Me lyt halda saman

Så brann det nok ein gong, og ein mann er arrestert. Bygda pustar ut og senker skuldrene littegranne. Og brannbilane og politibilane er erstatta av slike bilar:

10724837_315356435314275_1433330411_n

Denne gongen brann det i sauefjøset til ein god nabo, den same familien som var råka av dei to førre brannane i år. Jepp. Sauefjøset. Midt inne blant sauene, i høyet som dei skulle ete. Der brann det, rundt klokka fire på natta. No tok det riktignok ikkje lang tid før brannalarmen gjekk og gardsfolket kom springande til, så ingen sauar vart skadde. Men som eg skreiv sist – slikt gjer ein berre ikkje.

Dei observerte ein person – ein lokal mann – og fekk stansa han, og politiet kom raskt til staden og arresterte han. I dag vart siktinga utvida til å også inkludera dei to forrige brannane. Mannen nektar straffeskuld.

Mange lurar vel på om eg veit kven det er, og om bygdefolket mistenkte denne personen. Eg kan berre seie det slik at det finst vel ikkje eitt einaste scenario me ikkje i plenum har diskutert og analysert opp og i mente over ørten kaffikoppar dei siste dagane. Det var til og med folk eg veit ikkje hadde noko med brannane å gjera som lettare paranoid undra seg om det kunne vera dei sjølve som gjekk i søvne. Me har tråla dei fleste moglegheitene. Og denne moglegheita var ein av dei.

Eg vil berre seie at uansett kva som kjem ut av denne saka så har eg og resten av bygda djup medkjensle for familien til den pågripne. Som min nabo Knut sa til avisa Hordaland etter bråtebrannen i september, «me er ikkje fleire her i bygda enn at me lyt halda saman». Amen.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

No også som filmskapar.

Midt oppi branndrama og tjo og hei prøver eg å få jobba litt også. Her er eit blogginnlegg eg byrja på for ei veke sidan:

Dei siste vekene har eg vore travelt oppteken, blant anna med å gjera masse ting eg ikkje kan. Eller, som eg ikkje kunne. Eg kan dei no. Som for eksempel laga video med forteljarstemme. Jodå, eg var innom dette då eg utdanna meg i England, men det er 10 år sidan, så det meste måtte eg grava djupt i hukommelsen for å hugsa, og det har jo skjedd ein ting og to i den digitale verda på 10 år, så Premiere Pro i 2014 er ikkje heilt det same som Premiere Pro i 2004.

Her er dei tekniske detaljane, for den som er interessert: Eg filma heile sulamitten med eit GoPro Hero3+ Black Edition-kamera. Opptaka gjorde eg på garden vår, på Hardanger Fjordfrukt, på Coop X-tra i Odda, på EuroSpar i Blomsterdalen og pittelitt på ferjekaien i Kvanndal. Eg redigerte i Adobe Premiere Pro CC. Forteljarstemma er teken opp med ein Samson Q2U-mikrofon direkte i Premiere Pro (mikrofonen har USB-tilkopling), eg brukte både mikrofonhette og pop-filter. Musikken er henta frå YouTube sitt lydbibliotek. Videoen laga eg på oppdrag frå Føregangsfylket for økologisk frukt og bær, eit prosjekt i Hordaland Fylkeskommune.

Forteljarstemma er forresten min gode nabo Rannveig Djønne, anerkjend folkemusikar med den mest behagelege stemma vest for vannskiljet:

Ellers ligg filmen også ute på YouTube-kanalen min i instrumentalversjon, og eg har planar om å klippa til ein kortare versjon og. Og så kjem eg til å leggja ut dei andre videoane eg har laga i haust også der.

Du verda. Alt dette berre på grunn av ein tøysete liten eplekakevideo eg laga. Funny ol» life!

Me skal ikkje bøya oss for dette

Brannbil5. juni i år skreiv eg dette blogginnlegget om ein brann i bygda mi.

Det var ikkje første brannen i bygda. 2. juledag 2011 brann det første huset ned.

Brannen i juni var i huset like ved sida, som var under oppføring.

I september var det ein uforklarleg bråtebrann i same området, som ingen ville vedkjenna seg. Like etter dette byrja dei å byggje opp huset att.

No har det brent ned ein gong til.

DSC_2213

Det er vel unødvendig å seie kva me føler i bygda akkurat no. Sjølv var min umiddelbare reaksjon – etter sjokket – å bli fly forbanna. Sånt gjer ein ikkje. Ein gjer det berre ikkje.

Politiet gjer ein grundig jobb denne gongen. Eg har sjølv avgitt forklaring, akkurat som absolutt alle andre i bygda.

Politibilar

Bileta er tekne frå huset til ei venninne. Frå huset mitt kan ein ikkje sjå brannstaden, og faktisk la eg ikkje merke til noko uvanleg då eg køyrde forbi for å levera ungane i barnehagen. Det var grålysning, eg var trøytt, og brannen var sløkt då eg køyrde forbi, og uansett ligg det slik til frå vegen at ein ser det betre på vegen tilbake. Men både eg og politikvinna som intervjua meg måtte le litt då eg fortalde at det var ei barnehagetilsett i nabokommunen som først fortalde meg om brannen. Ho hadde høyrt det på radio.

Politihund

Politihunden var på staden berre 3-4 timar etter at brannen vart varsla, noko som er kjempebra. Mannen min er med i Norske Redningshunder, og me veit godt kor fantastisk snuten til ein hund kan vera. Tida vil visa om den fann noko, dei har ikkje sagt noko i media i alle fall.

Etterslokking

Dette skulle altså – igjen – verta huset som ei 81 år gamal dame skulle flytta inn i på sine gamle dagar. Eg har prata med ho, og eg har enorm respekt for henne: «me gjev oss ikkje!» seier ho. «Me skal ikkje bøya oss for dette.»