aldeles fortreffeleg. Snart kom det ein bil til, med tre amerikanske turistar som tok bilete av meg i smug og kom bort og stampa litt i snøen, dei og. Eg var klar for å by dei på jordbær og mokkabønner, men så drog dei att.

DSC_0620Etter ei stund var det noko som ikkje stemte, ei slags framand kjensle, og eg fann til slutt ut at eg rett og slett byrja å verte litt kald. Dette gjorde meg oppstemt, så eg pakka saman sakene og sette meg i bilen att. Eg var kald på rompa i fleire timar etterpå.

For syns skuld køyrde eg litt lenger inn på fjellet, men då eg såg skiltet på fylkesgrensa tenkte eg det fekk halde, så eg snudde.

DSC_0622

Det var til og med ei suvernirsjappe midt innpå der. Med levande reinsdyr, i fylgje skiltet. Eg såg berre eit utstoppa eit.

DSC_0624Sidan eg ikkje var klar for å reise heim, og einaste måten å halda seg sval på i låglandet var å køyra rundt med vindaugene på vidt gap, tok eg inn ein annan dal for å sjå meg litt om. Frå Palmafossen tok eg mot Raundalen, der den vidgjetne Raundalselva har fått namnet sitt frå. Vidare køyrde eg i retning Mjølfjell, på svingete og smale vegar der haikande ekstremsportarar i bar overkropp stod strødd med elvekajakkane sine. Eg plukka ikkje opp nokon av dei, eg skulle jo vera åleine.

Då eg kom til den vesle grenda Reime, innsåg eg at eg ikkje orka køyra heilt til Mjølfjell, så eg snudde att. Eg kan berre seie at det er utruleg at det er plass til to bilar i breidda på den smale vegen, særleg når ein av dei (min) er ein diger Renault Trafic, lang utgåve. Her er nærbutikken på Reime:

DSC_0635Då eg omsider kom attende til Palmafossen tenkte eg at no fekk det vera nok eventyr, dessutan var eg svolten. Så eg køyrde heim, sliten men blid. Eg er blid framleis, så det er visst ikkje mykje som skal til. Men eg tenkjer enno med lengt på den vesle snøfonna mi.

Finn mann

Sidan det er himmelspretten i dag så fann eg ut at eg skulle verta med mannen min på trening med Norske Redningshunder.

DSC_0861

Hunden på biletet over er bikkja vår, Balder. Merket på selen hans har det klingande namnet «trekant», som viser at han er ferdig utdanna og godkjend redningshund. Den fekk han for halvtanna år sidan, etter godt over tre år med trening, prøvar, banning, steiking og mange, mange godbitar. Mannen min har ein matchande vest som visar at han er hundeførar.

Før ein hund kjem så langt, må den gjennom fleire trenings- og prøverundar: appellprøve, B-prøve (rundering, spor), Ukas Arbeid B (4-dagars samling med ulike øvelsar), feltsøk, mørkerundering (tenk mørkekøyring, berre med hund i staden for bil), og til sist A-prøve og Ukas Arbeid A (7-dagars samling).  Hundeføraren må ta grunnkurs med utmarsj og førstehjelp, samt orienteringsprøve. I tillegg må hunden regodkjennast annankvart år fram til den er 8 år. Etter det må den regodkjennast kvart år. Det er med andre ord ikkje noko ein sleng seg med på berre fordi det høyrest litt artig ut.

DSC_0843

Elevtrekant

DSC_0841

Elev

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når hunden så endeleg er godkjend, står hund m/førar (ekvipasje) på ei liste. Alle ekvipasjane på denne lista vert oppringt når redningshundane vert utkalt til leiteaksjon, og så svarar ein om ein kjem eller ikkje. Me har ein eigen bikkjebil, som er innreia med seng, isolert hundebur med ventilasjon, campingutstyr, frysetørka mat og vanvittige mengdar tennisballar. Alt mannen min treng å gjera er å ta med seg walkie-talkiane og gps-en (som sjølvsagt har ein eigen finn-hunden-min-funksjon) og hiva seg i bilen. Det er også ein stor fordel om han hugsar å ta med bikkja.

Sidan eg sjølv ikkje trener hund, sat eg i leiren og leika med traktor og gravemaskin i staden. Til mitt forsvar hadde eg med meg treåringen og babyen. Det var seks hundar som skulle trenast i dag, i ulike stadier av opptreninga, og av ulike rasar. Dei vanlegaste rasane som vert brukte i søk er labrador retriever og schäfer, men eg har også sett golden retriever, malinois, groenendahl, duck tolling retriever, dobermann og puddel(!). Vår Balder er ein brun labrador.

IMG_20140529_170235

Balder

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når hunden finn ein person i skogen, skal den melda frå til hundeføraren ved enten å bjeffe, eller å bruka bringkobbel. Dette er eit halsband med ein ekstra, oransje bit hengande under som hunden tek i munnen og spring tilbake til førar. Då ser føraren at hunden har gjort funn, og blir med hunden tilbake til personen. Balder melder ved bjeffing, det ristar godt i kraniet når han set igang.

DSC_0852

Lausbitt til inntrening av bringkobbel. Ser litt ut som dynamitt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og her kjem me til overskrifta på blogginnlegget i dag. «Finn mann» er kommandoen hundeførar brukar for å senda hunden i søk når det er etter sakna personar. Slik ser det ut når ein ivrig hund spring avgarde:

DSC_0873Og slik ser det ut når hunden gjer funn – langt, langt vekke:

DSC_0875Alle hadde ein fin dag i skogen, bikkjene fekk bada i myra, store mengdar kjeks vart fortært og ungane mine var flinke til å distrahera hundar såvel som hundeførarar. Og medan mannen min fekk mangfoldige myggstikk, fekk eg berre eitt. Derimot vart eg solbrent. Jaja.

Eg dyppar tåa i politikken

1. mai tok eg turen til Ulvik, der ei venninne av meg ynskte velkomen til frukost i Skeiesmylna med tilhøyrande føredrag om familiegardsbruk.

DSC_0521

Føredraget vart halde av Siri Helle, skribent i Dag og Tid. Det mest interessante eg lærte var dette:

70% av all maten me et kjem frå små gardsbruk.

Kun 20% kjem frå store gardsbedrifter.

Resten – 10% – kjem frå byane; parsellhagar, balkongkassar, tak og kjøkenhagar.

DSC_0511

Som du ser så er eg ein fabelaktig fotograf. Sorry, Siri.

Det er med andre ord ein ganske enorm snuoperasjon som skal til dersom storparten av maten vår skal koma frå digre bruk slik Sylvi Listhaug ser ut til å leggja opp til i sitt forslag til årets landbruksoppgjer. Særleg sidan ho samstundes synst at det skal dyrkast mat overalt i landet vårt. Små bruk bidreg nemlig ikkje berre med brorparten av sjølvforsyninga av mat, dei held også landskapet i hevd og opprettheld det biologiske mangfaldet og ja, det biologiske mangfaldet er viktig.

Siri Helle trakk parallellar til Austerrike, der dei konservative politikarane gjer stikk motsett av det Sylvi føreslår: dei gjev mest stønad og subsidier til dei som har dei mest tungdrivne gardane. Altså, dei som klamrar seg fast i dei bratte fjellsidene i Alpane. Desse bøndene gjer meir enn å halda Austerrike sjølvforsynte med mjølkeprodukt – dei pleier også skogen rundt, som igjen hindrar jorda i fjellsidene frå å rasa ned. Bøndene vert også oppfordra til å ha bisyslar – mange av dei er til dømes skiinstruktørar vinterstid, eller jobbar i helsesektoren, innan butikk, turisme eller handverk – for å nevna noko. Og dei konservative politikarane i Austerrike er klare på kva kostnaden med dette er:

-Når eg kjøper austerriksk mat og drikke, veit eg kva eg et og kva eg drikk. Eg veit óg kva eg må gjere for at det skal overleve slik at eg kan halde fram med å handle: Eg må betale prisen.

Hermann Schultes, landbrukspolitikar i ÖVP

Sitatet over er henta frå Siri Helle sin artikkel om den austerrikske matproduksjonen i Dag og Tid, fredag 2. mai 2014.

Det nest mest interessante eg lærte av føredraget var:

Me har ikkje nok såkorn i Noreg til å så alt jordarealet vårt sjølv.

Me er tvungne til å importera såkorn kvart år. Som Siri så fint sa det – eg tvilar på at bøndene for hundre år sidan var så desperate at dei åt opp såkornet sitt. Det er ein bra ting for eit land å vera sjølvforsynt med mat. Det er kanskje dystopisk å tenkja slik, men kva om Noreg brått vart avskore frå omverda? Kva om økonomien gjekk på snørra, og importert mat plutseleg vart kjempedyr? Me må slutta å tru at me skal ha billegare og billegare mat. Me bruker kun 10% av inntekta vår på mat i dag, mot rundt 40% i etterkrigstida. Skal me ha mat av kvalitet, som me er sikre på kor kjem frå, så må me gjera som dei austerrikske politikarane, nemlig godta at dette har ein pris.

Billegare mat krev enten at ein gjev mindre og mindre pengar til den som produserer maten, eller at ein effektiviserer jordbruket i langt større grad. Sistnevnte er kun mogleg inntil eit visst punkt, fordi let’s face it, det er naturen me leflar med her. Lat oss ta eit eksempel frå fruktindustrien: For å laga eit epletre, må ein først ha ein grunnstamme. Det går gjerne eit par år frå du har bestilt grunnstammane til du får dei levert, fordi det tek tid å produsera dei. Så poder ein på ein kvist frå den eplesorten ein ynskjer, og så må treet veksa. Så tek det kanskje tre år til før treet er såpass stort at du faktisk kan hausta eple frå det.

Det går ikkje an å framskunda denne prosessen. Det går ikkje alltid an å effektivisera jordbruket meir.

Orda «bærekraftig» og «vekst» går gjerne att i same setningar hjå politikarane, men i røynda er dei ofte motsetnader. Retorikk og praksis er to vidt forskjellige ting.

Etter føredraget fekk me lov å hiva oss over eit bugnande matbord med mange lokale rettar. Me kosa oss i sola, prata om ølbrygging og frukt, og babyen min velta ein kaffikopp over alle kopiane av Millom Bakkar og Berg.

DSC_0516DSC_0515DSC_0517

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin dag.

Og no: kultur

Eg lova eigentleg eit innlegg om gjødsling denne veka, men det får venta, for eg har nemlig vore kulturell.

IMG_20140411_074936

Det var 46 sekund att og me skulle ha skrudd av telefonen, men i staden sat me og tok bilete og la ut på Instagram.

Torsdag kveld sette eg meg ned i ein stol i KP12 ved Bergen Kino, der dei skulle visa eit knippe nye, norske filmar for eit over middels filminteressert publikum. Den første av desse filmane heiter Kvotar, Kapital og Kjærleik, og er regissert av mi beste venninne, Jorunn Børve Eriksen, og hennar kompanjong Hanne Steien.

Filmen er i utgangspunktet laga for å vera ein permanent installasjon ved Norges Fiskerimuseum i Bergen, og med seg på laget har dei hatt produksjonsselskapet Sjau. Det heile vil ta form som eit kaffislabberas mellom tre fiskarar frå Bulandet, og kvar fiskar vil verte projisert på kvar sin vegg i eit dedikert rom. Tilskodaren vil sjå filmen frå den fjerde veggen, og såleis vera ein observatør/stille deltakar i samtala. Berre tanken på kor mykje jobb det har vore med å planleggja kor fiskarane skulle sjå for at blikkretningane skulle stemma ved projisering gjer meg litt svimmel. Dei tre fiskarane vart også filma ein og ein over fleire dagar, men dei har likevel klart å få det heile til å flyta saman som ei naturleg samtale. Eg er mektig imponert!

IMG_20140411_181947

Ingolfen.

Samtala, som varar i 15 minutt (det er også lengda på filmen) er tematisk inndelt i kapittel som spenner over alt frå korleis fiskaryrket var i gamle dagar, samhaldet ombord, familien heime på land og korleis det ser ut for den yngre generasjonen. Det er dystre utsikter, og det er, som Hanne sa etterpå, vanskeleg å ikkje lesa filmen som eit politisk talerøyr for fiskarane. Dette vil eg tru gjer filmen endå meir genuin, i og med at kystpolitikk er noko Bulendingane er opptekne av og diskuterer ofte. Eg anbefalar alle som har moglegheit til å ta turen til Fiskerimuseet når filmen er ferdiginstallert.

Etter framsyninga var det samtale med filmskaperne, leia av moderator Kalle Løchen. Sjølv om intervjuteknikken hans ikkje fall heilt i smak hjå publikum, gjorde Jorunn og Hanne ein god jobb i å halda seg til saka. Ein meir audmjuk intervjuar ville kanskje fått meir ut av den korte tida som var sett av.

DSC_0276

Jorunn Børve Eriksen til høgre, Hanne Steien i midten, og løken – sorry, Løchen til venstre. (Eg og kan hersketeknikkar)

Etterpå gjekk eg saman med nokre andre vener til ein pub der den svenske bardama klarte å selja oss flerfoldige glas vin kvar. På slutten av kvelden hadde me genierklært kvarandre, løyst samtlige verdsproblem og lova einannan evig venskap.

DSC_0277

Problem solved!

Eg burde verkeleg koma meg ut av bygda oftare.

 

 

Ein nybyrjar kryssar fjorden

Sidan eg er ein n00b i fruktbransjen, tok eg med meg mann og barn på ferja over fjorden ein dag i mars og besøkte fruktlageret.

IMGP0800_crop

Kanskje ikkje verdas vakraste bygg.

Fruktlageret me her på garden leverer til heiter Hardanger Fjordfrukt, og er i fylgje nettstaden deira Noregs største fruktpakkeri. Fruktlageret er eigd av medlemene, og det er noko sånt som 200 medlemer i dag, deriblant far min (og snart meg!). Far min var faktisk med i styret då dei skulle byggja dette fruktlageret, så eg følte meg fullstendig berettiga til å strena rundt der som om eg eigde staden (og det gjer eg jo snart. I alle fall ein tohundredel).

Fruktlageret hentar frukta hjå produsenten (altså, meg), køyrer den inn til vasking og sortering, pakkar frukta og sender den vidare til distributør (Tine, Bama osv). I tillegg forhandlar fruktlageret gjødsel, sprøytemiddel og diverse arbeidsutstyr. Inngangspartiet deira kunne minna om ein pitteliten Felleskjøpet.

IMGP0788

Power to the point!

Etter å ha helst på dei tilsette (eg mistenkjer at det var stille der den dagen, sidan alle hadde tid å vera med i velkomstkomiteen), tok dagleg leiar Leif Øie oss opp til møtesalen og trakterte oss med kaffi, kjeks og powerpointframsyning.

Det er generelt stor optimisme rundt norsk fruktproduksjon om dagen, fordi det vert ete enormt mykje meir frukt i Noreg enn det vert produsert. Det betyr at me importerer masse for å dekkja etterspørselen – ergo er marknaden meir enn stor nok til at ein no jobbar mot å dobla fruktproduksjonen i Hardanger. Fruktlageret har investert i kjølelager og teknologi for å lagra eple og pærer over lengre periodar, slik at den norske fruktsesongen kan strekkjast heilt over mot våren året etter hausting (plommer og moreller let seg ikkje lagra så lenge, så det gjeld ikkje for dei). Eg skal ikkje kjeda deg ihel med korleis alt dette fungerer, men nokre stikkord er celleanding, lågt oksygennivå og låg temperatur. Frukta ligg med andre ord og «søv». Trust me. Det funker.

Då powerpointframsyninga var over og babyen min var tilstrekkjeleg innklint i kjeks med krem, gjekk me ut for å sjå på dei ulike hallane på fruktlageret:

Plomme- og morellepakkeriet

IMGP0791

Eg overrumplar Leif Øie ved å ta bilete av han.

På biletet over ser du to plattformar, det står ei pappøskje på den eine. Her står arbeidarane i høgsesongen og sorterer plommene og morellene der dei kjem duppande forbi i vatnbad. Etterpå forsvinn frukta inn i ein fancypants fotoboks der eit kamera er programmert til å registrera ukurant vare, som useremonielt vert spytta ut.

IMGP0792

Eg anar ikkje kva denne maskina gjer, men den ser veldig imponerande ut.

Plommer og moreller vert etter det eg forstår henta hjå produsent, vaska, sortert, pakka og vidaresendt til butikk i løpet av eit par dagar. Dei norske plommene og morellene du finn i butikken om hausten er med andre ord temmeleg fersk vare! Eg er jo så bortskjemt med fersk frukt om hausten at eg synst eit eple som vart plukka dagen før er «gamalt», men det er no berre meg.

Eple- og pærepakkeriet

IMGP0793

Er det no eg ska skryta av at eg har trucksertifikat?

På biletet over ser du nokre av storkassane til han Per, han bur ute langs vegen her. Desse kassane er til eple (og pærer), det finst også tilsvarande som er laga i gråblå plast. Ein gong då eg var lita sat eg i ein slik kasse heilt til pappa hadde henta så masse eple at eg var nesten begravd. Har ein ikkje IKEA sin ballbinge i nærleiken, får ein bruka det ein har.

Storkassane med eple (og pærer) vert senka ned i den grå metallkassen du ser borterst mot veggen på biletet over, og så duppar dei avgarde gjennom holet i veggen akkurat som plommene og morellene. På denne måten vert frukta både vaska OG transportert langs rullebandet på ein skånsom måte. Dette var nytt for meg, sidan det har hengt ein plakat i kjellaren sidan tidleg nittital som viser eit samleband der hender i kvite silkehanskar tafsar varsomt på delikate, raude eple. Eg trudde altså lenge at det var slik det føregjekk på fruktlageret. Men vatnbad er vel greit nok det og.

IMGP0795

Fleire funky maskiner eg ikkje anar kva gjer. Eg ser ei boskorg der, då. Den veit eg kva er til.

I eple- og pærepakkeriet kan dei pakka frukta i til dømes sekspakningar, kiloposar og kassar. Sekspakningar er up-and-coming, og nytt av året er åttepakningen. Forhåpentlegvis vert alle åtte ete opp før dei ser slik ut:

IMGP0796

Box fresh

Det var ei interessant omvisning, og langt meir lærerikt enn eg trudde det skulle vera. Og for å understrekja kor små forhold det er her i Hardanger så kan eg fortelja at dagleg leiar Leif er ein tidlegare kollega av mannen min, og at eg sjølv har vore i New York ilag med resepsjonsdama. Verda er lita.

Du bør forresten ta ein kikk på omtala av dei tilsette ved fruktlageret. Eg lo.