in Utombygds

Backstage på fruktlageret

«Det gjeld å vera godt kjend», sa pappen i går kveld då eg spurde han kor han hadde fått kaffien frå. Så peika han bak seg mot skapet og kaffitraktarane i møtesalen på Hardanger Fjordfrukt, der me og eit tredvetals andre fruktbønder hadde samla seg til oppstartsmøte i eple, sesongen 2014.

DSC_0885

«Parkeringsplass» er eit relativt begrep.

Forut for møtet stod eg, pappen, naboen og son hans og sikla på nokre nye henteposar dei hadde fått inn i den vesle butikken i resepsjonen. Pappen såg etter jordanker. Me studerte monteringshanskar for skånsom henting av eple. Eg viste naboen kva for ei tynningssaks eg hadde fått meg. Så gjekk me opp trappa og slo oss ned rundt eit bord med nevnte kaffi.

DSC_0878

Dei nye henteposane.

Bama vil ha strengare krav til kontroll og stikkprøvar. Prinseple er mangelvare. Salssesongen vil i år vera 2-3 veker lenger enn vanleg. Eplene kan i år vera opp til 95 mm i diameter.  Den politiske situasjonen i Ukraina og Russland kan få innverknad på den norske fruktmarknaden. Stormen Lena har laga flekkskader på plommene. Heile facebook-sida mi vart smelt opp på storskjerm for å finna eit bilete eg hadde lagt ut der av Coop sine nye Smak Forskjellen-etikettar på Hardangerfrukt. Ein bonde ved namn Knut fortalte at han hadde blitt oppringt av ein vilt framand oslofyr som hadde hatt sitt livs smaksoppleving då han hadde kjøpt ei korg moreller. På etiketten stod namnet til Knut, og oslofyren hadde søkt han opp på nettet for å ringa og takka. God stemning.

DSC_0890

Utsikt frå ferjekaien

«Ja, kva synst du, Jorunn?» sa fleire til meg etter møtet. «Det gjekk jo roleg for seg, dette!» Naboen kunne fortelja meg at det vanlegvis var litt meir drama og patos på slike møter, der me stod på ferjekaien på Utne og venta på ferja. Drama og patos er ikkje akkurat ord som er vanlege å bruka om sindige hardangerbønder, men kanskje fruktlagermøter er staden der dei slepp ut litt damp.

DSC_0881

No shit?

Ute heng trea tunge med eple som er nesten, men ikkje heilt, modne. Det er stille før stormen – vil hentinga av plommer kollidera med hentinga av eple? Skal me byrja på prinseplene neste veke, eller venta til veka etter? Vil botnfargen vera god nok på Summerred? Samstundes, her i stova, sit eldstemann og trykker ut blomar i blå modellkitt. Yngstemann ligg og søv. Og eg tenkjer at no kan godt kvardagen koma, for eg vil ut og henta frukt.

DSC_0883

Fruktlagerbilen er også klar for å henta frukt.

 

 

 

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Write a Comment

Comment

  1. Har lest, å ser lysare på framtida for fruktbøndene takket være slike som deg.
    Stå på! Me treng yngre krefter med positive holdningar å pågangsmot på smågardane her,enten du driv med frukt eller dyr.