Eksponeringsterapi

Edderkopp: leddyr med åtte bein, likar å bu i for eksempel eit epletre.

Eplebonde: person som ofte må ut og arbeide i epletrea.

Araknofobi: frykt for edderkoppar.

DSC_4786

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Kollegiatet

Det er endeleg sommar (såvidt), og her i Eple & eventyr er me i full gang med årets vekstsesong. Eg seier «me», for det er såklart ikkje berre eg som jobbar i dette firmaet, haha! Under meg har eg ein fantastisk stab med arbeidsglade kolleger, og eg tenkte det var på tide at de fekk treffa nokre av dei. Men først vil eg kjapt forklara kva det er me held på med om dagen.

De hugsar kanskje at eg har eit nytt felt med Raud Aroma, som vart planta i fjor? Vel, desse søte små trea skal få veksa seg litt større før dei skal byrja å gje avling, så difor må eg klyppa vekk alle blomane. Det er rekordsein bløming i år på grunn av den kalde våren, så i det nye feltet står trea framleis i full blom. Først klypper eg vekk blomane i toppen av trea, slik at toppskotet kan skyta fart (hormoner i blomen, blablabla, stopper lengdeveksten, blablabla). Under ser du før og etter klypping.

DSC_4265 DSC_4266 DSC_4267

Men over til mine undersåttar kollegaer! Eg har som sagt svært mange tilsette, faktisk har eg ikkje tal på kor mange det er. Under ser du bilete av kontoret vårt. Eg har høyrt at mange misliker å jobba i ope landskap, men eg ser strengt teke ikkje problemet.

DSC_4269

Dette er Berit, resepsjonisten. Ho er ei skikkeleg koseleg dame! Ho er kanskje litt treig i vendinga, men ho får jobben gjort, og alle likar henne.

DSC_4262

Petter her er ikkje god å få auge på. Han er webansvarleg og passar på å halde systemet fritt for bugs. Han er dyktig til å trekkja i dei rette trådane, og har eit stort nettverk.

DSC_4319

Jørn og Torleif her er to av dei mest travle tilsette i Eple & eventyr. Dei flaug avgarde så fort at eg nesten ikkje klarte å få teke bilete av dei! Arbeidet deira gjev stort sett svært fruktbare resultat, og eg kan trygt seie at utan dei ville firmaet gått under. Summa summarum, to karar som verkeleg har earned their stripes!

DSC_4306 DSC_4264

Ellers har eg ein gjeng med jålete damer, eller høner, som eg likar å kalla dei, som dukkar opp på dei mest uventa plassar. Dei kjenner lusa på gangen og tek seg raskt av uventa gjester på kontoret. Her er berre nokre få av dei:

DSC_4299 DSC_4323 DSC_4311 DSC_4312 DSC_4318 DSC_4268 DSC_4260 DSC_4308 

I tillegg har eg nokre frilansarar som hjelp til der hønene ikkje rekk over alt. For å vera heilt ærleg så set eg mindre pris på desse enn på dei fast tilsette, dei kan koma med nokre temmeleg syrlege kommentarar og er kranglevorne og vanskelege å ha med å gjere.

DSC_4309 DSC_4304

Til sist har me sjef for vakthald, Mina. Ho er ei skikkeleg tispe og syt og klagar ein del, spesielt over at ho føler seg fastbunden i stillinga. Men ho er i det minste grundig i jobben sin.

DSC_4331

Som de ser er det langt frå einsamt å vere bonde.

Tynning 101: plommer

DSC_0008

Her kjem det enklaste 101-innlegget eg har skrive hittil:

Hugsar du det eg skreiv for nokre dagar sidan om epletynning? Ja? Ok.

Alt det eg skreiv der, gjeld også for plommer.

Berre at det skal vera ca 5 cm mellom kvar plomme i staden for 15 cm.

Sånn.

 

 

 

Men det ville jo vore eit keisamt blogginnlegg om det skulle stoppa der, så her er nokre bilete frå plommetynninga. Som du ser har me gamle, digre plommetre, dei er i alle fall 20 år, om ikkje meir. Det er på høg tid å byta dei ut, men me får ta ein ting om gongen. Trea er så store at ein må klatra i dei for å koma til i toppen, noko eg synst er kjekt, så lenge det ikkje er shortsvær. Då endar ein nemlig opp med litt vel mange skrap og klor. Det kan også vera ganske spennande å klatra i slike gamle tre, for du veit aldri om greina du tråkkar på kan vera rotna (sjå siste bilete).

DSC_0009 DSC_0010 DSC_0007

Ellers gjekk eg glipp av store delar av plommetynninga i år, både på grunn av det store angrepet av plommepung, og fordi heile familien klarte å verta sjuke samtidig. Dersom det mot formodning skulle vera meir å læra om tynning, skal eg skriva om det til neste år!

Tynning 101: eple

Då eg i vår skreiv innlegga om skjering, såg eg føre meg at eg også kom til å skriva ei liknande, tredelt avhandling om tynning. Men for å vera ærleg – det er ikkje SÅ masse å skriva om temaet. Difor kjem eg til å skriva to innlegg: eit om eple, og eit om plommer.

DSC_0253

(På biletet over ser du kor det brått vart litt vel effektiv tynning då bremsene plutseleg forsvann på traktoren for nokre veker sidan)

Kvifor tynna?

Ååå jammen Jorunn, det følest jo så feil å riva ned alle desse eplene, er ikkje poenget å ha kjempestor avling då?

Hah! You wish. Det er mange grunnar til kvifor ein skal tynna, sjølv om ein berre har eit einaste hobbytre i hagen sin. Her handlar det, i likheit med under skjeringa, om å tvinga treet til å bruka kreftene sine på rett måte. Her er ei liste:

1. For mange eple = for små eple. Treet klarar berre å trekkja opp så og så mykje vatn, det har berre så og så masse næring tilgjengeleg, og berre så og så mykje lauvverk til fotosyntesa. Di fleire eple treet må fordela desse ressursane på, di mindre vert frukta.

2. For mange eple = greiner vil knekkja. På bileta under ser du ein tretopp før og etter tynning. I rest my case.

DSC_0245 DSC_0247

3. For mange eple = for dårleg farge. Raudfargen på eplene vert utvikla i direkte sollys. Viss noko skuggar for det, så forblir det grønt. Farge er viktig reint visuelt, men enno viktigare er det for sødmen i eplet.

4. For mange eple = treet kan havna i vekselbering. Vekselbering er eit fenomen der eit tre har kjempestor avling eitt år, og nesten ingen avling året etter, og slik fortset det annankvart år om einannan. Det gjev såklart ustabil inntekt, og det likar me jo ikkje. På biletet under ser du eit tre som hadde for stor avling i fjor. Resultat: ikkje eit einaste eple i år.

DSC_0222

5. For mange eple = nokon vil detta av. Sjå føre deg ein klase med fem eple. Det går fint heilt fram til eplene vert så store at det vert trangt om plassen. Dei kan få trykkskadar, ujamn farge, og nokon vil ganske enkelt løsne og dette av fordi dei andre eplene trykkjer mot dei. Og det er ingen garanti for at det er dei beste eplene som får henge att. Betre å tynne, då, og velje sjølv kva for nokre som skal vekk.

DSC_0234

Kor mykje skal ein tynna?

Den offisielle regelen i det intensive systemet for kjernefruktproduksjon seier at det skal vera 0,8 – 1 eple per cm trerekkje. Det betyr at om du har ei ti meter lang trerekkje så skal det vera 1000-1200 eple. Men med mindre du har lyst å gå rundt og telja all eplekarten din, så kan du heller bruka den uoffisielle regelen som seier at det skal vera ca 15 cm mellom kvart eple på treet. Det vil seie, 15 cm frå stilk til stilk. Sånn ca.

Korleis tynna?

Det er to måtar å tynna på: kjemisk, og for hand. I det intensive systemet er det lagt stor vekt på kjemisk tynning allereie på blomestadiet, fordi det er på dette stadiet at tynning vil ha noko å seie for neste års avling. Men sidan eg ikkje har lært om kjemisk tynning enno, kjem eg i år kun til å ta føre meg handtynning.

Ein kan tynne med fingrane, eller bruka ei saks, til dømes ei slik ei:

DSC_0216

Saksa er lettast å bruka på sortar med lang stilk, slik som Summerred. På sortar med kortare stilk, til dømes Discovery, er det lettare å tynna med fingrane.

1. Sjå først på heile treet. Er treet svakt eller sterkt? Er det svakt, må du tynna kraftigare enn på eit sterkt tre. Med «svakt» meiner eg veksten i treet, at det veks sakte og dårleg. Då må treet få litt energi til å veksa også, ikkje berre til å gro eple. Ellers kan det lett havna i vekselbering. Svakt tre vs sterkt tre:

DSC_0240 DSC_0242

2. Lat toppen av treet vera relativt tom. Det er betre å la treet få drive vegetativ vekst i toppen. I tillegg er det ganske tungvint å hauste eple som heng høgt oppe.

3. På korte skot bør det henga att eitt, maks to eple. Ellers kan skotet knekka når eplene vert større.

DSC_0231

4. Hold handa under karten når du tynner, slik at du fangar opp dei som skal vekk. Om du berre lar karten detta rett ned så kan den treffa eplekart under og laga slagmerker.

DSC_0219DSC_0220

5. Fjern først og fremst karten med dårlegast farge. Dette er viktigare enn kor stor eplekarten er. Med dårleg farge meiner eg at eplet er for grønt (alle våre eplesortar er raude eple).

6. Fjern eplekart med skade/sjukdom. Det kan vera sopp, insektgnag eller skade frå maskiner (slåmaskin, til dømes). Legg også merke til dei siamesiske tvillingane på det eine biletet under. Her har noko rart skjedd i blomen, og sjølv om det ville vore interessant å sjå korleis det hadde sett ut til hausten, så er ikkje dette noko som vil verta godkjent på fruktlageret. Frå venstre: sopp, gnag og samanvokste eple:

DSC_0237 DSC_0236 DSC_0235

NB! Det går også an å få FOR STOR frukt! Difor er det også viktig å ikkje tynna for mykje. Fruktlageret vil ha eple innanfor eit visst spenn i storleik. Alt over og under dette går rett til press, og du får mindre pengar per kilo.

Det er noko merkeleg terapeutisk over eit sopass keisamt og repeterande arbeid som tynning. Det er nesten som å spela tetris – irriterande, men tilfredsstillande samstundes. Sjølv trur eg eplebønder (i alle fall dei eg kjenner) er så tolerante og tålmodige fordi dei får utløp for sin indre sorteringssamfunnstilhengjar gjennom systematisk utrensking av ukurant frukt. Verda ville nok vore ein betre stad om alle var pliktig å driva med litt epletynning i ny og ne.