Det var ei mørk og stormfull …

Her om dagen var eg oppe på loftet, og inne i ein krok fann eg noko som eg rett og slett må dela her på bloggen. I løpet av livet har eg hatt ambisjonar om å skriva ganske mange bøker, men stort sett aldri kome lenger enn eit par sider. Og her fann eg rett og slett eit klassisk eksempel på ei slik. Etter handskrifta å døme (og kunnskapen om engelske namn) tipper eg at eg var ca 10-11 år då eg skreiv dette, og eg gjengir det for dykk no, ord for ord. Eg har teke med alle grammatikk- og skrivefeil. Enjoy:

«Adagry McLark» står det på biletet. Det er ho som var den første McLark’en her. No bur det ein ny McLark-familie her. Faren, Scotty McLark, stor og sterk, skjegg og bart. Mora, Lady Mary McLark, lita, søt, mørkt hår. Dei to ungane deira heiter Nicolas og Martha McLark. No hadde det slik at Adagry McLark spøkte her i hust. Og kvar gong nokon overnatta på gjesterommet, så var dei vekke om morgonen. Ei natt var det ein ung mann som ville overnatte der. Han gjekk rett forbi alle advarslane.

Han sa at han skulle skriva på skosålene sine kva som skjedde. Då det vart kveld, sat alle i stova, untatt mannen. Han gjekk og la seg. Plutseleg! Der kom Adagry. Rett ut av biletet hennar! Ho gjekk mot døra til gjesteværelset. Plutseleg hørte dei eit skrik. Eit skrik om hjelp? Alle sprang mot døra. Faren slo opp døra og midt på gulvet sto skoa. Faren tok opp skoa og las. «les då!» sa mora. Og Faren las. «nummer 42!»

«Kvar er han blitt av?» spurte Nicolas. «Eg veit ikkje,» sa faren mørkt. «kan hende spøkelset tok han med seg.» «AAHHH, er her besøk?» var det nokon som sa! Der! Der borte ved døra står ho! «Kom, Kom! Kom her, alle saman!» Alle gleid inn i ei transe og bevega seg mot spøkelset. Spøkelset la ei iskald hand etter tur på kvar av dei. Plutseleg blei det kvitt for dei alle saman. Dei berre datt og datt, og då dei traff bakken, vakna dei or transen.

Men kvar er vi no? Spurte Martha. «Det veit eg heller ikkje,» sa faren. «sjå, det er jo berre spøkelse rundt oss! Og der er den mannen som overnatta hos oss óg,» utbraut Nicolas. «Ja,» sa Martha. «eg ser ein ting til óg eg, nemleg at me og er blitt spøkelse. Adagry McLark har drepe oss. Me kom ikkje til Himmelen, men til Helvete.» «Du har rett,» sa nokon. Denne nokon var Adagry McLark.

«Men kvifor gjorde du dette?» spurde Mora. «Fordi det har kvilt ei forbanning over McLark-familien,» sa ho. «kva slag forbanning?» spurde Martha. «Jo, no skal du høyra,» sa spøkelset.

Slutt.

IMG_20150416_095611

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Så ditt eige epletre – eller ikkje, whatever.

Her om dagen svevde denne vesle saka rundt i Facebook-straumen min:

Learn How You Can Grow Your Own Apple Trees From Seeds

Om du klikkar på teksten over så kjem du til ei side der det blant anna står: «How would you like to grow your very own apple tree and have fresh apples whenever you want to?»

Jah. Ehem.

DSC_1691

Ikkje akkurat frøformeirte epletre.

 

Jodå, du kan endeleg få deg eit epletre ved å så eit eplefrø. Det er eit par grunnar til kvifor dette er ein god idé, og ganske mange grunnar til at det er ein veldig dårleg ein.

Kvifor det er ein dårleg idé:

1. Du skal ha veldig, veldig god tid. Eit frukttre som er dyrka fram frå eit frø må nemlig gjennom noko som kallast juvenilfasen. Tenk på det som om treet må vera tenåring ei stund. Treet kjem ikkje til å produsera eit einaste eple før det er ferdig med denne fasen. Det kan ta 8-12 år.

2. Du får ikkje same sort som eplet du henta frøet frå. Akkurat på same måte som du ikkje er ein klone av mor di. Far din har nemlig også vore inne i biletet her. Frøa i eit eple er ei tilfeldig blanding av arvemateriale frå mortreet og støvtreet.

3. Eple du kjøper i butikken er ofte hausta litt før det eigentleg er modent. Særleg gjeld det utanlandske eple. Dermed er ikkje frøa modne heller, og då vert spireprosenten temmeleg låg. Sjå etter brune frø, dei er modne. Lyse frø er ikkje.

Kvifor det er ein god idé:

1. Det er slik nye eplesortar vert til. I planteskular og forsøksgardar nedover i Europa vert det heile tida dyrka fram nye sortar. Då sår ein frøa og håpar på det beste, for resultatet ser ein altså ikkje før om ein ti års tid. Dersom du sår eit eplefrø kan det jo faktisk henda at du får ein vellukka sort av det. (Nye sortar kan også koma frå mutasjonar, men det er ei heilt anna historie)

2. Det er jo litt stas å ha sådd sitt eige epletre, då. Sånn for meistringskjensla sin del. Og så kan du jo alltids bruka treet du får som grunnstamme for eit godt, gamaldags epletre av den digre sorten (noko originalartikkelen fortel, om enn i veldig forenkla ordelag).

DSC_1643

Ikkje akkurat frøformeirte eple.

Følg med om nokre dagar, då skal eg blogga så det susar om poding, vegetativ og generativ formeiring, grunnstammar, podekvist, voks, strikk og teip. Peace out.