Facebook, Fjordfrukt og eplekake

Som mange nok har fått med seg og/eller mistenkt, så har eg fått oppdraget med å oppretta og administrera Facebooksida til fruktlageret me leverer til, Hardanger Fjordfrukt. Og det er kjempegøy! Eg har vore ei slags blanding av IT-konsulent, filmregissør, grafisk designer, fotograf, psykolog og fruktekspert, og det er utruleg interessant å sjå korleis sosiale media fungerer. Til dømes er det lurt å leggja ut fristande bilete like før lunsj på fredagar, for då er folk svoltne og lei av å vera på jobb, og sit og loker på Facebook i staden.

Om du ikkje har gjort det allereie, vert eg glad om du går inn og likar sida! Klikk på logoen under, så kjem du dit.

HFFOg apropos fristande! Du skulle ikkje ta og laga eplekake i helga, då?

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Tid å hausta inn: plommer

Det er haust! Det er so fagert ute at eg skulle ha skrive eit dikt om det. Men det har jo Olav H. Hauge gjort før meg. Me toler eit Hauge-dikt, gjer me ikkje? Jau, det gjer me! Det er jo snart poesifestival og alt:

Tid å hausta inn

Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar,
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
I kveldingi set eg stigen burt og hengjer
laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar
har alt ei tunn breidsle av nysnø.
Etter eg er lagd, høyrer eg dunk av brislingfiskarane,
dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid
med sterke ljoskastarar og leitar yver fjorden.

DSC_1121

I år er frukta moden minst 2 veker tidlegare enn vanleg. Difor er det kjempetravelt ute i trea no, det er plommer og epler om ein annan, og travlare skal det verta. I skrivande stund er me allereie ferdige med Prinseplene, Opalplommene og Mallardplommene, og held på med Discoveryeple og Victoriaplommer. Så tidleg modning av frukta har visst aldri pappen opplevd før, seier han. Men korleis ser ein eigentleg om frukta er moden?

Når det gjeld plommer, så er fargen og fastheita det ein går etter. Plomma skal vera passe mjuk – slik at den er perfekt til å ete tre dagar etter den vart plukka. For ja, så fort går det faktisk frå plukking til butikk. Plommer er ferskvare som ikkje toler lagring så godt, så det er fort inn, fort ut att.

Men det er fargen eg vil skriva litt om no. Mange trur kanskje det er den raude eller fiolette fargen som avgjer, at di mørkare plomma er, di modnare er ho. Men ikkje alltid! Det er nemlig to typar farge ein ser på når det gjeld modning: botnfarge og dekkfarge. Det er botnfargen som er viktigast. Den skal nemlig vera gul. Er botnfargen grøn, kan dekkfargen vera så raud og fristande den berre vil, plomma er ikkje moden. Ein kan som regel også kjenne at plomma er knallhard. Gul=moden, altså. Her er fram- og baksida på ei moden Victoriaplomme med gul botnfarge og god dekkfarge:

DSC_1127 DSC_1128

Og her er ei som ikkje er moden i det heile teke:

DSC_1129 DSC_1130

Dekkfargen kan ein samanlikne med sminke. Ja, den er fin å sjå på, men seier ikkje nødvendigvis noko om kor moden plomma er. Som då eg var 17 år gamal, hadde sminka meg til det ugjenkjennelege og prøvde å koma inn på Pentagon Discotheque på Voss. All verdas sminke gjorde meg jo ikkje 18 år gamal. Eg kom ikkje inn. Og plommer med grøn botnfarge skal få hengja på treet til dei er myndige.

Tenåringsplomme:

DSC_1131 DSC_1132

På same tid kan plommer vera gule, men utan særleg dekkfarge. Desse smakar godt, men ser ikkje like gode ut som dei med masse dekkfarge. Det visuelle er viktig når frukta skal ut i butikken. Plommer bør altså ha litt meir dekkfarge enn denne:

DSC_1133 DSC_1134

Så til sjølve plukkinga. Plommer skal helst ha stilk, men det er ikkje krise om stilken sit att på greina. Dette skjer ofte dersom plomma er ganske moden. Nokon sortar slepp stilken lettare enn andre, til dømes Opal. Victoria, som er sorten på desse bileta, held godt på stilken sin. Ofte kan plommene henge temmeleg godt fast, då er det lettast å få dei laus ved å brekke av stilken med fingeren i motsett retning av slik plomma heng:

DSC_1103 DSC_1104 DSC_1105

Når henteposen på magen er full av plommer, tømer me dei i slike grøne kassar:

DSC_1112

Så køyrer pappen dei ned på kjølelageret på kaien, der fruktlagerbilen seinare kjem og hentar dei . Den køyrer til fruktlageret med plommene, der dei vert vaska og sorterte. Klasse 1 havnar i butikkane, medan ukurante plommer går til foredling – det vil seie syltetøy og denslags.

Og du verda, så godt syltetøy det er.

Backstage på fruktlageret

«Det gjeld å vera godt kjend», sa pappen i går kveld då eg spurde han kor han hadde fått kaffien frå. Så peika han bak seg mot skapet og kaffitraktarane i møtesalen på Hardanger Fjordfrukt, der me og eit tredvetals andre fruktbønder hadde samla seg til oppstartsmøte i eple, sesongen 2014.

DSC_0885

«Parkeringsplass» er eit relativt begrep.

Forut for møtet stod eg, pappen, naboen og son hans og sikla på nokre nye henteposar dei hadde fått inn i den vesle butikken i resepsjonen. Pappen såg etter jordanker. Me studerte monteringshanskar for skånsom henting av eple. Eg viste naboen kva for ei tynningssaks eg hadde fått meg. Så gjekk me opp trappa og slo oss ned rundt eit bord med nevnte kaffi.

DSC_0878

Dei nye henteposane.

Bama vil ha strengare krav til kontroll og stikkprøvar. Prinseple er mangelvare. Salssesongen vil i år vera 2-3 veker lenger enn vanleg. Eplene kan i år vera opp til 95 mm i diameter.  Den politiske situasjonen i Ukraina og Russland kan få innverknad på den norske fruktmarknaden. Stormen Lena har laga flekkskader på plommene. Heile facebook-sida mi vart smelt opp på storskjerm for å finna eit bilete eg hadde lagt ut der av Coop sine nye Smak Forskjellen-etikettar på Hardangerfrukt. Ein bonde ved namn Knut fortalte at han hadde blitt oppringt av ein vilt framand oslofyr som hadde hatt sitt livs smaksoppleving då han hadde kjøpt ei korg moreller. På etiketten stod namnet til Knut, og oslofyren hadde søkt han opp på nettet for å ringa og takka. God stemning.

DSC_0890

Utsikt frå ferjekaien

«Ja, kva synst du, Jorunn?» sa fleire til meg etter møtet. «Det gjekk jo roleg for seg, dette!» Naboen kunne fortelja meg at det vanlegvis var litt meir drama og patos på slike møter, der me stod på ferjekaien på Utne og venta på ferja. Drama og patos er ikkje akkurat ord som er vanlege å bruka om sindige hardangerbønder, men kanskje fruktlagermøter er staden der dei slepp ut litt damp.

DSC_0881

No shit?

Ute heng trea tunge med eple som er nesten, men ikkje heilt, modne. Det er stille før stormen – vil hentinga av plommer kollidera med hentinga av eple? Skal me byrja på prinseplene neste veke, eller venta til veka etter? Vil botnfargen vera god nok på Summerred? Samstundes, her i stova, sit eldstemann og trykker ut blomar i blå modellkitt. Yngstemann ligg og søv. Og eg tenkjer at no kan godt kvardagen koma, for eg vil ut og henta frukt.

DSC_0883

Fruktlagerbilen er også klar for å henta frukt.