Introduksjon

Saks

Hei, eg heiter Jorunn, og eg skal bli fruktbonde i Hardanger. På denne bloggen kan du følgja meg på reisa!

Frå før av er eg teikneserieteiknar og illustratør, og det kan til og med henda du har lest ein av seriane mine ein gong – det er eg som står bak Reveland, Reform 94, Grammatikkmannen og mange fleire. Ta ein kikk under «om meg» i menyen for meir om dette. Der finn du også ein del linkar til ulike stader på internett der du kan lesa seriane mine. Eg skal sjølvsagt blogga om teikneseriegreier her også.

Kanskje du som les er kjend med seriane mine, eller kanskje du kjenner meg personleg, eller kanskje du berre ramla over denne bloggen heilt tilfeldig. Uansett er det sikkert ein del spørsmål som dukkar opp i hovudet ditt, så her skal eg prøva å koma med nokre svar:

1. Fruktbonde? Korleis kom du på den tanken?  Nei, no skal du høyra! Det var ein vårdag i 2013 eg sat inne på mitt mørkebrune syttitalskontor og irriterte meg over at sola reflekterte sånn i dataskjermen. Som serieteiknar og sjølvstendig næringsdrivande sat eg dag ut og dag inn på dette kontoret med deadlinene hakk i hel, og leverte seriar i aust og vest. Denne våren var særleg solrik og vakker i Hardanger, kald og fin og med masse snø. Og eg såg ut på far min som i sitt vanlege sakte tempo traska rundt med saksa og skar i epletrea, og tenkte «forbaska heldiggris». Bevares, det var stas å vera på dagleg trykk i ei riksavis (og med ein nynorsk teikneserie attpåtil!), og for mange serieteiknarar er dette sjølve definisjonen på suksess, men som ein kollega i serieverda sa til meg, «gratulerer, det er nå tegneserier slutter å være gøy!». Ein dag, då mannen min drog meg ut av den mørke syttitalshola og ut i sårt tiltrengt sollys, tok eg ei generalavgjerdsle. Enten så skulle eg satsa 100% på teikneseriane, og enda opp som ein bitter Gollum med hipsterbriller, eller så skulle eg ta med meg hipsterbrillene ut i eplehagen og kasta meg ut i noko stort, skummelt og frykteleg vaksent. Eg valde det siste.

2. Er du odelsjente då, eller? Niks! Med to eldre brør var det ikkje så mange som forventa at eg var den som skulle ta over garden. Det var heller ikkje noko eg sjølv hadde vurdert seriøst før kjærasten min sa til meg ein nyttårsaftan at «eg vil flytta til Djønno med deg». Denne kjærasten har sidan rukke å verta mannen min, og deretter far til mine to born, så han har vore ganske effektiv.

3. Men … skal du slutta heilt med teikneserier? Nei, nei! Du vil framleis finna seriane mine i Megafon, avisa Hordaland og Norsk Barneblad. Ofte ramlar det inn andre oppdrag også, så eg er framleis out there.

4. Aw mah gad, fruktbonde, så sinnsjukt døvt. Kvifor skal eg gidda å lesa bloggen din? Fordi eg skal fresa rundt med smarttelefonen min knipsa selfies (orsak, sjølviar) og få norsk frukt inn på Instagram og Twitter og Facebook og tvinga deg til å skifta meining. Fordi norske eple er dei beste som finst, og eg skal fortelja deg korleis dei blir slik. Fordi du er lei av Dagens Outfit og duckface og førti bilete av den same perfekte sepia-filtrerte cupcaken ved sida av den kunstferdig danderte rosa polkadot-tekoppen. Fordi foredla fruktprodukt (jus, for eksempel) er up-and-coming, og er minst like avhengig av nese og terroir og ekspertsynsing som den finaste Cabernet Sauvignon. Og det er ingen som synst Cabernet Sauvignon er døvt. Er du med?

5. Åkei då. Men kva skal du skriva om, eigentleg? Eg skal skriva om kva eg lærer. Viss pappa snakkar om å skjera utor, så skal eg skriva om å skjera utor. Snakkar han om gjødsling, så skal eg skriva om gjødsling. Snakkar han om den crazy grisefesten han var på i Playa del Ingles i fjor november, så – vel. Kanskje ikkje det. Men eg skal også skriva om teikneseriar, ekskursjonar til Landet Utanfor Bygda, om laust, fast og diverse. I tillegg skal eg ha ein eigen serie som heiter Gullkorn frå Fattern. Han beherskar den ordfattige Hardangerhumoren til fingerspissane, så berre gled deg.

Eg håpar dette var nok til å overtyda deg om å følgja med meg vidare! Eg finst på diverse sosiale media, berre klikk på dei små symbola oppe til venstre, under eplet. Send meg gjerne nokre ord om du lurar på noko, eller vil koma med tips til kva du har lyst å lesa.

Eg er klar. Er du klar?

 

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare