… og når de blir modne så faller de ned

Det er liksom kruna på verket, eplehausten.

DSC_1643_crop

Heile året har me klypt, gjødsla, skore, vatna, kosa med og sunge for trea og så er det endeleg payback time. Dag etter dag, pose etter pose, bøya ryggen hundre gonger om dagen, kilo for kilo, tonn for tonn. Men kva avgjer når eplehausten startar? Korleis veit ein at akkurat NO er eplene modne? Eg håpar du har god tid, for dette er omfattande. Mykje av dette visste eg om frå før, men fekk endeleg teorien på plass under første samling på Hjeltnes. Mange av bileta er også tekne i klasserommet. Så, set deg godt tilbake i stolen:

Når ein produsent (eller eplebonde om du vil) leverer eple til eit fruktlager, må ho forholda seg til enkelte krav som vert sette av fruktlageret og/eller distributør, det kan til dømes vera Gartnarhallen eller BAMA. Desse krava endrar seg lite frå år til år, men litt endring er det, tilpassa sesongen. I år har det jo vore ein ekstraordinær sesong, så ein har til dømes fått lov å levera litt større eple enn i fjor, medan kravet til dekkfarge er litt mindre strengt. Meir om det under.

Når ein skal avgjere om eit felt er klart for hausting, må ein ta stikkprøvar frå heile feltet, frå begge sider av trea, høgt og lavt – eit godt utval, med andre ord. Deretter må ein gjera testar på desse eplene for å sjå om dei held seg innan for haustekrava.

Det er to hovudkategoriar for krav til modningsgrad av eple. Den første kategorien omfattar dei subjektive haustekrava, og den andre dei objektive haustekrava. Dei subjektive haustekrava omfattar alt slikt som ikkje kan målast og setjast nøyaktige tal på. Engelskmennene kallar det fint for an educated guess – har du litt erfaring, så kan du synsa deg fram til kor modent eplet er. Men det er også mykje som kan målast med utstyr og kjemi, og der kjem dei objektive krava inn.

Her er ei oversikt:

Subjektive haustekrav

1. Farge
Det er to typar farge ein snakkar om her, akkurat som med plommer: grunnfarge og dekkfarge. Og akkurat som med plommer så er det grunnfargen som seier noko om kor modent eplet er, medan dekkfargen er meir kosmetisk. Eit raudt eple ser jo mykje betre ut der det ligg i butikken.

DSC_1654

Grunnfarge

Når grunnfargen er grøn, er eplet umodent. Er grunnfargen gul, er eplet modent. MEN  – og dette er viktig – grunnfargen utviklar seg etter hausting. Det vil seie: eplet modnar sjølv om det ikkje lenger heng på treet. Eplebøndene haustar difor eplene litt før dei er heilt modne, fordi eplene gjerne skal liggja på lager ei stund. Då kan dei modna seg ferdige der, og ha betre lagringsevne.

DSC_1655

Dekkfarge

Alle eplesortar som skal leverast for sal, har krav til dekkfarge. Det er forskjellig frå sort til sort, nokon skal ha minimum 50% dekkfarge, andre 40% osv. Eplet utviklar best dekkfarge dersom det er nokre kjølige netter etterfulgt av solrike dagar. Men kva har skjedd i år? Jo, det har vore mildt og fint heile tida. Eplene har med andre ord ikkje fått dei kjølige nettene sine, både fordi det har vore uvanleg fint vêr, men også fordi me er 2-3 veker tidlegare ute enn før. Difor har kravet til dekkfarge i visse tilfelle vorte sett ned akkurat i år. Dekkfarge utviklar seg ikkje etter hausting. Det har ingenting å seie for smaken, men raude eple sel betre.

2. Kjernefarge
Del eplet i to. Sjå på kjernene (frøa). Er dei lyse? Då er eplet umodent. Er dei mørke? Då er det modent. Enkelt, ja?

3. Glans/sveitting
DSC_1692

Eplet til venstre i biletet over er matt i skalet, og er passeleg modent for hausting. Eplet til høgre er blankt og feittete i skalet. Det er eigentleg litt for modent for levering til lager. I år, der eplene plutseleg vart modne på ein-to-tre, var det ein del slikt å sjå når me henta.

Ellers er det eit par andre ting: kor lett slepp stilken når du plukkar eplet? Viss det er lett å plukka eplet, så er det eit teikn på modning. Må du røske det av med makt så er det mest sannsynleg ikkje klart enno. Og så må ein jo smake, då. Smak er den ultimate subjektive testen – kjenst eplet for hardt? Er det surt? Mjølent? Saftig?

Objektive haustekrav

Her kjem me over til litt meir avanserte metodar, med utstyr som mange kanskje aldri har høyrt om. Slikt utstyr har dei fleste eplebøndene, eller så har naboen, og ein kan låne. Det er snakk om penetrometer, refraktometer og jodtest. Sånt synst eg er forferdeleg morsomt. Eg trur eg må kjøpa meg lang kvit frakk og innreia sprøyterommet som eit laboratorium.

1. Trykkmotstand
Trykkmotstanden fortel kor mjukt fruktkjøtet i eplet er. Eplet må nemlig ikkje vera for mjukt når det skal leverast til lager, både fordi det då ikkje kan lagrast særleg lenge, men også fordi det er mindre motstandsdyktig mot slag og trykk.

DSC_1333 DSC_1332

For å måla trykkmotstanden treng ein eit penetrometer, sjå bileta over. Så skreller ein av skalet på ein 5-6-7 ulike stader rundt på eplet, og trykker penetrometeret inn i fruktkjøtet. Så les ein av talet, skriv det ned, og reknar ut gjennomsnittet for heile eplet. Så refererer ein til ein tabell frå fruktlageret. Di høgare tal, di fastare er eplet. Sorten Gravenstein skulle i år ha ein trykkmotstand på minimum 6,5 ved levering.

2. Stiveinnhald
Stive, eller stivelse om du vil, er det som gjer grønnsaken eller frukta – wait for it – stivt. Eller hardt. Det er for eksempel masse stive i poteter, men ganske lite i ei tomat. Stive omdannar seg til sukker etter kvart som eplet modnar, så di meir stive, di mindre modent er eplet. For å sjå kor masse stive som er i eplet, må ein dela det i to og dyppa flaten i jod. Det er ein spesiell type jod som me får frå fruktlageret, meir veit eg ikkje om den saka. Joden reagerer med stiven i eplet og dannar ein mørk farge. Så samanlinkar ein med bilete ein får frå fruktlageret, og ser korleis ein ligg an.

DSC_1335

På biletet over ser du at det eine eplet han (=lærar Asbjørn på Hjeltnes) held i handa er veldig mørkt, og dermed svært umodent. Det andre er modnare. Tips: ikkje få jod på fingrane. Det minner sterkt om nikotinflekker.

3. Sukkerinnhald
Her brukar ein min favoritt: refraktometeret! Ikkje berre er det eit fint ord å uttala, sjølve instrumentet ser også tøft ut. Eit refraktometer målar brytinga i fruktsafta, og viser på ein skala kor høgt sukkerinnhaldet i safta er.

DSC_1320

Refraktometer <3

Refraktometeret minnar litt om ein kikkert, men kikkar du i det, ser du berre ei blå flate med ein liten skala på. For å måla sukkerinnhaldet må ein samla eplesaft frå heile eplet. Sukkerinnhaldet kan nemlig vera forskjellig alt etter kva side av eplet ein tek safta frå – det kan skilje ei heil grad mellom skuggesida og solsida på eit eple! Måten ein gjer dette på er å skave av eit tynt lag fruktkjøt heile vegen rundt, leggje dette i press (for eksempel i ei kvitlaukspresse) og klemme ut safta.

DSC_1319

I biletet: refraktometer, kvitlaukspresse, høvel for å skave av fruktkjøt, og masse umodne Aromaeple.

Ein dryp eit par dropar av safta på kontaktflaten foran på instrumentet, legg loket over, og kikkar inn medan ein held refraktometeret opp mot lyset. Då ser ein at den blå flaten har fått ein strek, og så les ein av kva tal som står der streken går. Så refererer ein til – igjen – ein tabell frå fruktlageret.

DSC_1330 DSC_1325 DSC_1331

Det var ikkje spesielt lett å ta bilete inn i refraktometeret, men du får kanskje ein ide om korleis det ser ut. Du ser skiljet der lyset bryt i fruktsafta – det er på dette skiljet ein les av sukkerinnhaldet. I år skulle til dømes sorten Aroma halda eit minstekrav på 11,2 i sukkerinnhald ved levering. Han i midten heiter Joar. Håper ikkje han har noko imot å vera fotomodell.

Om eplene når alle desse tre krava, er dei klare for henting. Men kva med storleik, seier du? Vel, storleiken har ikkje nødvendigvis noko med modninga å gjere. Men eit krav er det likevel, og eg tek det med her:

4. Storleik
Det er både eit minimumskrav og eit maksimumskrav for storleik på eple som skal leverast for sal. Det er ikkje store variasjonar mellom sortane, men for til dømes Prinseple er minstekravet litt lågare enn andre sortar, fordi det generelt er eit lite eple. I år var minstekravet til Prins 55 mm i diameter. For alle dei andre sortane våre var det 60 mm. Maksimumskravet har tidlegare vore 90 mm, men vart i år auka til 95-100 mm, men det var nok ikkje mange eple som holdt dei dimensjonane.

DSC_1042 DSC_1043 DSC_1045

På biletet over ser du eit diametermål: går eplet gjennom, er det for lite. Går det ikkje gjennom, er det stort nok (duh). Her viser eg minstemålet for Prins.

Så, korleis brukar ein eplebonde alle desse måla i praksis? Vel, innleiingsvis handlar det om å følgja med, ta seg nokre spaserturar i eplefelta, smaka litt, kjenna på kor lett eplet slepp osv. Når ein trur det nærmar seg (ein får gjerne nokre epostar frå fruktlageret der ein får rapport frå ulike stader i distriktet), plukkar ein med seg eit utval for å testa sukker, stive og trykkmotstand. Til sjuande og sist er det ein kombinasjon av alle desse målingane og krava som avgjer om frukta er klar for hausting. Ein må også bruka ein god dose sunn fornuft, for ein kan jo ikkje gå rundt og vurdera kvart einaste eple. Det skjer også ei utsortering på fruktlageret, eplene som ikkje held krava vert sende til pressing. Ein får jo nokre kroner for det også.

Ja, det var dagens avhandling. Neste gong skal eg skriva eit eller anna tøysete, eg lovar.

 

Ps. Eg kosar ikkje med trea på ordentleg, altså. Syng ikkje for dei heller. Men om dei er heldige så har pappen på radioen i traktoren.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Tid å hausta inn: eple

Den 19. september 2014 vart me ferdige med eplehausten her på garden. Og det, damer og herrer, er rekordtidleg.

DSC_1691

Aller øvst og aller ytst: dei siste Aromaeplene

Lærar på gartnarlinja på Hjeltnes, Asbjørn Børsheim, fortalte at i fjor byrja han å hauste Aroma den 2. oktober. I år er me altså ferdige midt i september. Det har vore ekstremt travelt, for det uvanleg fine været gjorde at alle eplene berre PANG! Eg er moden! Plukk meg! Plukk meg NO! og fruktlageret berre EPLENE ER MODNE! Plukk dei no! Helst i går! og me berre døgeret har berre 24 timar og ikkje alle av dei har dagslys! Det har med andre ord ikkje vore tid til stort anna enn å hente, så bloggen har vorte neglisjert. Særleg sidan eg plutseleg har vorte filmskapar også (meir om det ein annan gong). Men no er me altså ferdige, i god tid før pappen sin årlege sydentur. Sjølv skal eg teikna og lesa pensum.

DSC_1457

Gravenstein

Eg tenkte å ha ein eigen post seinare om korleis ein avgjer når eplene er modne, for det er ganske mykje meir omstendeleg enn med plommer. Difor skal eg heller koma med nokre observasjonar eg har gjort meg i haust:

1. Nokon eple er heilt vanvittig store.

DSC_1512

Eit Gravenstein på «berre» 491 gram

Så store, faktisk, at eg sette igang ein konkurranse om det største eplet i Hardanger for fruktlageret, som eg som sagt er Facebookadministrator for. Sjølv er eg jo inhabil i denne konkurransen, og uansett har me ikkje funne noko større enn det hittil største bidraget. Det største me fann sjølve var ein Raud Aroma på 520 gram. Tenk litt på det. Ein sekspakning Pink Lady pleier å vera rundt 1 kilo.

2. Det er marihøner overalt.

DSC_1387 DSC_1700

Seriøst. Overalt.

DSC_1696

Over. Alt.

DSC_1702

3. Og sommarfuglar.

DSC_1682 DSC_1685

DSC_1689

4. Frukttre er rare.

Dei kan for eksempel finna på å gjera slik:

DSC_1441

Eller sånn:

DSC_1446

What.

Eller slik (desse hang ved sida av kvarandre på treet):

DSC_1494

Eller sånn (fnis):

DSC_1460

5. Dette må vera ein av dei beste jobbane i verda.

DSC_1425

Later, peeps.

 

 

Tid å hausta inn: plommer

Det er haust! Det er so fagert ute at eg skulle ha skrive eit dikt om det. Men det har jo Olav H. Hauge gjort før meg. Me toler eit Hauge-dikt, gjer me ikkje? Jau, det gjer me! Det er jo snart poesifestival og alt:

Tid å hausta inn

Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar,
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
I kveldingi set eg stigen burt og hengjer
laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar
har alt ei tunn breidsle av nysnø.
Etter eg er lagd, høyrer eg dunk av brislingfiskarane,
dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid
med sterke ljoskastarar og leitar yver fjorden.

DSC_1121

I år er frukta moden minst 2 veker tidlegare enn vanleg. Difor er det kjempetravelt ute i trea no, det er plommer og epler om ein annan, og travlare skal det verta. I skrivande stund er me allereie ferdige med Prinseplene, Opalplommene og Mallardplommene, og held på med Discoveryeple og Victoriaplommer. Så tidleg modning av frukta har visst aldri pappen opplevd før, seier han. Men korleis ser ein eigentleg om frukta er moden?

Når det gjeld plommer, så er fargen og fastheita det ein går etter. Plomma skal vera passe mjuk – slik at den er perfekt til å ete tre dagar etter den vart plukka. For ja, så fort går det faktisk frå plukking til butikk. Plommer er ferskvare som ikkje toler lagring så godt, så det er fort inn, fort ut att.

Men det er fargen eg vil skriva litt om no. Mange trur kanskje det er den raude eller fiolette fargen som avgjer, at di mørkare plomma er, di modnare er ho. Men ikkje alltid! Det er nemlig to typar farge ein ser på når det gjeld modning: botnfarge og dekkfarge. Det er botnfargen som er viktigast. Den skal nemlig vera gul. Er botnfargen grøn, kan dekkfargen vera så raud og fristande den berre vil, plomma er ikkje moden. Ein kan som regel også kjenne at plomma er knallhard. Gul=moden, altså. Her er fram- og baksida på ei moden Victoriaplomme med gul botnfarge og god dekkfarge:

DSC_1127 DSC_1128

Og her er ei som ikkje er moden i det heile teke:

DSC_1129 DSC_1130

Dekkfargen kan ein samanlikne med sminke. Ja, den er fin å sjå på, men seier ikkje nødvendigvis noko om kor moden plomma er. Som då eg var 17 år gamal, hadde sminka meg til det ugjenkjennelege og prøvde å koma inn på Pentagon Discotheque på Voss. All verdas sminke gjorde meg jo ikkje 18 år gamal. Eg kom ikkje inn. Og plommer med grøn botnfarge skal få hengja på treet til dei er myndige.

Tenåringsplomme:

DSC_1131 DSC_1132

På same tid kan plommer vera gule, men utan særleg dekkfarge. Desse smakar godt, men ser ikkje like gode ut som dei med masse dekkfarge. Det visuelle er viktig når frukta skal ut i butikken. Plommer bør altså ha litt meir dekkfarge enn denne:

DSC_1133 DSC_1134

Så til sjølve plukkinga. Plommer skal helst ha stilk, men det er ikkje krise om stilken sit att på greina. Dette skjer ofte dersom plomma er ganske moden. Nokon sortar slepp stilken lettare enn andre, til dømes Opal. Victoria, som er sorten på desse bileta, held godt på stilken sin. Ofte kan plommene henge temmeleg godt fast, då er det lettast å få dei laus ved å brekke av stilken med fingeren i motsett retning av slik plomma heng:

DSC_1103 DSC_1104 DSC_1105

Når henteposen på magen er full av plommer, tømer me dei i slike grøne kassar:

DSC_1112

Så køyrer pappen dei ned på kjølelageret på kaien, der fruktlagerbilen seinare kjem og hentar dei . Den køyrer til fruktlageret med plommene, der dei vert vaska og sorterte. Klasse 1 havnar i butikkane, medan ukurante plommer går til foredling – det vil seie syltetøy og denslags.

Og du verda, så godt syltetøy det er.