15 minutt i rampelyset

Torsdag 22.05.14:

Eg: Kjære, eg har skrive nokre greier på bloggen her. Eg er ikkje heilt sikker på om eg skal publisera det, då. Gidd du lesa gjennom?

Håvard: OK.

(Fem minutt seinare)

Håvard: Ja! Bra. Synst du skal leggja det ut, eg.

Eg: Åkei.

Håvard: Den der får du sikkert litt oppmerksomhet for.

Eg: Uæ.

 

Fredag 23.05.13:

BAM!

Screenshot_2014-05-23-14-57-22

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Ein tenkt samtale med Sylvi Listhaug

(Heller kaffi i to koppar og set eit fat kjeks på bordet)

 

Eg: Hei! Så koseleg. Vil du ha mjølk i kaffien?

Sylvi: Hei, ja, gjerne. Er det heimelaga kjeks?

Eg: Ja, det er med sjokoladebitar.

Sylvi: Mmm!

Eg: Så kva har du gjort i dag då, Sylvi?

Sylvi: Å, du veit. Papirarbeid. Las ein del epostar. Skreiv under på nokre greier.

Eg: Å.

Sylvi: Du då?

Eg: Eg planta 117 epletre.

Sylvi: Åleine?

Eg: Ja, det var god jord å spa i, så det gjekk unna, gitt.

Sylvi: Gravde du for hand?

Eg: Ja?

Sylvi: Trudde dei hadde gravemaskiner for sånt.

Eg: Det er jo ikkje store holet som skal til. Dessutan har eg ikkje råd til gravemaskin.

Sylvi: Hm.

 

(Me tek ein slurk av kaffien)

 

Sylvi: Du burde jo få opp inntekta di, då.

Eg: Gjerne. Korleis skal eg gjere det, synst du?

Sylvi: Vel, kan du ikkje utvida?

Eg: Utvida kor?

Sylvi: Nei, altså, hogga ned litt av skogen din, kanskje? Og planta epletre der i staden?

Eg: Viss det gjekk an, trur du ikkje forfedrane mine hadde gjort det for lenge sidan?

Sylvi: Kva meiner du?

Eg: Det har jo budd bønder her i århundrer. Viss jorda i skogen var dyrkbar, trur du ikkje den ville vore opparbeidd allereie?

Sylvi: Det … tenkte eg ikkje på.

 

(Me tek ein slurk til. Sylvi et opp kjeksen sin)

 

Sylvi: Kva med å slå garden din saman med nabogardane, då?

Eg: Me leiger allereie jorda til naboen.

Sylvi: Eg meinte den andre naboen. Og resten av jorda i bygda. Det ser ut som ein passande storleik på ein eplegard, synst du ikkje?

Eg: Ein mann frå Hardanger Fruktrådgjeving påpeika at garden eg allereie driv er akkurat så stor at ein person kan driva den åleine, men at ein kanskje må leiga inn hjelp i innhaustinga. Korleis skal eg rekkja over all jorda i heile bygda?

Sylvi: Lenger sør i Europa såg eg nokre stilige innhaustingsrobotar –

Eg: Var det flatt der?

Sylvi: Skal me sjå, ja, det var vel ganske flatt.

Eg: Er det flatt her?

Sylvi: … nei.

Eg: Eg kan alltids setja igang og driva ein kjempesvær gard, men det er no ein gong slik at kvart tre må skjerast, og så må det sprøytast, og så må det tynnast, og så skal det klyppast gras mellom rekkjene, og …

Sylvi: Åkei, åkei. Åh, eg veit det! Du kan jo ansetja alle dei andre bøndene!

Eg: Ansetja dei for å gjera den same jobben dei allereie gjer?

Sylvi: Ja?

Eg: Korleis skal eg tena meir pengar på det når eg må betala løn til dei?

Sylvi: Hm. Kanskje du kan ansetja utlendingar? Du veit, polakkar og sånn. Eg har høyrt dei er billege.

Eg: Det heiter sosial dumping, Sylvi. Og eg trudde FrP var mot innvandring?

Sylvi. Åja, det var sant.

 

(Me ser utover fjorden. Det går ein cruisebåt innover mot Eidfjord)

 

Sylvi: Du kan jo byrja med turisme.

Eg: Det gjer eg jo allereie. Eg leiger ut kårhuset til tyske turistar i sommarhalvåret.

Sylvi: Vinterhalvåret, då?

Eg: Då lagar eg teikneseriar. Det er biinntekta mi.

Sylvi: Aha, så du driv ikkje garden vinterstid? Der har du det! Du er jo berre produktiv halve året!

Eg: Kan du noko om fruktdyrking, Sylvi?

Sylvi: Javisst, frukta veks på tre.

Eg: Og kva gjer trea om vinteren?

Sylvi: … åja.

Eg: Det er ikkje så lett, ser du.

Sylvi: Nei.

 

(Me set frå oss dei tomme koppane)

 

Sylvi: Vel, vel! Eg får sjå og koma meg tilbake til Oslo.

Eg: Ja, eg må henta eldstemann i barnehagen.

Sylvi: Å, har du to?

Eg: Ja, mannen min er i pappapermisjon med den yngste.

Sylvi: Så koseleg! Og skal den yngste i barnehagen, eller vert du heime med kontantstønad?

Eg: No synst eg du skal dra, Sylvi.

Sylvi: Åkei. Ha det bra då!

Eg: Hadet, ja.

 

 

Eg dyppar tåa i politikken

1. mai tok eg turen til Ulvik, der ei venninne av meg ynskte velkomen til frukost i Skeiesmylna med tilhøyrande føredrag om familiegardsbruk.

DSC_0521

Føredraget vart halde av Siri Helle, skribent i Dag og Tid. Det mest interessante eg lærte var dette:

70% av all maten me et kjem frå små gardsbruk.

Kun 20% kjem frå store gardsbedrifter.

Resten – 10% – kjem frå byane; parsellhagar, balkongkassar, tak og kjøkenhagar.

DSC_0511

Som du ser så er eg ein fabelaktig fotograf. Sorry, Siri.

Det er med andre ord ein ganske enorm snuoperasjon som skal til dersom storparten av maten vår skal koma frå digre bruk slik Sylvi Listhaug ser ut til å leggja opp til i sitt forslag til årets landbruksoppgjer. Særleg sidan ho samstundes synst at det skal dyrkast mat overalt i landet vårt. Små bruk bidreg nemlig ikkje berre med brorparten av sjølvforsyninga av mat, dei held også landskapet i hevd og opprettheld det biologiske mangfaldet og ja, det biologiske mangfaldet er viktig.

Siri Helle trakk parallellar til Austerrike, der dei konservative politikarane gjer stikk motsett av det Sylvi føreslår: dei gjev mest stønad og subsidier til dei som har dei mest tungdrivne gardane. Altså, dei som klamrar seg fast i dei bratte fjellsidene i Alpane. Desse bøndene gjer meir enn å halda Austerrike sjølvforsynte med mjølkeprodukt – dei pleier også skogen rundt, som igjen hindrar jorda i fjellsidene frå å rasa ned. Bøndene vert også oppfordra til å ha bisyslar – mange av dei er til dømes skiinstruktørar vinterstid, eller jobbar i helsesektoren, innan butikk, turisme eller handverk – for å nevna noko. Og dei konservative politikarane i Austerrike er klare på kva kostnaden med dette er:

-Når eg kjøper austerriksk mat og drikke, veit eg kva eg et og kva eg drikk. Eg veit óg kva eg må gjere for at det skal overleve slik at eg kan halde fram med å handle: Eg må betale prisen.

Hermann Schultes, landbrukspolitikar i ÖVP

Sitatet over er henta frå Siri Helle sin artikkel om den austerrikske matproduksjonen i Dag og Tid, fredag 2. mai 2014.

Det nest mest interessante eg lærte av føredraget var:

Me har ikkje nok såkorn i Noreg til å så alt jordarealet vårt sjølv.

Me er tvungne til å importera såkorn kvart år. Som Siri så fint sa det – eg tvilar på at bøndene for hundre år sidan var så desperate at dei åt opp såkornet sitt. Det er ein bra ting for eit land å vera sjølvforsynt med mat. Det er kanskje dystopisk å tenkja slik, men kva om Noreg brått vart avskore frå omverda? Kva om økonomien gjekk på snørra, og importert mat plutseleg vart kjempedyr? Me må slutta å tru at me skal ha billegare og billegare mat. Me bruker kun 10% av inntekta vår på mat i dag, mot rundt 40% i etterkrigstida. Skal me ha mat av kvalitet, som me er sikre på kor kjem frå, så må me gjera som dei austerrikske politikarane, nemlig godta at dette har ein pris.

Billegare mat krev enten at ein gjev mindre og mindre pengar til den som produserer maten, eller at ein effektiviserer jordbruket i langt større grad. Sistnevnte er kun mogleg inntil eit visst punkt, fordi let’s face it, det er naturen me leflar med her. Lat oss ta eit eksempel frå fruktindustrien: For å laga eit epletre, må ein først ha ein grunnstamme. Det går gjerne eit par år frå du har bestilt grunnstammane til du får dei levert, fordi det tek tid å produsera dei. Så poder ein på ein kvist frå den eplesorten ein ynskjer, og så må treet veksa. Så tek det kanskje tre år til før treet er såpass stort at du faktisk kan hausta eple frå det.

Det går ikkje an å framskunda denne prosessen. Det går ikkje alltid an å effektivisera jordbruket meir.

Orda «bærekraftig» og «vekst» går gjerne att i same setningar hjå politikarane, men i røynda er dei ofte motsetnader. Retorikk og praksis er to vidt forskjellige ting.

Etter føredraget fekk me lov å hiva oss over eit bugnande matbord med mange lokale rettar. Me kosa oss i sola, prata om ølbrygging og frukt, og babyen min velta ein kaffikopp over alle kopiane av Millom Bakkar og Berg.

DSC_0516DSC_0515DSC_0517

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin dag.