Og no over til noko heilt anna.

Nei, no får det vera nok eple, Listhaug og Bergens Tidende for ei stund. Dei fleste har vel fått med seg at eg også er teikneserieskapar, og i det høvet tenkte eg å fortelja litt om korleis eg jobbar når eg sit foran teiknebordet.

155_Stakkars oss

Den mest populære stripa eg har laga, basert på ei verdsomspennande spørjeundersøkjing.

Idèarbeid

Eg har ikkje tal på kor mange gongar folk har sagt til meg «dette ender vel opp i ein av teikneseriane dine!» med anten eit håpefullt, skadefro eller nervøst blikk. Og ja, det hender. Men som oftast får eg ideane mine frå heilt andre stader enn kvardagslivet.

Når eg til dømes skal laga ein teikneserie til Norsk Barneblad, pleier eg å kikka rundt på nettsider for born for å sjå kva dei er opptekne av om dagen. Debattsidene på Norsk Barneblad sine eigne sider er ei god kjelde. Eg prøver å halda meg til tidlause tema, slik at serien kan trykkjast att om to år utan at den er utdatert. Difor vert det lite Justin Bieber, spesifikke produkt eller referansar til aktuelt nyhendestoff (eg er forresten ganske stolt over at eg ikkje kan nokon songar av Bieber, og at eg berre har høyrt Gangnam Style èin gong. Eller så tyder det at eg høyrer altfor lite på radio).

Gatebladet Megafon har gitt meg temmeleg frie tøyler, så der eksperimenterer eg ofte med stil, format, «stumteikneseriar» (altså, utan tekst) og så vidare. Det er i dette fruktbare miljøet at karakterar som Grammatikkmannen, Sigrid Ulveslaktar og Den Passiv-Aggressive Ponnien Pierre har oppstått.

I stripeseriane mine, som har faste karakterar, er det karakterane sjølve som set føringa for korleis handlinga vert. Så lenge eg har eit tema, kan eg skriva historia ut ifrå korleis karakterane ville reagert i ein gitt situasjon. Det er med andre ord ganske varierande korleis eg kjem fram til ideane mine.

(Arild Midtun sa ein gong at det var feil å kalla teikneseriekarakterar for karakterar. Sjå kor eg bryr meg, hahaha.)

Pulten min

Exhibit A

Exhibit A

Skjermen til høgre er ein vanleg dataskjerm. Den til venstre er ein Wacom Cintiq 21UX teikneskjerm.

 

 

 

 

Eg la inn ein liten pause der slik at dei som veit kva ein Wacom Cintiq 21UX er for noko skulle få gispa og sukka ferdig. PC-en min har eg bygd sjølv med hjelp frå svogeren min. Ellers har eg skrivar og scanner, og i tillegg har eg eit godt gamaldags teiknebord som eg brukar når eg teikner skisser. Kontoret mitt er måla i fargen Laurbær. Viss du lurte.

Skrivearbeid

dump3Biletet over er ein skjermdump frå skriveprogrammet Scrivener, som eg brukar til å skriva manusa mine (ja, eg har sladda teksten). Eg kjøpte Scrivener då eg var med på NaNoWriMo i 2012, og fann ut at det fungerer langt betre enn til dømes Word til mitt bruk. Programmet er genialt for små bitar av tekst, slik at ein slepp enten a)eit enormt Word-dokument der ein må leita seg ihjel etter ein spesiell del av teksten eller b)hundre millionar separate Word-dokument. I dette programmet kan ein nemlig laga små «arkivkort», og eg lagar eit «kort» for kvar stripe/side. Desse kan eg så leggja i eigne bolkar – t.d. ein bolk for Reveland, ein for Reform 94 osv. Scrivener var opprinneleg laga for forfattarar som trong eit program der dei kunne skriva enkeltkapittel og idear, og enkelt flytta rundt på dei for å endra på rekkjefølga. Eg kategoriserer manusa etter kva utgåve av bladet serien skal i (juniutgåva, juliutgåva etc), bortsett frå stripeseriane, som eg berre nummererer.

I tillegg har eg teikneseriemanus-fila mi i ei sky på nettet, slik at eg kan redigera manusa kor som helst, så lenge eg har ei datamaskin med internett i nærleiken. Veldig praktisk når eg er kald og guffen om vinteren og berre vil sitja i sofaen under pleddet med laptopen i fanget.

Skissearbeid

Gyllen halvmeter_eksempel

Denne teikna eg då det svenske kronprinsesseparet fekk baby.

Det er mange som brukar masse pengar på dyrt skissepapir, fancy trykkblyantar og tekniske viskelær. Eg teiknar på vanleg printarpapir. Blyantar og viskelær kjøpar eg gjerne på Staples eller liknande, og eg brukar som regel 2B når eg teiknar. Nyleg kjøpte eg nokre som ikkje var laga i tre, slik blyantar vanlegvis er, men i noko slags plastmateriale. Dei var litt tyngre og låg godt i handa, men var kul umoglege å spissa på vetigt vis. Skal aldri kjøpa sånne meir.

Eg printer ut ein del tomme striper i slengen, i eit lite utval av ei, to, tre, fire og fem ruter (eg lagar flest striper med fire ruter, men det varierer litt).

Teiknearbeid

dump2Etter å ha skrive ferdig manus og laga skissa, scanner eg denne inn i Photoshop på PC-en. På skjermdumpen over har eg sladda sida, for det er ein teikneserie for Megafon som i skrivande stund ikkje er publisert enno. Eg kan jo lata som om det er veldig konfidensielt. Dette vert litt komplisert for den som ikkje har erfaring med Photoshop, men eg teiknar i lag. Sjå føre deg at du har fem transparente ark som ligg oppå kvarandre. På det eine arket kan du teikne rutene, på det andre boblene, på det tredje kan du ha teksten, på det fjerde sjølve streken i teikningane, og det femte fargane. Og under alle transparentane ligg skissa. Omlag slik er det å jobba med lag i Photoshop. Då kan eg enkelt endra på eitt av laga utan å øydeleggja andre delar av teikninga.

For den som vil ha endå meir teknisk info så jobbar eg i CMYK, 600 dpi, har laga min eigen font og brukar Dropbox til å senda frå meg store filer. Når seriane er ferdige vert dei lagra i tre ulike format (.psd, .tiff og .jpeg), og så sender eg avgarde anten tiff-fila eller jpeg-fila til bladet/avisa.

Og no eksploderte sikkert hjernen din, så her er ein morsom gif:

Jkqf2HCvzU2kEAudzWtRnw2

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare