Finn mann

Sidan det er himmelspretten i dag så fann eg ut at eg skulle verta med mannen min på trening med Norske Redningshunder.

DSC_0861

Hunden på biletet over er bikkja vår, Balder. Merket på selen hans har det klingande namnet «trekant», som viser at han er ferdig utdanna og godkjend redningshund. Den fekk han for halvtanna år sidan, etter godt over tre år med trening, prøvar, banning, steiking og mange, mange godbitar. Mannen min har ein matchande vest som visar at han er hundeførar.

Før ein hund kjem så langt, må den gjennom fleire trenings- og prøverundar: appellprøve, B-prøve (rundering, spor), Ukas Arbeid B (4-dagars samling med ulike øvelsar), feltsøk, mørkerundering (tenk mørkekøyring, berre med hund i staden for bil), og til sist A-prøve og Ukas Arbeid A (7-dagars samling).  Hundeføraren må ta grunnkurs med utmarsj og førstehjelp, samt orienteringsprøve. I tillegg må hunden regodkjennast annankvart år fram til den er 8 år. Etter det må den regodkjennast kvart år. Det er med andre ord ikkje noko ein sleng seg med på berre fordi det høyrest litt artig ut.

DSC_0843

Elevtrekant

DSC_0841

Elev

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når hunden så endeleg er godkjend, står hund m/førar (ekvipasje) på ei liste. Alle ekvipasjane på denne lista vert oppringt når redningshundane vert utkalt til leiteaksjon, og så svarar ein om ein kjem eller ikkje. Me har ein eigen bikkjebil, som er innreia med seng, isolert hundebur med ventilasjon, campingutstyr, frysetørka mat og vanvittige mengdar tennisballar. Alt mannen min treng å gjera er å ta med seg walkie-talkiane og gps-en (som sjølvsagt har ein eigen finn-hunden-min-funksjon) og hiva seg i bilen. Det er også ein stor fordel om han hugsar å ta med bikkja.

Sidan eg sjølv ikkje trener hund, sat eg i leiren og leika med traktor og gravemaskin i staden. Til mitt forsvar hadde eg med meg treåringen og babyen. Det var seks hundar som skulle trenast i dag, i ulike stadier av opptreninga, og av ulike rasar. Dei vanlegaste rasane som vert brukte i søk er labrador retriever og schäfer, men eg har også sett golden retriever, malinois, groenendahl, duck tolling retriever, dobermann og puddel(!). Vår Balder er ein brun labrador.

IMG_20140529_170235

Balder

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når hunden finn ein person i skogen, skal den melda frå til hundeføraren ved enten å bjeffe, eller å bruka bringkobbel. Dette er eit halsband med ein ekstra, oransje bit hengande under som hunden tek i munnen og spring tilbake til førar. Då ser føraren at hunden har gjort funn, og blir med hunden tilbake til personen. Balder melder ved bjeffing, det ristar godt i kraniet når han set igang.

DSC_0852

Lausbitt til inntrening av bringkobbel. Ser litt ut som dynamitt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og her kjem me til overskrifta på blogginnlegget i dag. «Finn mann» er kommandoen hundeførar brukar for å senda hunden i søk når det er etter sakna personar. Slik ser det ut når ein ivrig hund spring avgarde:

DSC_0873Og slik ser det ut når hunden gjer funn – langt, langt vekke:

DSC_0875Alle hadde ein fin dag i skogen, bikkjene fekk bada i myra, store mengdar kjeks vart fortært og ungane mine var flinke til å distrahera hundar såvel som hundeførarar. Og medan mannen min fekk mangfoldige myggstikk, fekk eg berre eitt. Derimot vart eg solbrent. Jaja.

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Gullkorn frå pappen #2

I morgon vert det arrangert quiz på grendahuset (ta turen, om du bur i nærleiken!). Pappen meinte at quiz ikkje var noko for han:

Eg kan alle svara, eg hugsar dei berre ikkje.

quiz

Og no over til noko heilt anna.

Nei, no får det vera nok eple, Listhaug og Bergens Tidende for ei stund. Dei fleste har vel fått med seg at eg også er teikneserieskapar, og i det høvet tenkte eg å fortelja litt om korleis eg jobbar når eg sit foran teiknebordet.

155_Stakkars oss

Den mest populære stripa eg har laga, basert på ei verdsomspennande spørjeundersøkjing.

Idèarbeid

Eg har ikkje tal på kor mange gongar folk har sagt til meg «dette ender vel opp i ein av teikneseriane dine!» med anten eit håpefullt, skadefro eller nervøst blikk. Og ja, det hender. Men som oftast får eg ideane mine frå heilt andre stader enn kvardagslivet.

Når eg til dømes skal laga ein teikneserie til Norsk Barneblad, pleier eg å kikka rundt på nettsider for born for å sjå kva dei er opptekne av om dagen. Debattsidene på Norsk Barneblad sine eigne sider er ei god kjelde. Eg prøver å halda meg til tidlause tema, slik at serien kan trykkjast att om to år utan at den er utdatert. Difor vert det lite Justin Bieber, spesifikke produkt eller referansar til aktuelt nyhendestoff (eg er forresten ganske stolt over at eg ikkje kan nokon songar av Bieber, og at eg berre har høyrt Gangnam Style èin gong. Eller så tyder det at eg høyrer altfor lite på radio).

Gatebladet Megafon har gitt meg temmeleg frie tøyler, så der eksperimenterer eg ofte med stil, format, «stumteikneseriar» (altså, utan tekst) og så vidare. Det er i dette fruktbare miljøet at karakterar som Grammatikkmannen, Sigrid Ulveslaktar og Den Passiv-Aggressive Ponnien Pierre har oppstått.

I stripeseriane mine, som har faste karakterar, er det karakterane sjølve som set føringa for korleis handlinga vert. Så lenge eg har eit tema, kan eg skriva historia ut ifrå korleis karakterane ville reagert i ein gitt situasjon. Det er med andre ord ganske varierande korleis eg kjem fram til ideane mine.

(Arild Midtun sa ein gong at det var feil å kalla teikneseriekarakterar for karakterar. Sjå kor eg bryr meg, hahaha.)

Pulten min

Exhibit A

Exhibit A

Skjermen til høgre er ein vanleg dataskjerm. Den til venstre er ein Wacom Cintiq 21UX teikneskjerm.

 

 

 

 

Eg la inn ein liten pause der slik at dei som veit kva ein Wacom Cintiq 21UX er for noko skulle få gispa og sukka ferdig. PC-en min har eg bygd sjølv med hjelp frå svogeren min. Ellers har eg skrivar og scanner, og i tillegg har eg eit godt gamaldags teiknebord som eg brukar når eg teikner skisser. Kontoret mitt er måla i fargen Laurbær. Viss du lurte.

Skrivearbeid

dump3Biletet over er ein skjermdump frå skriveprogrammet Scrivener, som eg brukar til å skriva manusa mine (ja, eg har sladda teksten). Eg kjøpte Scrivener då eg var med på NaNoWriMo i 2012, og fann ut at det fungerer langt betre enn til dømes Word til mitt bruk. Programmet er genialt for små bitar av tekst, slik at ein slepp enten a)eit enormt Word-dokument der ein må leita seg ihjel etter ein spesiell del av teksten eller b)hundre millionar separate Word-dokument. I dette programmet kan ein nemlig laga små «arkivkort», og eg lagar eit «kort» for kvar stripe/side. Desse kan eg så leggja i eigne bolkar – t.d. ein bolk for Reveland, ein for Reform 94 osv. Scrivener var opprinneleg laga for forfattarar som trong eit program der dei kunne skriva enkeltkapittel og idear, og enkelt flytta rundt på dei for å endra på rekkjefølga. Eg kategoriserer manusa etter kva utgåve av bladet serien skal i (juniutgåva, juliutgåva etc), bortsett frå stripeseriane, som eg berre nummererer.

I tillegg har eg teikneseriemanus-fila mi i ei sky på nettet, slik at eg kan redigera manusa kor som helst, så lenge eg har ei datamaskin med internett i nærleiken. Veldig praktisk når eg er kald og guffen om vinteren og berre vil sitja i sofaen under pleddet med laptopen i fanget.

Skissearbeid

Gyllen halvmeter_eksempel

Denne teikna eg då det svenske kronprinsesseparet fekk baby.

Det er mange som brukar masse pengar på dyrt skissepapir, fancy trykkblyantar og tekniske viskelær. Eg teiknar på vanleg printarpapir. Blyantar og viskelær kjøpar eg gjerne på Staples eller liknande, og eg brukar som regel 2B når eg teiknar. Nyleg kjøpte eg nokre som ikkje var laga i tre, slik blyantar vanlegvis er, men i noko slags plastmateriale. Dei var litt tyngre og låg godt i handa, men var kul umoglege å spissa på vetigt vis. Skal aldri kjøpa sånne meir.

Eg printer ut ein del tomme striper i slengen, i eit lite utval av ei, to, tre, fire og fem ruter (eg lagar flest striper med fire ruter, men det varierer litt).

Teiknearbeid

dump2Etter å ha skrive ferdig manus og laga skissa, scanner eg denne inn i Photoshop på PC-en. På skjermdumpen over har eg sladda sida, for det er ein teikneserie for Megafon som i skrivande stund ikkje er publisert enno. Eg kan jo lata som om det er veldig konfidensielt. Dette vert litt komplisert for den som ikkje har erfaring med Photoshop, men eg teiknar i lag. Sjå føre deg at du har fem transparente ark som ligg oppå kvarandre. På det eine arket kan du teikne rutene, på det andre boblene, på det tredje kan du ha teksten, på det fjerde sjølve streken i teikningane, og det femte fargane. Og under alle transparentane ligg skissa. Omlag slik er det å jobba med lag i Photoshop. Då kan eg enkelt endra på eitt av laga utan å øydeleggja andre delar av teikninga.

For den som vil ha endå meir teknisk info så jobbar eg i CMYK, 600 dpi, har laga min eigen font og brukar Dropbox til å senda frå meg store filer. Når seriane er ferdige vert dei lagra i tre ulike format (.psd, .tiff og .jpeg), og så sender eg avgarde anten tiff-fila eller jpeg-fila til bladet/avisa.

Og no eksploderte sikkert hjernen din, så her er ein morsom gif:

Jkqf2HCvzU2kEAudzWtRnw2

 

15 minutt i rampelyset

Torsdag 22.05.14:

Eg: Kjære, eg har skrive nokre greier på bloggen her. Eg er ikkje heilt sikker på om eg skal publisera det, då. Gidd du lesa gjennom?

Håvard: OK.

(Fem minutt seinare)

Håvard: Ja! Bra. Synst du skal leggja det ut, eg.

Eg: Åkei.

Håvard: Den der får du sikkert litt oppmerksomhet for.

Eg: Uæ.

 

Fredag 23.05.13:

BAM!

Screenshot_2014-05-23-14-57-22

Ein tenkt samtale med Sylvi Listhaug

(Heller kaffi i to koppar og set eit fat kjeks på bordet)

 

Eg: Hei! Så koseleg. Vil du ha mjølk i kaffien?

Sylvi: Hei, ja, gjerne. Er det heimelaga kjeks?

Eg: Ja, det er med sjokoladebitar.

Sylvi: Mmm!

Eg: Så kva har du gjort i dag då, Sylvi?

Sylvi: Å, du veit. Papirarbeid. Las ein del epostar. Skreiv under på nokre greier.

Eg: Å.

Sylvi: Du då?

Eg: Eg planta 117 epletre.

Sylvi: Åleine?

Eg: Ja, det var god jord å spa i, så det gjekk unna, gitt.

Sylvi: Gravde du for hand?

Eg: Ja?

Sylvi: Trudde dei hadde gravemaskiner for sånt.

Eg: Det er jo ikkje store holet som skal til. Dessutan har eg ikkje råd til gravemaskin.

Sylvi: Hm.

 

(Me tek ein slurk av kaffien)

 

Sylvi: Du burde jo få opp inntekta di, då.

Eg: Gjerne. Korleis skal eg gjere det, synst du?

Sylvi: Vel, kan du ikkje utvida?

Eg: Utvida kor?

Sylvi: Nei, altså, hogga ned litt av skogen din, kanskje? Og planta epletre der i staden?

Eg: Viss det gjekk an, trur du ikkje forfedrane mine hadde gjort det for lenge sidan?

Sylvi: Kva meiner du?

Eg: Det har jo budd bønder her i århundrer. Viss jorda i skogen var dyrkbar, trur du ikkje den ville vore opparbeidd allereie?

Sylvi: Det … tenkte eg ikkje på.

 

(Me tek ein slurk til. Sylvi et opp kjeksen sin)

 

Sylvi: Kva med å slå garden din saman med nabogardane, då?

Eg: Me leiger allereie jorda til naboen.

Sylvi: Eg meinte den andre naboen. Og resten av jorda i bygda. Det ser ut som ein passande storleik på ein eplegard, synst du ikkje?

Eg: Ein mann frå Hardanger Fruktrådgjeving påpeika at garden eg allereie driv er akkurat så stor at ein person kan driva den åleine, men at ein kanskje må leiga inn hjelp i innhaustinga. Korleis skal eg rekkja over all jorda i heile bygda?

Sylvi: Lenger sør i Europa såg eg nokre stilige innhaustingsrobotar –

Eg: Var det flatt der?

Sylvi: Skal me sjå, ja, det var vel ganske flatt.

Eg: Er det flatt her?

Sylvi: … nei.

Eg: Eg kan alltids setja igang og driva ein kjempesvær gard, men det er no ein gong slik at kvart tre må skjerast, og så må det sprøytast, og så må det tynnast, og så skal det klyppast gras mellom rekkjene, og …

Sylvi: Åkei, åkei. Åh, eg veit det! Du kan jo ansetja alle dei andre bøndene!

Eg: Ansetja dei for å gjera den same jobben dei allereie gjer?

Sylvi: Ja?

Eg: Korleis skal eg tena meir pengar på det når eg må betala løn til dei?

Sylvi: Hm. Kanskje du kan ansetja utlendingar? Du veit, polakkar og sånn. Eg har høyrt dei er billege.

Eg: Det heiter sosial dumping, Sylvi. Og eg trudde FrP var mot innvandring?

Sylvi. Åja, det var sant.

 

(Me ser utover fjorden. Det går ein cruisebåt innover mot Eidfjord)

 

Sylvi: Du kan jo byrja med turisme.

Eg: Det gjer eg jo allereie. Eg leiger ut kårhuset til tyske turistar i sommarhalvåret.

Sylvi: Vinterhalvåret, då?

Eg: Då lagar eg teikneseriar. Det er biinntekta mi.

Sylvi: Aha, så du driv ikkje garden vinterstid? Der har du det! Du er jo berre produktiv halve året!

Eg: Kan du noko om fruktdyrking, Sylvi?

Sylvi: Javisst, frukta veks på tre.

Eg: Og kva gjer trea om vinteren?

Sylvi: … åja.

Eg: Det er ikkje så lett, ser du.

Sylvi: Nei.

 

(Me set frå oss dei tomme koppane)

 

Sylvi: Vel, vel! Eg får sjå og koma meg tilbake til Oslo.

Eg: Ja, eg må henta eldstemann i barnehagen.

Sylvi: Å, har du to?

Eg: Ja, mannen min er i pappapermisjon med den yngste.

Sylvi: Så koseleg! Og skal den yngste i barnehagen, eller vert du heime med kontantstønad?

Eg: No synst eg du skal dra, Sylvi.

Sylvi: Åkei. Ha det bra då!

Eg: Hadet, ja.

 

 

Eg dyppar tåa i politikken

1. mai tok eg turen til Ulvik, der ei venninne av meg ynskte velkomen til frukost i Skeiesmylna med tilhøyrande føredrag om familiegardsbruk.

DSC_0521

Føredraget vart halde av Siri Helle, skribent i Dag og Tid. Det mest interessante eg lærte var dette:

70% av all maten me et kjem frå små gardsbruk.

Kun 20% kjem frå store gardsbedrifter.

Resten – 10% – kjem frå byane; parsellhagar, balkongkassar, tak og kjøkenhagar.

DSC_0511

Som du ser så er eg ein fabelaktig fotograf. Sorry, Siri.

Det er med andre ord ein ganske enorm snuoperasjon som skal til dersom storparten av maten vår skal koma frå digre bruk slik Sylvi Listhaug ser ut til å leggja opp til i sitt forslag til årets landbruksoppgjer. Særleg sidan ho samstundes synst at det skal dyrkast mat overalt i landet vårt. Små bruk bidreg nemlig ikkje berre med brorparten av sjølvforsyninga av mat, dei held også landskapet i hevd og opprettheld det biologiske mangfaldet og ja, det biologiske mangfaldet er viktig.

Siri Helle trakk parallellar til Austerrike, der dei konservative politikarane gjer stikk motsett av det Sylvi føreslår: dei gjev mest stønad og subsidier til dei som har dei mest tungdrivne gardane. Altså, dei som klamrar seg fast i dei bratte fjellsidene i Alpane. Desse bøndene gjer meir enn å halda Austerrike sjølvforsynte med mjølkeprodukt – dei pleier også skogen rundt, som igjen hindrar jorda i fjellsidene frå å rasa ned. Bøndene vert også oppfordra til å ha bisyslar – mange av dei er til dømes skiinstruktørar vinterstid, eller jobbar i helsesektoren, innan butikk, turisme eller handverk – for å nevna noko. Og dei konservative politikarane i Austerrike er klare på kva kostnaden med dette er:

-Når eg kjøper austerriksk mat og drikke, veit eg kva eg et og kva eg drikk. Eg veit óg kva eg må gjere for at det skal overleve slik at eg kan halde fram med å handle: Eg må betale prisen.

Hermann Schultes, landbrukspolitikar i ÖVP

Sitatet over er henta frå Siri Helle sin artikkel om den austerrikske matproduksjonen i Dag og Tid, fredag 2. mai 2014.

Det nest mest interessante eg lærte av føredraget var:

Me har ikkje nok såkorn i Noreg til å så alt jordarealet vårt sjølv.

Me er tvungne til å importera såkorn kvart år. Som Siri så fint sa det – eg tvilar på at bøndene for hundre år sidan var så desperate at dei åt opp såkornet sitt. Det er ein bra ting for eit land å vera sjølvforsynt med mat. Det er kanskje dystopisk å tenkja slik, men kva om Noreg brått vart avskore frå omverda? Kva om økonomien gjekk på snørra, og importert mat plutseleg vart kjempedyr? Me må slutta å tru at me skal ha billegare og billegare mat. Me bruker kun 10% av inntekta vår på mat i dag, mot rundt 40% i etterkrigstida. Skal me ha mat av kvalitet, som me er sikre på kor kjem frå, så må me gjera som dei austerrikske politikarane, nemlig godta at dette har ein pris.

Billegare mat krev enten at ein gjev mindre og mindre pengar til den som produserer maten, eller at ein effektiviserer jordbruket i langt større grad. Sistnevnte er kun mogleg inntil eit visst punkt, fordi let’s face it, det er naturen me leflar med her. Lat oss ta eit eksempel frå fruktindustrien: For å laga eit epletre, må ein først ha ein grunnstamme. Det går gjerne eit par år frå du har bestilt grunnstammane til du får dei levert, fordi det tek tid å produsera dei. Så poder ein på ein kvist frå den eplesorten ein ynskjer, og så må treet veksa. Så tek det kanskje tre år til før treet er såpass stort at du faktisk kan hausta eple frå det.

Det går ikkje an å framskunda denne prosessen. Det går ikkje alltid an å effektivisera jordbruket meir.

Orda «bærekraftig» og «vekst» går gjerne att i same setningar hjå politikarane, men i røynda er dei ofte motsetnader. Retorikk og praksis er to vidt forskjellige ting.

Etter føredraget fekk me lov å hiva oss over eit bugnande matbord med mange lokale rettar. Me kosa oss i sola, prata om ølbrygging og frukt, og babyen min velta ein kaffikopp over alle kopiane av Millom Bakkar og Berg.

DSC_0516DSC_0515DSC_0517

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin dag.