Eksponeringsterapi

Edderkopp: leddyr med åtte bein, likar å bu i for eksempel eit epletre.

Eplebonde: person som ofte må ut og arbeide i epletrea.

Araknofobi: frykt for edderkoppar.

DSC_4786

FacebookTwitterGoogle+PinterestShare

Kollegiatet

Det er endeleg sommar (såvidt), og her i Eple & eventyr er me i full gang med årets vekstsesong. Eg seier «me», for det er såklart ikkje berre eg som jobbar i dette firmaet, haha! Under meg har eg ein fantastisk stab med arbeidsglade kolleger, og eg tenkte det var på tide at de fekk treffa nokre av dei. Men først vil eg kjapt forklara kva det er me held på med om dagen.

De hugsar kanskje at eg har eit nytt felt med Raud Aroma, som vart planta i fjor? Vel, desse søte små trea skal få veksa seg litt større før dei skal byrja å gje avling, så difor må eg klyppa vekk alle blomane. Det er rekordsein bløming i år på grunn av den kalde våren, så i det nye feltet står trea framleis i full blom. Først klypper eg vekk blomane i toppen av trea, slik at toppskotet kan skyta fart (hormoner i blomen, blablabla, stopper lengdeveksten, blablabla). Under ser du før og etter klypping.

DSC_4265 DSC_4266 DSC_4267

Men over til mine undersåttar kollegaer! Eg har som sagt svært mange tilsette, faktisk har eg ikkje tal på kor mange det er. Under ser du bilete av kontoret vårt. Eg har høyrt at mange misliker å jobba i ope landskap, men eg ser strengt teke ikkje problemet.

DSC_4269

Dette er Berit, resepsjonisten. Ho er ei skikkeleg koseleg dame! Ho er kanskje litt treig i vendinga, men ho får jobben gjort, og alle likar henne.

DSC_4262

Petter her er ikkje god å få auge på. Han er webansvarleg og passar på å halde systemet fritt for bugs. Han er dyktig til å trekkja i dei rette trådane, og har eit stort nettverk.

DSC_4319

Jørn og Torleif her er to av dei mest travle tilsette i Eple & eventyr. Dei flaug avgarde så fort at eg nesten ikkje klarte å få teke bilete av dei! Arbeidet deira gjev stort sett svært fruktbare resultat, og eg kan trygt seie at utan dei ville firmaet gått under. Summa summarum, to karar som verkeleg har earned their stripes!

DSC_4306 DSC_4264

Ellers har eg ein gjeng med jålete damer, eller høner, som eg likar å kalla dei, som dukkar opp på dei mest uventa plassar. Dei kjenner lusa på gangen og tek seg raskt av uventa gjester på kontoret. Her er berre nokre få av dei:

DSC_4299 DSC_4323 DSC_4311 DSC_4312 DSC_4318 DSC_4268 DSC_4260 DSC_4308 

I tillegg har eg nokre frilansarar som hjelp til der hønene ikkje rekk over alt. For å vera heilt ærleg så set eg mindre pris på desse enn på dei fast tilsette, dei kan koma med nokre temmeleg syrlege kommentarar og er kranglevorne og vanskelege å ha med å gjere.

DSC_4309 DSC_4304

Til sist har me sjef for vakthald, Mina. Ho er ei skikkeleg tispe og syt og klagar ein del, spesielt over at ho føler seg fastbunden i stillinga. Men ho er i det minste grundig i jobben sin.

DSC_4331

Som de ser er det langt frå einsamt å vere bonde.

Fruktnerdane samlast kring vatnholet

«Dette er kjappaste vegen,» sa pappen då me, saman med mange andre fruktbønder, sneik oss gjennom kyrkjegarden på Lofthus onsdag føremiddag. Vegen gjekk frå parkeringsplassen og bort til Bioforsk, eller «forsøksgarden», som det stadig vert kalla av dei gamle travarane heromkring. Pappen jobba nemlig på forsøksgarden på syttitalet, så han kan alle snarvegane.

På onsdag var det nemlig landbruksmesse på Lofthus, i og utanfor Bioforsk sine lokaler. Det var guffent og kaldt vêr, noko dei aller fleste passa på å kommentera, men sidan me fekk kringle, kaffi og Twist så klaga me ikkje. Det var eit respektabelt antal utstillarar som synte fram alt frå tåkesprøyter, batteridrivne sakser, ATV-ar, grasknusarar og – ikkje minst – traktorar!

IMGP1595

«Det er nett som å kle på seg ein traktor!» sa Rolf Tore.

Det finst nemlig noko som kallast «frukttraktor», som er små og veldig smale variantar av vanlege traktorar. Og med «smal» så meiner eg sånn ca halvannan meter brei. Har du ein smal traktor, kan du planta tettare rekker. Har du tettare rekker, får du fleire tre per dekar, og ergo større avling. Win! På landbruksmessa hadde dei i alle fall fem forskjellige slike traktorar, og det var ein sjeldan sjanse til å prøvesitja og samanlikna alle saman. Desse er nemlig ikkje så vanlege, i og med at fruktbransjen trass alt er ganske liten. Den på biletet over er ein Kubota, og er produsert i Japan. Der vert den brukt i risdyrkinga, og dei har mellom anna nulltoleranse for oljespill frå traktoren. Japanarane, altså. Dei kan sakene sine.

IMGP1628 IMGP1598 IMGP1626

Traktorane over er, frå venste mot høgre, ein Deutz-Fahr (aldri høyrt om før), ein Claas med påmontert Orrizonti-slåmaskin og ein McCormick. McCormicken synst til og med eg vart for liten, då eg sette meg inn i førarhuset så kræsja knea mine inn i all slags spakar og knappar. Dei hadde også ein Massey Ferguson, og det er sjølvsagt verdas beste traktor berre fordi me har ein frå før, men denne var så låg at eg vart heilt klaustrofobisk.

IMGP1614

Pappen likte best ein litt større McCormick, fordi den hadde intet mindre enn tre ulike stader ein kunne betjena klutchen frå. For den uinvidde så kan klutchen vera noko tung å trakka ned på ein traktor. I tillegg klatra eg opp i ein kjempediger (synst eg) Valtra som Eik-senteret på Voss hadde tatt med berre for moro skuld. Den var så diger at eg kunne strekka beina heilt ut! Hallå. No sit det sikkert nokre kornbønder på austlandet og ler av meg.

IMGP1630

Frukttraktor til venstre, giganttraktor til høgre.

IMGP1624

Inne under tak stod det utstilt ein ny type tåkesprøyte med det underholdande namnet Oktopus. Ikkje ulik Doctor Octopus, eigentleg:

IMGP1603 likable-movie-villains-07

Og så hadde dei ryggsprøyter. Eventuelt ryggmontert oppbevaringstank for appelsinbrus. Eller ikkje.

IMGP1610Men så plutseleg skjedde det noko. Me stod der i små klynger og hutra og humra og småprata og hadde det fint, då ein overdøyvande motordur brått avbraut oss. Me snudde oss etter lyden, og synet av doningen som kom køyrande fekk alle til å sleppe det dei hadde i hendene, stanse midt i setningane sine og automatisk følgja etter dette vidunderet. Som ein rottefangar frå Hameln leia ein kar med fjernkontroll heile forsamlinga bort til ein bratt skråning for å demonstrera det kulaste på heile messa, nemlig grasklypparen Spider Mini II:

Ellers såg det ut til at eg var den einaste på heile messa som likte lakrisbitane i Twist-skåla. Så det lovar jo bra for framtidige landbruksmesser.

 

Det var ei mørk og stormfull …

Her om dagen var eg oppe på loftet, og inne i ein krok fann eg noko som eg rett og slett må dela her på bloggen. I løpet av livet har eg hatt ambisjonar om å skriva ganske mange bøker, men stort sett aldri kome lenger enn eit par sider. Og her fann eg rett og slett eit klassisk eksempel på ei slik. Etter handskrifta å døme (og kunnskapen om engelske namn) tipper eg at eg var ca 10-11 år då eg skreiv dette, og eg gjengir det for dykk no, ord for ord. Eg har teke med alle grammatikk- og skrivefeil. Enjoy:

«Adagry McLark» står det på biletet. Det er ho som var den første McLark’en her. No bur det ein ny McLark-familie her. Faren, Scotty McLark, stor og sterk, skjegg og bart. Mora, Lady Mary McLark, lita, søt, mørkt hår. Dei to ungane deira heiter Nicolas og Martha McLark. No hadde det slik at Adagry McLark spøkte her i hust. Og kvar gong nokon overnatta på gjesterommet, så var dei vekke om morgonen. Ei natt var det ein ung mann som ville overnatte der. Han gjekk rett forbi alle advarslane.

Han sa at han skulle skriva på skosålene sine kva som skjedde. Då det vart kveld, sat alle i stova, untatt mannen. Han gjekk og la seg. Plutseleg! Der kom Adagry. Rett ut av biletet hennar! Ho gjekk mot døra til gjesteværelset. Plutseleg hørte dei eit skrik. Eit skrik om hjelp? Alle sprang mot døra. Faren slo opp døra og midt på gulvet sto skoa. Faren tok opp skoa og las. «les då!» sa mora. Og Faren las. «nummer 42!»

«Kvar er han blitt av?» spurte Nicolas. «Eg veit ikkje,» sa faren mørkt. «kan hende spøkelset tok han med seg.» «AAHHH, er her besøk?» var det nokon som sa! Der! Der borte ved døra står ho! «Kom, Kom! Kom her, alle saman!» Alle gleid inn i ei transe og bevega seg mot spøkelset. Spøkelset la ei iskald hand etter tur på kvar av dei. Plutseleg blei det kvitt for dei alle saman. Dei berre datt og datt, og då dei traff bakken, vakna dei or transen.

Men kvar er vi no? Spurte Martha. «Det veit eg heller ikkje,» sa faren. «sjå, det er jo berre spøkelse rundt oss! Og der er den mannen som overnatta hos oss óg,» utbraut Nicolas. «Ja,» sa Martha. «eg ser ein ting til óg eg, nemleg at me og er blitt spøkelse. Adagry McLark har drepe oss. Me kom ikkje til Himmelen, men til Helvete.» «Du har rett,» sa nokon. Denne nokon var Adagry McLark.

«Men kvifor gjorde du dette?» spurde Mora. «Fordi det har kvilt ei forbanning over McLark-familien,» sa ho. «kva slag forbanning?» spurde Martha. «Jo, no skal du høyra,» sa spøkelset.

Slutt.

IMG_20150416_095611

Så ditt eige epletre – eller ikkje, whatever.

Her om dagen svevde denne vesle saka rundt i Facebook-straumen min:

Learn How You Can Grow Your Own Apple Trees From Seeds

Om du klikkar på teksten over så kjem du til ei side der det blant anna står: «How would you like to grow your very own apple tree and have fresh apples whenever you want to?»

Jah. Ehem.

DSC_1691

Ikkje akkurat frøformeirte epletre.

 

Jodå, du kan endeleg få deg eit epletre ved å så eit eplefrø. Det er eit par grunnar til kvifor dette er ein god idé, og ganske mange grunnar til at det er ein veldig dårleg ein.

Kvifor det er ein dårleg idé:

1. Du skal ha veldig, veldig god tid. Eit frukttre som er dyrka fram frå eit frø må nemlig gjennom noko som kallast juvenilfasen. Tenk på det som om treet må vera tenåring ei stund. Treet kjem ikkje til å produsera eit einaste eple før det er ferdig med denne fasen. Det kan ta 8-12 år.

2. Du får ikkje same sort som eplet du henta frøet frå. Akkurat på same måte som du ikkje er ein klone av mor di. Far din har nemlig også vore inne i biletet her. Frøa i eit eple er ei tilfeldig blanding av arvemateriale frå mortreet og støvtreet.

3. Eple du kjøper i butikken er ofte hausta litt før det eigentleg er modent. Særleg gjeld det utanlandske eple. Dermed er ikkje frøa modne heller, og då vert spireprosenten temmeleg låg. Sjå etter brune frø, dei er modne. Lyse frø er ikkje.

Kvifor det er ein god idé:

1. Det er slik nye eplesortar vert til. I planteskular og forsøksgardar nedover i Europa vert det heile tida dyrka fram nye sortar. Då sår ein frøa og håpar på det beste, for resultatet ser ein altså ikkje før om ein ti års tid. Dersom du sår eit eplefrø kan det jo faktisk henda at du får ein vellukka sort av det. (Nye sortar kan også koma frå mutasjonar, men det er ei heilt anna historie)

2. Det er jo litt stas å ha sådd sitt eige epletre, då. Sånn for meistringskjensla sin del. Og så kan du jo alltids bruka treet du får som grunnstamme for eit godt, gamaldags epletre av den digre sorten (noko originalartikkelen fortel, om enn i veldig forenkla ordelag).

DSC_1643

Ikkje akkurat frøformeirte eple.

Følg med om nokre dagar, då skal eg blogga så det susar om poding, vegetativ og generativ formeiring, grunnstammar, podekvist, voks, strikk og teip. Peace out.

 

Jorunn og mållaget take Manhattan*

*Neidå. Me var på Utne.

No skal eg skriva eit blogginnlegg om at eg har fått ein pris på grunn av bloggen min. Dette er så meta at eg veit ikkje kor eg skal snu meg.

IMG_20150304_193353

I kveld fekk eg Ullensvang mållag sin målpris! Du milde hendelse! (No prøvde eg å framstå overraska, men eg har visst om det i over ein månad, så SÅ overraska vart eg ikkje i kveld då han las opp namnet mitt) I grunngjevinga vert bloggen og Facebooksida mi framheva, i tillegg til teikneseriane mine. Det står blant anna:

Jorunn Hanto-Haugse brukar ein lett og leikande nynorsk, gjerne med ungdommeleg snert. Ho brukar nynorsk til å formidla fagstoff på eit høgt nivå, men samstundes forståeleg språk.

I tillegg til desse fagre orda, snittar, kake, kaffi og fiolinmusikk (av Edyta Bryk), fekk eg eit digert grafisk bilete, som er sett saman av eit portrett av meg, eit eple og diverse måleri, seriar og illustrasjonar eg har laga. Biletet er laga av kunstnaren Mustafa Al Bayati. Mustafa har altså teikna ting som eg sjølv har teikna først. Det er så meta. Her ser du prisen, pent dandert på bordet på ferja heim att:

DSC_3225

Ja, alt saman er éi teikning

Eg har ikkje stort anna å seie enn tusen hjartleg takk til Ullensvang mållag, til leiar Erlend Trones og til utdelar Johannes Sekse, som sjølv fekk den aller første mållagsprisen i Ullensvang for nøyaktig tjue år sidan. Det er så meta!

IMG_20150304_183034 DSC_3223 DSC_3218

Det var ikkje berre eg som fekk pris – Heidi Nesheim Wagtskjold ved Hauso skule og Anne Marie Haustveit Instebø ved Kinsarvik skule vann prisar for beste nynorskforteljing, plukka frå fjorårets tentamenar. Gratulerer!

 

Så, så

(Beklagar det platte ordspelet. Under par, eg veit. Eg skal skjerpa meg.)

Det sig sakte mot vår, og i år tenkte eg å så frø når det faktisk er på tide, og ikkje tre veker for seint, slik eg pleier. Og så tenkte eg at eg like greit kunne blogga om det, ettersom eg ikkje har spesielt mykje anna å blogge om for tida. Difor drog eg til Voss og kasta ein masse pengar på kassamannen, og her er resultatet:

DSC_3075

Syrommet er mellombels gjort om til drivhus, som var einaste staden som eigna seg. Det er vestvendt, som jo ikkje akkurat er ideelt med tanke på lys, men det er i det minste heile fem vindauger der. På eit tolv kvadratmeter stort rom.

Dei aller fleste frø spirer best ved 18-22 grader (takk, læreboka Plantelære frå Fagbokforlaget), så eg sette ovnen på 20. Eg brukte så- og kaktusjord, som inneheld blant anna sand og kalk. Gode greier.

Som du ser på biletet over handla eg enorme mengdar frø. Eg sorterte dei etter kva som må såast inne før utplanting, kva som skal såast rett på vekseplassen, og etter kva månad dei skal såast i. Rotgrønsaker, har eg lært, må ikkje såast inne på førehand, det gjer at rota ikkje utviklar seg skikkeleg. Så gulrot- og pastinakkfrøa skal eg så ute når den tid kjem. Då skal eg babla om falskt såbed og rot- og frøugras, berre gle deg. Kun to av frøpakkene mine skulle såast no i januar-februar, nemleg desse:

DSC_3076

Desse frøa var ganske små, så eg valde å breiså dei framfor å så eitt og eitt i potte.

DSC_3085 DSC_3087

Lavendelfrøa skulle dekkjast med eit tynt lag jord. Stemorsfrøa, derimot, treng lys for å spira, så dei trykka eg berre forsiktig ned på jordoverflata. Så dusja eg godt med vatn, tredde på to gjennomsiktige plastposar og stakk nokre hol i desse med ei knappenål. Frøa treng nemlig både 100% luftfuktigheit og oksygen for å spire.

DSC_3093 DSC_3096

Så merka eg kva eg hadde sådd kor med to merkepinnar, stakk nokre ekstra pinnar ned i jorda her og der slik at ikkje plasten skulle liggja heilt nedpå jorda, og voilà! Så no er det berre å passa på at jorda ikkje tørkar ut, og venta på at frøa spirer. Og kanskje grava fram eit eller anna bed blomane kan stå i etter kvart.

Og om du lurte, nei, eg er ikkje sponsa av Weibulls. Men det var no det dei hadde på Felleskjøpet.

Later, peeps.

2015, her kjem eg

Godt nyttår!

Jadå, det er 19. januar. Litt seint å ynskja godt nyttår, men skitt au. Eg har eigentleg ingenting å blogga om enno i år, men tenkte eg kunne prata litt om det som kjem. Det vert nok mest om frukt og gard og slikt, så eg får gjera mitt beste for å snika inn litt teikneseriestoff her og der. I alle fall:

Kva skjer på Hjeltnes? Eg går, som de sikkert har fått med deko, på gartnar deltid ved Hjeltnes Gartnarskule i Ulvik. Der samlast me til tre intense dagar per månad, med sjølvstudium heime mellom kvar samling. I år skal me ha eit fag som heiter «prosjekt til fordjuping», og eg har valt temaet poding. Viss du synst sånt er spennande, følg med!

DSC_2868

Ugras

Kva skjer på garden? Det som skal skje no utover våren er at me byrjer med skjering, og så har me (=eg og pappen) bestilt ein haug grunnstammer for å poda nye plomme- og epletre. Kanskje me går heilt kreisi og prøver ut ein NY eplesort. Det er i Hardanger det skjer.

DSC_2756

[set inn poetisk skildring av epletre i vinterskrud her]

Kva skjer med teikneseriane? Eg reknar med å setja i gang med nye Revelandstriper ganske snart. Ellers er det same tralten, Megafon og Norsk Barneblad. Og så har eg ein litt sporadisk dialog med eit lite forlag om kanskje å få til eit album til hausten. Me får sjå.

356_Hvitt og rentKva skjer elles? Tja, om ikkje det eg har nevnt over er nok, så held eg framleis på med Facebooksida til fruktlageret, og så skal eg jobba med ein biletbank, gjera litt illustrasjonsarbeid – og til og med halda eit foredrag. Og så fekk me årskort i Mikkelparken til jul, så eg vert vel å finna der innimellom og. Haha.

DSC_2836

Apropos absolutt ingenting

Medan de ventar spent på første ordentlege blogginnlegg kan de sjå denne kjekke lille videoen om å ta vare på gamle eplesortar. Sjåast!

 

Tis but a scratch

Det var tysdag kveld. Eg var på veg til eit møte i Grendahuset og skulle berre jogga opp i vegen for å sitja på med tanta mi.

Pang, sa det i leggen.

DSC_2314

Dagen etter gjekk halta eg til legen. Det var ein godt vaksen mann med austlandsdialekt som sa ting som «ruptur i høyre mediale triceps», «langt lerret å bleke» og «fire til seks uker». Eg fekk henvisning til fysioterapi, skaffa meg nokre krykker og drog heim for å sitja med foten høgt i eit par dagar. Ruptur i høgre mediale triceps der, altså. Eller som treåringen min likar å kalla det: «vondt i foten».

Etter nokre dagars  kvile fekk eg kjapt time hjå fysioterapeut:

DSC_2344

Der har eg hittil stort sett berre har blitt bestrålt med ultralyd frå denne maskina:

DSC_2335

Og så fekk eg blå teip på leggen som skulle hjelpa mot eit eller anna:

DSC_2336

Eg har teke varme bad for å varma opp muskulaturen slik at eg kan tøya ut leggen, lånt meg ergometersykkel for å kunne trena kontrollert, og tatt på fornuftig bandasje før fysisk aktivitet. Har vore til fysio tre gonger denne veka, og det ser veldig lovande ut. Eg fekk skryt fordi han meinte eg gjekk «nesten normalt». Eg er jammen ein flink pasient.

Og godt er det, for ei dumdristig lita stemme bakerst i hovudet seier «pyttsann, du har vel ikkje skada deg SÅ ille, det er ikkje vondt ein gong! Krykker er for pyser!»

tumblr_m2yxycJtEs1r1zn4oo1_500

Men det irriterande faktum er at eg har rive ein muskel, og det tek 21 dagar å gro, samma søren, så det vert ikkje noko storstilt snekring av kledning på løeveggen eller rotskot-jakt i bratte eplehagar. Eg får vel sitja på kontoret og teikna litt i staden.

Me lyt halda saman

Så brann det nok ein gong, og ein mann er arrestert. Bygda pustar ut og senker skuldrene littegranne. Og brannbilane og politibilane er erstatta av slike bilar:

10724837_315356435314275_1433330411_n

Denne gongen brann det i sauefjøset til ein god nabo, den same familien som var råka av dei to førre brannane i år. Jepp. Sauefjøset. Midt inne blant sauene, i høyet som dei skulle ete. Der brann det, rundt klokka fire på natta. No tok det riktignok ikkje lang tid før brannalarmen gjekk og gardsfolket kom springande til, så ingen sauar vart skadde. Men som eg skreiv sist – slikt gjer ein berre ikkje.

Dei observerte ein person – ein lokal mann – og fekk stansa han, og politiet kom raskt til staden og arresterte han. I dag vart siktinga utvida til å også inkludera dei to forrige brannane. Mannen nektar straffeskuld.

Mange lurar vel på om eg veit kven det er, og om bygdefolket mistenkte denne personen. Eg kan berre seie det slik at det finst vel ikkje eitt einaste scenario me ikkje i plenum har diskutert og analysert opp og i mente over ørten kaffikoppar dei siste dagane. Det var til og med folk eg veit ikkje hadde noko med brannane å gjera som lettare paranoid undra seg om det kunne vera dei sjølve som gjekk i søvne. Me har tråla dei fleste moglegheitene. Og denne moglegheita var ein av dei.

Eg vil berre seie at uansett kva som kjem ut av denne saka så har eg og resten av bygda djup medkjensle for familien til den pågripne. Som min nabo Knut sa til avisa Hordaland etter bråtebrannen i september, «me er ikkje fleire her i bygda enn at me lyt halda saman». Amen.