Tynning 101: eple

Då eg i vår skreiv innlegga om skjering, såg eg føre meg at eg også kom til å skriva ei liknande, tredelt avhandling om tynning. Men for å vera ærleg – det er ikkje SÅ masse å skriva om temaet. Difor kjem eg til å skriva to innlegg: eit om eple, og eit om plommer.

DSC_0253

(På biletet over ser du kor det brått vart litt vel effektiv tynning då bremsene plutseleg forsvann på traktoren for nokre veker sidan)

Kvifor tynna?

Ååå jammen Jorunn, det følest jo så feil å riva ned alle desse eplene, er ikkje poenget å ha kjempestor avling då?

Hah! You wish. Det er mange grunnar til kvifor ein skal tynna, sjølv om ein berre har eit einaste hobbytre i hagen sin. Her handlar det, i likheit med under skjeringa, om å tvinga treet til å bruka kreftene sine på rett måte. Her er ei liste:

1. For mange eple = for små eple. Treet klarar berre å trekkja opp så og så mykje vatn, det har berre så og så masse næring tilgjengeleg, og berre så og så mykje lauvverk til fotosyntesa. Di fleire eple treet må fordela desse ressursane på, di mindre vert frukta.

2. For mange eple = greiner vil knekkja. På bileta under ser du ein tretopp før og etter tynning. I rest my case.

DSC_0245 DSC_0247

3. For mange eple = for dårleg farge. Raudfargen på eplene vert utvikla i direkte sollys. Viss noko skuggar for det, så forblir det grønt. Farge er viktig reint visuelt, men enno viktigare er det for sødmen i eplet.

4. For mange eple = treet kan havna i vekselbering. Vekselbering er eit fenomen der eit tre har kjempestor avling eitt år, og nesten ingen avling året etter, og slik fortset det annankvart år om einannan. Det gjev såklart ustabil inntekt, og det likar me jo ikkje. På biletet under ser du eit tre som hadde for stor avling i fjor. Resultat: ikkje eit einaste eple i år.

DSC_0222

5. For mange eple = nokon vil detta av. Sjå føre deg ein klase med fem eple. Det går fint heilt fram til eplene vert så store at det vert trangt om plassen. Dei kan få trykkskadar, ujamn farge, og nokon vil ganske enkelt løsne og dette av fordi dei andre eplene trykkjer mot dei. Og det er ingen garanti for at det er dei beste eplene som får henge att. Betre å tynne, då, og velje sjølv kva for nokre som skal vekk.

DSC_0234

Kor mykje skal ein tynna?

Den offisielle regelen i det intensive systemet for kjernefruktproduksjon seier at det skal vera 0,8 – 1 eple per cm trerekkje. Det betyr at om du har ei ti meter lang trerekkje så skal det vera 1000-1200 eple. Men med mindre du har lyst å gå rundt og telja all eplekarten din, så kan du heller bruka den uoffisielle regelen som seier at det skal vera ca 15 cm mellom kvart eple på treet. Det vil seie, 15 cm frå stilk til stilk. Sånn ca.

Korleis tynna?

Det er to måtar å tynna på: kjemisk, og for hand. I det intensive systemet er det lagt stor vekt på kjemisk tynning allereie på blomestadiet, fordi det er på dette stadiet at tynning vil ha noko å seie for neste års avling. Men sidan eg ikkje har lært om kjemisk tynning enno, kjem eg i år kun til å ta føre meg handtynning.

Ein kan tynne med fingrane, eller bruka ei saks, til dømes ei slik ei:

DSC_0216

Saksa er lettast å bruka på sortar med lang stilk, slik som Summerred. På sortar med kortare stilk, til dømes Discovery, er det lettare å tynna med fingrane.

1. Sjå først på heile treet. Er treet svakt eller sterkt? Er det svakt, må du tynna kraftigare enn på eit sterkt tre. Med «svakt» meiner eg veksten i treet, at det veks sakte og dårleg. Då må treet få litt energi til å veksa også, ikkje berre til å gro eple. Ellers kan det lett havna i vekselbering. Svakt tre vs sterkt tre:

DSC_0240 DSC_0242

2. Lat toppen av treet vera relativt tom. Det er betre å la treet få drive vegetativ vekst i toppen. I tillegg er det ganske tungvint å hauste eple som heng høgt oppe.

3. På korte skot bør det henga att eitt, maks to eple. Ellers kan skotet knekka når eplene vert større.

DSC_0231

4. Hold handa under karten når du tynner, slik at du fangar opp dei som skal vekk. Om du berre lar karten detta rett ned så kan den treffa eplekart under og laga slagmerker.

DSC_0219DSC_0220

5. Fjern først og fremst karten med dårlegast farge. Dette er viktigare enn kor stor eplekarten er. Med dårleg farge meiner eg at eplet er for grønt (alle våre eplesortar er raude eple).

6. Fjern eplekart med skade/sjukdom. Det kan vera sopp, insektgnag eller skade frå maskiner (slåmaskin, til dømes). Legg også merke til dei siamesiske tvillingane på det eine biletet under. Her har noko rart skjedd i blomen, og sjølv om det ville vore interessant å sjå korleis det hadde sett ut til hausten, så er ikkje dette noko som vil verta godkjent på fruktlageret. Frå venstre: sopp, gnag og samanvokste eple:

DSC_0237 DSC_0236 DSC_0235

NB! Det går også an å få FOR STOR frukt! Difor er det også viktig å ikkje tynna for mykje. Fruktlageret vil ha eple innanfor eit visst spenn i storleik. Alt over og under dette går rett til press, og du får mindre pengar per kilo.

Det er noko merkeleg terapeutisk over eit sopass keisamt og repeterande arbeid som tynning. Det er nesten som å spela tetris – irriterande, men tilfredsstillande samstundes. Sjølv trur eg eplebønder (i alle fall dei eg kjenner) er så tolerante og tålmodige fordi dei får utløp for sin indre sorteringssamfunnstilhengjar gjennom systematisk utrensking av ukurant frukt. Verda ville nok vore ein betre stad om alle var pliktig å driva med litt epletynning i ny og ne.

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Nærbilete av Grendahuset

heimstadlæreDenne veka hadde eg planlagt to blogginnlegg – epletynning og plommetynning. Men så vart heile familien sjuk, så det gjekk i vasken. Heldigvis hadde eg masse lekre bilete frå Grendahuset liggjande, så me tek dei i staden.

 l

DSC_0095

DSC_0109Grendahuset er, som du sikkert ser, ein tidlegare barneskule. Den har heile to klasserom, lærarrom, gymsal, sløyd, kjøken, bibliotek, scene, garderobar og tannlegekontor. Sidan skulen vart lagt ned har huset vore brukt til alt frå bryllup og konfirmasjon til overnattingslokale for fotballag som skal på Eidfjord Cup.

 DSC_0102

DSC_0111Eg rakk aldri gå på denne skulen sjølv, men begge mine eldre brør har gått der. Mot slutten var det så få elevar at alle gjekk i same klasse, og læraren (ja, berre èin lærar) gav tilpassa undervisning til kvar enkelt. Imponerande gjerning av den eine læraren å gje tilstrekkjeleg god undervising i samtlege fag i 1.-7. klasse, må eg seie. Eg kan faktisk hugse at mor mi var med og underviste i gym ein gong. Femårige meg var nemlig med, og dreiv med det eg sjølv kalte breakdancing i eit hjørne. Det innebar å sitje på rompa og spinne rundt og rundt.

 DSC_0122 DSC_0082 DSC_0084

DSC_0123

Grendahuset er samlingsstaden i bygda, her møtest me til 17. mai, basar, quiz, skalkafest og dametrim. Her har eg sjølv feira bryllup, og holdt utdrikningslag for ei venninne. Her gjekk eg då eg trong eit stort, tomt golv for å klyppa til stoff til ein kjole. Her kan ungane spela fotball, og dei gamle damene har vevstove. Her kjem julenissen kvar romjul, innimellom kjem det musikarar og held konsert, og ein sjeldan gong er det gudsteneste. Eit hus for alt, med andre ord.

 DSC_0116DSC_0121

DSC_0117

Og når ungane mine vert større så skal me feira bursdagane deira der. Ingenting er vel betre enn å fora ti-femten ungar med kake og brus og deretter sleppe dei laus i ribbeveggen.

DSC_0087

Hjeltnes 2.0

Fekk dette brevet i dag:

IMG_20140613_205638

Hurra! I to år skal eg studera gartnarfaget på deltid, under vaksenopplæringa i Hordaland. Det er samling på skulen tre dagar i månaden, resten er sjølvstudium og praksis.

Dette vert andre gongen eg er elev ved Hjeltnes. Sist gong var for nøyaktig 10 år sidan, skuleåret 2004-05, då eg tok Vg 1 Blomsterdekoratør. Eg vart aldri blomsterdekoratør, då, i staden flytta eg til Bergen og gjekk på kunsthistorie og vart serieteiknar. Så vart eg kjerast og sambuar og trulova og gift og mamma. Skjer mykje på ti år, gitt.

No skal eg derimot gå i fotspora til sjølvaste Olav H. Hauge, og i det høvet passar det fint med eit dikt:

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset.
Han skygde for utsyni, det var eitt, det
vart skumt i stova um sumaren, dessutan
vilde ikkje Gartnarhallen ha
Flaskeeple lenger.
Eg tenkte på kva far min
vilde ha sagt, han lika
den apalen.
Men eg hogg han ned.

Det vart ljosare, eg kan
sjå ut fjorden og elles
fylgja betre med
på fleire kantar,
huset kom meir
i berrsyni,
viser meir att.

Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen.
Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav
god skugge, soli glytte gjenom greinene inn
på bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde
til susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje
betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak.
Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken,
skal eg brjota han upp og slå han sund til ved.

Olav H. Hauge

Plommepung

Screenshot_2014-06-10-22-22-34

Tekstmeldingane over er frå i dag tidleg. Til forklaring snakkar pappen her altså om ein sjukdom med eit særs underhaldande namn, nemleg plommepung.

(Fnis)

DSC_0958Plommepung (tihi) er ein sjukdom på plommetre som vert forårsaka av soppen Taphrina pruni. I fylgje pappen angrip soppen på blømingsstadiet, og viser seg så ved at angripne frukter vert store, bleike og skeive. «Bananer», altså. Sjølv om eg synst dei ser litt meir ut som cashewnøtter.

I år er det ekstremt mykje plommepung (knis), ikkje berre hjå oss, men hjå naboane også, etter det eg har skjønt. Pappen sa han aldri hadde sett noko liknande. Heldigvis er det godt med friske plommekart også, så avlinga vert brukbar likevel.

DSC_0961Plommepung (præhæ) viser seg verst på plommesorten Mallard. Sorten er ellers relativt hardfør, men alle sortar har sin akilleshæl, og dette er Mallard sin. Når sjukdomen først har oppstått, er det ikkje anna å gjere enn å plukke det vekk for hand. Kjip jobb, men ikkje verre enn vanleg tynning. Betre, faktisk. For der vanleg plommetynning frå barndomen av har inkludert to storebrør som pælmar plommekart i hovudet på meg, har plommepung (knegg) ein uventa fordel, nemleg lyden: