Gullkorn frå pappen #1

hjortebæsj

Svigermor:
Har de problem med hjort som går og øydelegg i frukthagane her? Går de mykje på jakt?

 

Pappen:

Me skyt i sjølvforsvar.

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Og no: kultur

Eg lova eigentleg eit innlegg om gjødsling denne veka, men det får venta, for eg har nemlig vore kulturell.

IMG_20140411_074936

Det var 46 sekund att og me skulle ha skrudd av telefonen, men i staden sat me og tok bilete og la ut på Instagram.

Torsdag kveld sette eg meg ned i ein stol i KP12 ved Bergen Kino, der dei skulle visa eit knippe nye, norske filmar for eit over middels filminteressert publikum. Den første av desse filmane heiter Kvotar, Kapital og Kjærleik, og er regissert av mi beste venninne, Jorunn Børve Eriksen, og hennar kompanjong Hanne Steien.

Filmen er i utgangspunktet laga for å vera ein permanent installasjon ved Norges Fiskerimuseum i Bergen, og med seg på laget har dei hatt produksjonsselskapet Sjau. Det heile vil ta form som eit kaffislabberas mellom tre fiskarar frå Bulandet, og kvar fiskar vil verte projisert på kvar sin vegg i eit dedikert rom. Tilskodaren vil sjå filmen frå den fjerde veggen, og såleis vera ein observatør/stille deltakar i samtala. Berre tanken på kor mykje jobb det har vore med å planleggja kor fiskarane skulle sjå for at blikkretningane skulle stemma ved projisering gjer meg litt svimmel. Dei tre fiskarane vart også filma ein og ein over fleire dagar, men dei har likevel klart å få det heile til å flyta saman som ei naturleg samtale. Eg er mektig imponert!

IMG_20140411_181947

Ingolfen.

Samtala, som varar i 15 minutt (det er også lengda på filmen) er tematisk inndelt i kapittel som spenner over alt frå korleis fiskaryrket var i gamle dagar, samhaldet ombord, familien heime på land og korleis det ser ut for den yngre generasjonen. Det er dystre utsikter, og det er, som Hanne sa etterpå, vanskeleg å ikkje lesa filmen som eit politisk talerøyr for fiskarane. Dette vil eg tru gjer filmen endå meir genuin, i og med at kystpolitikk er noko Bulendingane er opptekne av og diskuterer ofte. Eg anbefalar alle som har moglegheit til å ta turen til Fiskerimuseet når filmen er ferdiginstallert.

Etter framsyninga var det samtale med filmskaperne, leia av moderator Kalle Løchen. Sjølv om intervjuteknikken hans ikkje fall heilt i smak hjå publikum, gjorde Jorunn og Hanne ein god jobb i å halda seg til saka. Ein meir audmjuk intervjuar ville kanskje fått meir ut av den korte tida som var sett av.

DSC_0276

Jorunn Børve Eriksen til høgre, Hanne Steien i midten, og løken – sorry, Løchen til venstre. (Eg og kan hersketeknikkar)

Etterpå gjekk eg saman med nokre andre vener til ein pub der den svenske bardama klarte å selja oss flerfoldige glas vin kvar. På slutten av kvelden hadde me genierklært kvarandre, løyst samtlige verdsproblem og lova einannan evig venskap.

DSC_0277

Problem solved!

Eg burde verkeleg koma meg ut av bygda oftare.

 

 

Ein nybyrjar kryssar fjorden

Sidan eg er ein n00b i fruktbransjen, tok eg med meg mann og barn på ferja over fjorden ein dag i mars og besøkte fruktlageret.

IMGP0800_crop

Kanskje ikkje verdas vakraste bygg.

Fruktlageret me her på garden leverer til heiter Hardanger Fjordfrukt, og er i fylgje nettstaden deira Noregs største fruktpakkeri. Fruktlageret er eigd av medlemene, og det er noko sånt som 200 medlemer i dag, deriblant far min (og snart meg!). Far min var faktisk med i styret då dei skulle byggja dette fruktlageret, så eg følte meg fullstendig berettiga til å strena rundt der som om eg eigde staden (og det gjer eg jo snart. I alle fall ein tohundredel).

Fruktlageret hentar frukta hjå produsenten (altså, meg), køyrer den inn til vasking og sortering, pakkar frukta og sender den vidare til distributør (Tine, Bama osv). I tillegg forhandlar fruktlageret gjødsel, sprøytemiddel og diverse arbeidsutstyr. Inngangspartiet deira kunne minna om ein pitteliten Felleskjøpet.

IMGP0788

Power to the point!

Etter å ha helst på dei tilsette (eg mistenkjer at det var stille der den dagen, sidan alle hadde tid å vera med i velkomstkomiteen), tok dagleg leiar Leif Øie oss opp til møtesalen og trakterte oss med kaffi, kjeks og powerpointframsyning.

Det er generelt stor optimisme rundt norsk fruktproduksjon om dagen, fordi det vert ete enormt mykje meir frukt i Noreg enn det vert produsert. Det betyr at me importerer masse for å dekkja etterspørselen – ergo er marknaden meir enn stor nok til at ein no jobbar mot å dobla fruktproduksjonen i Hardanger. Fruktlageret har investert i kjølelager og teknologi for å lagra eple og pærer over lengre periodar, slik at den norske fruktsesongen kan strekkjast heilt over mot våren året etter hausting (plommer og moreller let seg ikkje lagra så lenge, så det gjeld ikkje for dei). Eg skal ikkje kjeda deg ihel med korleis alt dette fungerer, men nokre stikkord er celleanding, lågt oksygennivå og låg temperatur. Frukta ligg med andre ord og «søv». Trust me. Det funker.

Då powerpointframsyninga var over og babyen min var tilstrekkjeleg innklint i kjeks med krem, gjekk me ut for å sjå på dei ulike hallane på fruktlageret:

Plomme- og morellepakkeriet

IMGP0791

Eg overrumplar Leif Øie ved å ta bilete av han.

På biletet over ser du to plattformar, det står ei pappøskje på den eine. Her står arbeidarane i høgsesongen og sorterer plommene og morellene der dei kjem duppande forbi i vatnbad. Etterpå forsvinn frukta inn i ein fancypants fotoboks der eit kamera er programmert til å registrera ukurant vare, som useremonielt vert spytta ut.

IMGP0792

Eg anar ikkje kva denne maskina gjer, men den ser veldig imponerande ut.

Plommer og moreller vert etter det eg forstår henta hjå produsent, vaska, sortert, pakka og vidaresendt til butikk i løpet av eit par dagar. Dei norske plommene og morellene du finn i butikken om hausten er med andre ord temmeleg fersk vare! Eg er jo så bortskjemt med fersk frukt om hausten at eg synst eit eple som vart plukka dagen før er «gamalt», men det er no berre meg.

Eple- og pærepakkeriet

IMGP0793

Er det no eg ska skryta av at eg har trucksertifikat?

På biletet over ser du nokre av storkassane til han Per, han bur ute langs vegen her. Desse kassane er til eple (og pærer), det finst også tilsvarande som er laga i gråblå plast. Ein gong då eg var lita sat eg i ein slik kasse heilt til pappa hadde henta så masse eple at eg var nesten begravd. Har ein ikkje IKEA sin ballbinge i nærleiken, får ein bruka det ein har.

Storkassane med eple (og pærer) vert senka ned i den grå metallkassen du ser borterst mot veggen på biletet over, og så duppar dei avgarde gjennom holet i veggen akkurat som plommene og morellene. På denne måten vert frukta både vaska OG transportert langs rullebandet på ein skånsom måte. Dette var nytt for meg, sidan det har hengt ein plakat i kjellaren sidan tidleg nittital som viser eit samleband der hender i kvite silkehanskar tafsar varsomt på delikate, raude eple. Eg trudde altså lenge at det var slik det føregjekk på fruktlageret. Men vatnbad er vel greit nok det og.

IMGP0795

Fleire funky maskiner eg ikkje anar kva gjer. Eg ser ei boskorg der, då. Den veit eg kva er til.

I eple- og pærepakkeriet kan dei pakka frukta i til dømes sekspakningar, kiloposar og kassar. Sekspakningar er up-and-coming, og nytt av året er åttepakningen. Forhåpentlegvis vert alle åtte ete opp før dei ser slik ut:

IMGP0796

Box fresh

Det var ei interessant omvisning, og langt meir lærerikt enn eg trudde det skulle vera. Og for å understrekja kor små forhold det er her i Hardanger så kan eg fortelja at dagleg leiar Leif er ein tidlegare kollega av mannen min, og at eg sjølv har vore i New York ilag med resepsjonsdama. Verda er lita.

Du bør forresten ta ein kikk på omtala av dei tilsette ved fruktlageret. Eg lo.

Skjering 101, del 3 – to business!

output_f9z6zwAnten du er hobbygartnar eller fruktbonde, har epletre eller plommetre, eller du har den nyaste Power Gear frå Fiskars eller den gamle saksa far din kjøpte på syttitalet, så er prinsippa dei same – ein må skjera i trea, og ein bør gjera det før musøyrestadiet. Her er nokre spørsmål og svar før me startar:

  1. Kva er musøyrestadiet? Det er når knoppane bryt og blada på trea liknar på øyrene til ei mus.
  2. Når skal eg skjera utor? Ein kan byrja å skjera allereie like etter hausting, og fram til musøyrestadiet. Vinterstid kan ein til dømes gjera grovarbeidet med å skjera ut større greiner, og spara finarbeidet til våren når ein lettare kan sjå kva som er blomeknopp og kva som er bladknopp.
  3. Kan eg skjera plommetreet mitt likt som epletreet mitt? No blir eg sikkert arrestert av fruktpolitiet, men eg vil seie ja. I alle fall i fylgje det nye systemet. Det heiter jo intensiv kjernefruktproduksjon, og kjernefrukt er epler og pærer, medan plommer og moreller er steinfrukt. Men den gjengse oppfattinga er i alle fall at ein kan klyppa dei likt.
  4. Kor langt inn på greina skal eg skjera? På greiner som skal heilt vekk kan du la det stå att ein «tapp» på nokre centimeter, omlag like lang som diameteren på greina. På skot du klypper vekk kan du la det stå att ein centimeter eller to.
  5. Kva er forskjellen på ei grein og eit skot? Vel, storleiken. Ei grein har gjerne fått veksa nokre år, medan eit skot som regel berre har vekse eitt eller to år.
  6. Kjem det nye knoppar dersom eg skjer vekk for mykje? Ikkje i år. Knoppane som er på treet no, vart danna i fjor sommar. Og denne sommaren vil neste års knoppar dannast.
  7. Kva sakser pleier ein bonde å bruka? Slike:
Saks

Lita skjeresaks og stor greinsaks, begge har motskjer. Ein kan også bruka sakser med sideskjer. Søk det opp på Google. Har du eit stort tre treng du gjerne også ei sag.

På tide å setja all denne teorien ut i praksis! Her har eg teikna steg for steg kva ein skal skjera vekk i treet. Rekkjefølgja er det ikkje så nøye med, men det er greiast å ta ut dei store problema først, slik at ein lettare ser kva av småtteriet ein skal klyppa vekk.
Here we go:

Fig. 1, treet før skjering

Skjering-1

Her ser me fleire av energitjuvane eg snakka om i dei førre innlegga: opprette skot, konkurransekvist (aka Britney), for sterke (og høge) greiner og rotskot.

 

Fig. 2, fjern dei sterke greinene

Skjering-2_2

Repetisjon: ei grein som er for sterk er med andre ord ei grein med ein diameter på minst 50% av stammetjukkleiken på den staden greina veks ut. Den øverste av dei raude greinene på illustrasjonen er også ei potensiell konkurransegrein, som kan forsøkja å konkurrera om å bli den nye toppen av treet. I tillegg har denne greina temmeleg spiss vinkel, og kan difor lettare knekke under vekta av eplene. Den nederste greina må vekk også fordi me må danna eit «vindauge», eller midja til Pamela om du vil, for å sleppa ned lys til basisgreinene.

 

Fig. 3, fjern store greiner som er for høge

Skjering-3_2

Repetisjon: Slike lange greiner veks for kraftig, og må skjerast vekk. Så lange greiner høgt i treet vil også skugga for greinene under, slik at frukta ikkje får nok sol.

 

Fig. 4, klypp vekk Britney

Skjering-4_2

Dersom treet har to toppar slik som her, vil dei stela energi for å konkurrera om kven som skal få vera toppen – Christina eller Britney. Klypp vekk Britney, stuss toppen på Christina og lat ho veksa opp og fram som den førebilledlege rollemodellen ho er. Så kan treet konsentrera seg om frukta i staden.

 

Fig. 5, trim tuppane på greinene

Skjering-5_2

I tuppane på greinene ser me ofte same fenomen som med popidola i toppen, nemlig at det er to eller fleire skot som konkurrerer om å dominera. Då skal ein klyppa vekk det eine, og korta inn det andre til ca 5-7 cm. Når du skal velja kva for nokre skot du skal behalda, så tenk at greina er ein «motorveg» som skal gå rett framover. Velg skotet som følgjer retninga til greina slik at den ikkje får ein unaturleg bøy eller knekk i framtida. Einaste unntak er dersom du må medvite endra retninga for å få plass til traktoren mellom trerekkjene (gjeld stort sett kun på eldre plantingar).

 

Fig. 6, fjern opprette skot

Skjering-6_2

Opprette skot stel masse energi frå treet, fordi dei veks kraftig og fort. Ofte er slike skot også fri for blomeknopp, og har berre bladknoppar. Dermed er dei fullstendig poenglause. Skjer tilbake til ein cm eller to.

Fig. 7, fjern rotskot

Skjering-7_2

Klumpen du ser nederst på stamma er podestaden. Alt som spirer opp under den, og rett opp frå bakken, er rotskot. Vekk med dei.

Fig. 8, idealtreet

Skjering-7

Og ikkje nok med det!
Her er ein hendig animasjon som viser det steg for steg:

output_IsiRt8

Jadå, eg veit, dei færraste tre følgjer dette skjemaet. Livet er urettferdig. Om eg har lært éin ting desse vekene eg har vore med pappen for å skjera, så er det at ein gjer så godt ein kan.

Det var alt om skjering for denne gongen! Håpar du får bruk for nokre av desse prinsippa når du skal skjera. Eg avsluttar med nokre bilete av tilnærma ideelle tre eg fann i eplehagane. Ta turen innom att neste veke, då skal eg skriva pittelitt om gjødsling og besøk på fruktlageret. Og du – viss du ender opp med å «sjå deg blind» på trea dine, berre lukk augo og forestill deg Pamela Anderson i raud badedrakt.

Idealtre

 

Skjering 101, del 2: Pamela Anderson

Målet til ein fruktdyrkar er mest mogleg frukt per tre av rett storleik og med god farge, samt jamn avling kvart år. For å få til det, må ein skjera treet slik at det ikkje brukar energi på feil ting. Ta ein kikk på dette biletet:

Sprøyting1930

Slik sprøyta dei på 30-talet! Til venstre står oldebesten med sprøyta. Oldebesta står med to bøtter vatn, og til høgre står besten og opererer pumpa. Han siste fyren, som eg ikkje anar kven er, står tilsynelatande uverksam og ser på, den latsabben.

Her står oldebesten med familie og sprøyter frukttre til ære for fotografen. Bak dei ser du ein tre-fire frukttre som har fått veksa nokolunde vilt. Dei er høge, fulle av greiner og med masse lauv og blom. Eple på slike tre vil ganske garantert verta små, og mange av dei vil ha dårleg farge fordi dei ikkje har fått tilstrekkeleg masse sol. Det er fordi treet har fått bruka energi på å gro greiner, lauv og eit stort antal eple. Frukttre prøver nemlig på akkurat det same som alle andre levande ting på denne planeten, nemleg å formeira seg så mykje som mogleg. Difor er det i treet si interesse å produsera veldig mykje frukt, slik at flest moglege frø kan spira og verta nye frukttre. Men det vil me ikkje ha noko av!

Viss me får treet til å veksa slik me vil, vil det bruka energien sin på å produsera fin frukt. Då må ein unngå:

  • For mange greiner
  • For sterke greiner
  • For spisse vinklar
  • Opprette skot
  • For mykje blom
  • Rotskot

Me tek det punkt for punkt:

For mange greiner stel ikkje berre energi frå treet, men gjer det også vanskeleg å hausta frukta, fordi du går der med ein diger hentepose på magen, og det er omtrent som å gå høggravid rundt i ein veldig liten, veldig dyr keramikkbutikk. I tillegg vil for mange greiner føra til for mykje lauvverk som skuggar for frukta, slik at den ikkje får fin farge.

DSC_0189

Gode gud.

For sterke greiner er greiner som er veldig tjukke og som veks kraftig. Basisgreinene er som regel ganske sterke, men dei skal vera der. Får du for tjukke greiner høgare oppe, så skal dei vekk. Ei grein vert rekna som sterk dersom den har ein diameter på meir enn 50% av stamma der den veks ut.

For spisse vinklar vil seie vinkelen mellom greina og stamma. Dette overlapper litt med neste punkt, i og med at slike greiner vil veksa for kraftig, men i tillegg vil ei grein med spiss vinkel lettare knekka under vekta av epler og seinare snø.

Opprette skot veks kraftig og hurtig, og stel energi vekk frå fruktproduksjonen.

DSC_0190

Opprett skot.

For mykje blom vil gje for mykje frukt på treet. Kjapt forklart er det slik at jo meir frukt det er på treet, jo mindre vert frukta i storleik. Dette punktet kjem eg tilbake til seinare, når det er tid for tynning.

Rotskot er skot som veks opp under podestaden. Podestaden er det punktet der ein har poda på ein kvist frå fruktsorten på ein grunnstamme. I korte trekk er dette skot som ikkje vil produsera noko som helst av frukt, og difor må dei vekk.

Rotskot

Rotskot.

Så kva form seier ekspertane at bør eit frukttre ha for å produsera best mogleg frukt?
Jo, Pamela Anderson-form.

pamela-anderson-baywatch-pictures-4

How ’bout them apples!

Det er sant! Eg har ikkje funne på det sjølv! Viss du hugsar tilbake til førre innlegg, så sa eg at det perfekte tre innan intensiv kjernefruktproduksjon har 5-6 sterke basisgreiner, så eit «vindauge», så litt meir greiner nær toppen, og så ein slank topp med eitt skot. Treet går med andre ord ut nede ved «hoftene», så inn i «livet», deretter litt ut att ved «brystpartiet» (eller daiene, om du vil), og så inn att ved «hovudet». Akkurat som Pamela. Berre sjå, kliss likt:

DSC_0186

Berre heng på ei raud badedrakt.

Skjering går med andre ord ut på å finna treet si indre Pamela Anderson, og skjera vekk alt anna.

Og med det biletet i hovudet seier eg takk for no! I neste innlegg (tredje og siste del av «Skjering 101″) skal eg visa konkrete døme på korleis ein skal skjera, komplett med feiande flotte illustrasjonar. På gjensyn!

 

 

Skjering 101, del 1: intensiv kjernefruktproduksjon

(Jaja, viss ikkje den overskrifta jaga deg vekk, så veit ikkje eg)

2014-03-24 09.41.16

Dei intense trea står og intensiverer seg intensivt.

Viss du køyrer rundt i Hardanger sånn på denne tida av året, altså mars-april, så vil du her og der sjå ein einsleg bonde tusla rundt mellom trea sine med ei greinsaks. Det er fordi det er tid for å skjera utor. Skjering er, for dykk som er meir vande med bokmål, det same som beskjæring, og utor er synonymt med ut av. I dag skal eg altså skriva om bakgrunnen for å skjera ut greiner og skot frå trea.

Lat meg først seie noko viktig – eg er ingen ekspert på dette. Det eg skriv no, er det eg har lært hittil, og eg gir ingen garantiar for at alt er rett. Så viss du skamklypper epletreet i hagen din, så ikkje skuld på meg! Skuld på far min i staden. Neidå. Jodå.

No om dagen er det det intensive kjernefruktproduksjonssystemet (sei det fem gonger fort!) som gjeld. Dette er nok ganske annleis enn måten mannen i gata dyrkar epletreet i hagen sin. Likevel vil det vera prinsipp i dette systemet som er relevant for korleis kvarmannsen bør skjera i sitt eige epletre, så heng med meg. Her er nokre punkt som kjenneteikner dette systemet:

  • Små, slanke tre (maks tre meter høge)
  • Kort avstand mellom trea (varierer frå sort til sort, men i underkant av ein meter)
  • Kort avstand mellom trerekkjene (varierer også, men ca 3,5 meter)

Trea i eit slikt system skal ideelt sjå slik ut:

  • 5-6 sterke basisgreiner jamnt fordelt rundt stamma ca. 70-100 cm over bakken
  • Eit «vindauge», altså relativt tomt for greiner, over desse basisgreinene
  • Litt meir greiner nær toppen
  • Ein slank topp med eitt skot som dominerer

Grunnen til at ein som fruktprodusent bør dyrka etter dette systemet, er fordi det gjev mest mogleg frukt på arealet. Så enkelt er det! I tillegg er det enklare å plukka frå slike tre enn frå den gamle typen der du omtrent måtte bryta treet ned i bakken for å få tak i dei innerste og øverste epla. Aldri meir! Lat oss ta det litt grundigare punkt for punkt:

Små, slanke tre. Dersom du klarer å nå toppen av treet frå bakken, så slepp du drasse med deg ein diger stige rundt omkring når du skal henta (dvs plukka). Det same gjeld for skjering. I tillegg får du plass til fleire tre per meter når dei er små og slanke.

Kort avstand mellom trea og rekkjene. Fordi du får fleire tre per meter, punktum. Du bør jo ideelt sett ha plass til ein traktor mellom rekkjene, då. Det finst smale traktorar, til og med ledd-traktorar, men det har eg ikkje, gitt. Eg vil ha meg ein ATV, då, men det er eit tema for eit seinare innlegg.

5-6 basisgreiner. Dette er greinene som skal bera brorparten av eplene. Vinkelen bør vera svakt skrått oppover. Diverre var det mange eplesortar som sov i akkurat den timen, så mange av dei skal på død og liv svinga greinene sine i hytt og pine. Men det går an å tvinga treet into submission! Det kjem me til seinare.

«Vindauge». Eple må ha lys for å modna og få fin farge. Difor skal ein skjera vekk det meste som er rett over basisgreinene, sånn at sola kjem til.

Greiner nær toppen. Dette er den andre gode staden for eplevekst i treet. Her får dei masse lys. Men greinene skal vera svake (altså, tynne) og korte, slik at dei ikkje konkurrerer med toppskotet.

Slank topp. I toppen av treet skal det vera eitt skot. Dersom det er to, så kallast det andre eit konkurranseskot. Desse to skota vil konkurrera om å bli den nye toppen i treet. Litt sånn som Britney Spears og Christina Aguilera på tidleg 2000-tal. Klypp vekk Britney.

2014-03-24 09.58.53

Britney til venstre. Christina til høgre.

Medan du sit og puggar dette, så går eg og tek meg ein kopp te. I neste innlegg, altså del 2, skal eg skriva meir konkret om prinsippene for korleis eit tre veks, korleis me vil det skal veksa (det er nemlig to vilt forskjellige konsept), og korleis me skal skjera for å få det som me vil. Men nett no har eg ein episode Bones på Netflix og ein sjokoladekjeks som ligg og ropar på meg. Sjåast!

Ordboka: Pas

pas n1 (jamfør bornholmsk p(j)ask) lause kvistar, små greiner; ris, snar, kratt, tett småskog.

Pashaug

I daglegtale blant fruktbønder: avklypte greiner og kvistar etter skjering. Kan samlast saman i store haugar og brukast som substitutt for snøholer for små born. Må ryddast vekk frå bakken, eventuelt knusast med ein greinknusar (tilbehør til traktor).

Lokal variant: fisk (feil uttale av ordet kvist). Innført av P.I. Haugse i barndomen; etter dette har det vorte familietradisjon å seie at ein skal ut og plukke fisk.