Hjeltnes 2.0

Fekk dette brevet i dag:

IMG_20140613_205638

Hurra! I to år skal eg studera gartnarfaget på deltid, under vaksenopplæringa i Hordaland. Det er samling på skulen tre dagar i månaden, resten er sjølvstudium og praksis.

Dette vert andre gongen eg er elev ved Hjeltnes. Sist gong var for nøyaktig 10 år sidan, skuleåret 2004-05, då eg tok Vg 1 Blomsterdekoratør. Eg vart aldri blomsterdekoratør, då, i staden flytta eg til Bergen og gjekk på kunsthistorie og vart serieteiknar. Så vart eg kjerast og sambuar og trulova og gift og mamma. Skjer mykje på ti år, gitt.

No skal eg derimot gå i fotspora til sjølvaste Olav H. Hauge, og i det høvet passar det fint med eit dikt:

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset.
Han skygde for utsyni, det var eitt, det
vart skumt i stova um sumaren, dessutan
vilde ikkje Gartnarhallen ha
Flaskeeple lenger.
Eg tenkte på kva far min
vilde ha sagt, han lika
den apalen.
Men eg hogg han ned.

Det vart ljosare, eg kan
sjå ut fjorden og elles
fylgja betre med
på fleire kantar,
huset kom meir
i berrsyni,
viser meir att.

Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen.
Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav
god skugge, soli glytte gjenom greinene inn
på bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde
til susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje
betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak.
Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken,
skal eg brjota han upp og slå han sund til ved.

Olav H. Hauge

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare